Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Rambervarden



Rambera er nest høgste fjelltoppen i Vik, 1624 m.o.h. Fjellet ligg i austlege delen av Vik, mot Fresvikbreen. Rambervarden er eit vanleg turmål i Vik.

Frå bygging av varde på Rambera i 1896. To personar frå Statens kartverk byggjer. Seinare har det vorte bygd varde der fleire gonger, sist i 1970. Mange trur at Rambervarden er høgaste fjelltoppen i Vik, men ein topp i Nummestolane, ikkje langt frå Rambera, er 16 m høgare. Det vert sagt at på klåre dagar kan ein sjå heilt til Hårteigen på Hardangervidda frå Rambervarden.

Frå bygging av varde på Rambera i 1896. To personar frå Statens kartverk byggjer. Seinare har det vorte bygd varde der fleire gonger, sist i 1970. Mange trur at Rambervarden er høgaste fjelltoppen i Vik, men ein topp i Nummestolane, ikkje langt frå Rambera, er 16 m høgare. Det vert sagt at på klåre dagar kan ein sjå heilt til Hårteigen på Hardangervidda frå Rambervarden.

Eigar: Statens kartverk, Hønefoss.

Datering: 1896.

Fotograf: Ukjend.

Vardebygging

På Rambera vart det i 1859 mura opp ein varde i samband med oppmåling av fjella i Sogn i åra 1859-60. Ein H. Gill var då på Rambera for å gjera målingar. I 1896 vart der bygd ny varde av R. Følsvik, truleg på same staden som den gamle stod. Følsvik har skrive rapport om turen. I 1912 vart det atter bygd ny varde på fjelltoppen. Den gamle vart riven og ny firkanta varde sett opp. Seinare vart det bygd nye vardar i 1923, 1927, 1938, 1969 og sist i 1970.

Trigonometrisk punkt

Eit trigonometrisk punkt er eit fast avmerkt utgangspunkt for triangulering. Rambervarden er eit slikt punkt. Alle karta våre er teikna ut frå slike trigonometriske punkt.

Tilkomst

Skal ein gå til Rambervarden frå Vik, er det vanlegast å gå frå Grønsberg eller Ramberstølen på Seimsfjellet. Frå Grønsberg går ein til Flateng og opp Stuasetbotnen. Det er bilveg opp til Ramberstølen. Turen frå Vik til Rambervarden tek 2-3 timar.
Frå Vangsnes kjem ein til Rambervarden ved å gå til Kalbakk og over Krossfonni. Heilt frå Vangsnes tek turen ca. 2-3 timar.
Frå Feios er raskaste vegen til Nyasetdalen og stølen Dalsete og vidare opp etter Reindalsfjellet. Men ein kan og gå gjennom Åfedtdalen til Vetahaug og Ramberstølen eller via Gullsetdalen fram til Svartavatnet. Det tek omtrent like lang tid som frå Vangsnes og Vik.

Bøker i varden

Det har lege notisbøker på Rambervarden i mange tiår. I bøkene har folk skrive seg inn med namn, dato og somme gonger med helsingar/kommentarar. Bøkene frå 1964 til 1998 er oppbevarte ved Vik Lokalhistoriske Arkiv. I bøkene er der mange namn og mange helsingar. Nokre er trottige turgåarar til Rambervarden, andre har berre vore der ein gong. Det er vikjer, vangsnesingar og feiosar, men og utabygds folk, ofte på tur med bygdafolk.

Rekord i 1996

14. september 1996 arrangerte trimgruppa i idrettslaget og husmorlaget tur til Rambervarden, og så mange personar har det nok aldri vore på varden på ein og same dag. Ein reknar med at ca. 150 personar var på toppen den dagen. Knut Hovland har skrive eit dikt om Rambervarden som vart sunge av eit stort blandakor under ein skyfri himmel i 1996.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: Rambervarden - bygd i 1859. I Sogn Avis,08.09.1996.
Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Notisbøker frå Rambervarden 1964-1998.
Kopiar om vardebygging frå Statens kartverk, Hønefoss.

PERMANENT IDENTIFIKATOR