"Så seier eg Fresvik bedehus retteleg innvigt til sitt bruk. Amen." Det var orda til sokneprest Imenes under vigslinga, søndag 15. oktober 1978. Huset stod ferdig nøyaktig 56 år etter at dei første kronene blei sette inn i Leikanger sparebank.
Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og seinare kjend som Olav den heilage. Etter kvart voks det fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar (Olav-segner),…
Garden Otterhjell i Fresvik har mange gamle bygningar, og på garden er det ei stor samling av gamalt verktøy og gamle reiskapar. Dei gamle tinga er avfotograferte og registrerte.
På Handadalseggi, 1400 m o.h., er der fangstanlegg for rein. Anlegga har store dimensjonar. Her finn ein dyregraver, bogstille, bægje, murar, skremmesteinar, dyrestup og kløfter. Desse og andre anlegg i Fresvikfjella er no registrerte av forskarar, og har vekt stor oppsikt.
I Fresvik står eitt av dei få notanausta som er att i Indre Sogn. Det tilhøyrde Bøtun notlag og var i bruk til 1960-talet. I 2000 var det planar om å restaurera det.
Ved kyrkja i Fresvik står det ein høg bautastein som vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.
I Fresvik har tjørebrenning vore ei viktig attåtnæring, i bygda finst det spor etter ca. 40 tjørehjellar.
Nyhende på førstesida til avisa Sogn og Fjordane, måndag 4. august 1963: «Andreas Tansø gjekk ned då «Fresvik» forliste». Ei tragisk hending, og ein syrgjeleg slutt, for ein mann og eit fartøy. Avisa fortel litt om begge. «Fresvik» var ei kjend skute på Sognefjorden, sameleis eigaren, Andreas…
Bygda Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden like ved inngangen til Aurlandsfjorden. Bygda høyrer no til Vik kommune, men låg tidlegare under Leikanger. Bygda livnærer seg fyrst og fremst av tradisjonelt jordbruk og turisme basert på den vakre naturen, og har ei rik kulturhistorisk arv.
Huldafossen i Fresvik er rekna som ein av dei viktigaste fossefalla innanfor Nærøyfjorden Verdsavområde. Fossen ligg i Huldabotnen, aust for Fresvikbreen.
Sjølv om det var ei massiv vegutbyggjing i etterkrigstida, gjekk det likevel seint å få vegutløysing til alle bygdene i fylket. På 1970-talet var framleis mange bygder utan vegsamband. I Sogn var det særleg sørsida av Sognefjorden som såg minst til vegkronene. Fresvik var eitt av desse veglause…
Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fresvik i Vik kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik…
Den har været Dødens Gjæst / den har seilt paa en Torden / Den er døbt i Rædsler vorden. Det er Henrik Wergeland som byrjar det vidgjetne diktet sitt om Sognefjorden med desse orda. Død og redsle er òg noko av historia til den 20 mil lange fjorden frå Fortun til Sygnefest. I 1911 skjedde ei…
Kring 1660 reiste Mads Torbjørnson Hov frå Fresvik til Voss. Han kom til garden Sæve ved giftarmål med enkja Torbjørg. Mads Sæve var lensmann i åra 1668-1707. I 1921 var det stort slektstemne på Sæve, og det blei avduka ein minnestein over ættefaren og innflyttaren Mads Torbjørnson Sæve.
I 1904 skjedde ei stygg arbeidsulukke i Fresvik. Anna Thorkildsen fekk ei tung grasrodde (ein rund høyball) over seg som kosta henne livet. Ei tid etter vart det sett opp ein stein på ulukkesstaden ssom mange år seinare ramla over ende. I 2001 gjenoppdaga skuleelevar minnesteinen.
Jordalsvegen er gangvegen frå Fresvik til Jordalen, der fresvikjene har fjellstøl. Å komma dit er ein svært lang tur, det går 6-7 timar og avstanden er 3 mil.
I 1914 omkom ein far og sonen hans etter å ha vorte tekne av ei snøskreda ved Klepp i Fresvik, då dei var på veg til støls med materialar.
Tolleiv i Grønlid var ein einebuar og rudningsmann. Han grov grav til seg sjølv på Fresvikåsen. Seinare er det sett opp minnestein over han der.
Mensen Ernst, eller Mons Monsen Øyri (1795-1843), var ein husmannsgut frå Fresvik som har vorte kalla løparkongen og den største langdistanseløparen gjennom alle tider.
Laurdag 5. april 1845 kl. 10.00 på førmiddagen fann den siste halshogginga i midtre Sogn stad, i Fresvik. Det var Ingeborg Olsdotter Grønlien som vart avretta for å ha drepe far sin.
I 2000 er det lite att av det gamle Fresvikgodset. Garden Hauglum ligg der godset var,- garden vert og kalla Sagi sidan der frå gamalt av har vore eit sagbruk.
10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein…
Jens Høgheim (1817-1886) frå Fresvik blir i folkemusikkhistoria oftast nemnd for Jens Fresvik eller «Skrangle-Jens», og ulike kjelder vitnar om at han var ein sentral tradisjonsberar for hardingfelespelet i Sogn. Over 200 år etter han vart fødd, er slåttane han lærde vekk framleis i bruk blant…
Anders Ølmheim frå Sogndal prestegjeld var med i krigen mot Sverige i 1808. I trefninga ved Berby i Østfold 12. september, viste han slikt "Mod og Conduite" at han vart tildelt Dannebrogsordenen. I 1814 gifte han seg til garden Fletene i Fresvik, Leikanger prestegjeld. Han døydde i 1861. I 1946…
Dramatisk oppslag i avisa 1ste Mai, fredag 24. desember 1909, med kjelde «Bergen igaarkveld: «OMKOMMEN KOMMUNELÆGE? (…) Kommunelæge Adolf Heiberg, Leikanger, som igaar [onsdag] i motorbaat reiste til Fresvik paa den anden Side af Fjorden, forlot kl. 12 i nat Fresvik i samme baat, men savnes endnu…