Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skulehuset på Seljedalen



På Seljedalen i Vik står eit lite skulehus, ei typisk skulestove frå siste halvdel av 1800-talet. Skulen er for lengst lagd ned, og vert nytta som grendahus. Skulestova står i Nummedal med godt utsyn over grenda.

Skulehuset på Seljedalen teikna av Ivar Refsdal 21. juli 1918, ei typisk skulestove frå siste halvpart av 1800-talet.

Skulehuset på Seljedalen teikna av Ivar Refsdal 21. juli 1918, ei typisk skulestove frå siste halvpart av 1800-talet.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-94072.0009.

Datering: 1918.

Fotograf: Teikning: Ivar Refsdal.

Bygt i 1870

Tømmeret til skulehuset vart visstnok hogge i Fresvik. Stil, storleik og innreinad er den same som for skulehuset på Ovrisdalen. Fyrst kjem ein inn i ein liten smal gang, så fører ei dør rett inn i skulestova, og ei anna inn til eit lite kammers med eitt vindauga. Til saman er det fire vindauge i skulestova. Over kammerset er det loft, opphavleg var skulestova ei sperrestove med ljore i taket. Kammerset har så vidt sengelengd, der det var ein liten omn og eit bord ved vindauga. I den fyrste tida budde læraren her. Storleiken på stova er 5.8 x 5.6 m. Huset har ikkje kjellar.

I bruk i 104 år

Skulehuset vart teke i bruk i 1870, og 1974 var siste året det var skule på Seljedalen. Skulen var lenge todelt med to lærarar. Skuleåret 1910/11 var det 37 elevar ved Seljedalen skule. Det vart undervist i 24 skuleveker.
Skulen var todelt, det vil seia to klassar med dei lågaste alderstega i den eine og dei fire høgste i den andre. I fyrste klassen var det 16 elevar, i den andre 21, til saman 37 elevar i skuleåret 1910/11.

Ikkje berre skulehus

Skulestova på Seljedalen har ikkje berre vore nytta som skulehus. Her har folket samlast til møte og lagsarbeid, og til festar og basarar. Den tid det var songkor på Seljedalen, var det i skulestova dei øvde. Når det var juletrefestar, heiste ein juletreet opp i mønet mellom bjelkane. Slik vart det plass nok når ein ikkje skulle gå rundt juletreet. Men trongt var det, og songen var slik at taket kunne letta.

Kjært hus

Skulestova i Nummedal er eit hus folk på Seljedalen er glade i, og mange har gode og kjære minne frå stova. Anten som elevar eller frå dei mange festlege samkomene som har vore i huset. Grendahuset på Seljedalen viser korleis eit skulehus anno 1870 var.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fosse, Ola M: Seljedalen skulehus. I Pridlao, nr. 2, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Hovland, Tor: Skulehusi på Seljedalen og Ovrisdalen. I Pridlao, nr. 2, 1997. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Laberg, Jon og Linde, Olav: Skulen i Vik herad frå 1740 til kring 1900. I Bygdabok for Vik, s. 309-344, bind I. Bergen 1951.

PERMANENT IDENTIFIKATOR