Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kommune

Rå-data

1905 - Leikanger kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Leikanger.

Hanehaug kring 1910. Den store bygningen til venstre er fabrikkbygningen til Sognefjordens Sardine Co., etablert i 1908. Kort tid etter sette dei opp eit stort tilbygg. Dampskipskaia og Jordalsbui ligg like innom sardinfabrikken, og huset imellom er no Åsta Høium sitt hus. Båten på veg ut frå kaien er enten D/S Sogn eller D/S Kommandøren.

Hanehaug kring 1910. Den store bygningen til venstre er fabrikkbygningen til Sognefjordens Sardine Co., etablert i 1908. Kort tid etter sette dei opp eit stort tilbygg. Dampskipskaia og Jordalsbui ligg like innom sardinfabrikken, og huset imellom er no Åsta Høium sitt hus. Båten på veg ut frå kaien er enten D/S Sogn eller D/S Kommandøren.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1910.

Fotograf: Postkort, ukjend.

Leikanger kommune i 1905
Leikanger kommune omfatta i 1905 også kyrkjesokna Feios og Fresvik på sørsida av fjorden. Frønningen høyrde med til Fresvik sokn, likeeins garden Tingastad på Sogndals-halvøya. Eitornbygda høyrde til Balestrand.

I 1900 var folketalet 2 552. Jordbruk var den viktigaste næringa. Kommunen hadde bank (Leikanger Sparebank), hotell på Hermansverk, fire postopneri (Leikanger, Feios, Fresvik og på Frønningen) og rikstelefonstasjon på Leikanger (berre nokre ganske få hadde telefon).
Fylkesbaatane hadde stoppestad på Leikanger, Hermansverk, i Feios og Fresvik. Det var ikkje veg utover til Hella eller innover til Sogndal, heller ikkje mellom Feios og Fresvik.
Den einaste barneheimen i fylket, Sogn Barneheim som heldt til i det same huset som i dag er Leikanger barnehage, hadde 11 born vinteren og våren 1905, og 15 om hausten. Dei fleste var frå Sogn.

".. i spændt Forventning.."
I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein mann i Fresvik skreiv i eit brev til Amerika at folk meir enn ein gong stod "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden."

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga
Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet og bygging av sjukehus i Lærdal.

Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag.
Kommunelegen i Leikanger, R. Mossige, som budde på Husabø, slutta etter mange år. Bygdefolket takka han med ei gåve på 17. mai-festen.
Eit mykje større oppslag fekk Loenulukka natt til 17. januar då eit fælsleg ras ved Lovatnet øydela fleire gardar og tok livet av 61 menneske. Det vart sett i gang innsamling til dei skadelidne i heile landet og halde ofring i kyrkjene.

Nokre nøkkelpersonar
Det var kommuneval i 1904, og bonde Lars M. Husebø vart vald til ordførar. Fredrik Bull-Hansen var sokneprest. Peder Rusten var lensmann (Han var bror til kunstmålaren Olav Rusti, busett i Bergen. Mor deira budde på Leikanger og døydde i 1905.) Lærar Olav Sande frå Kyrkjebø (Høyanger), var radikal venstremann, målmann, sogesamlar, songdiktar og tonekunstnar.

Amtmann (fylkesmann) John J. Utheim budde i Fylkesmannsgarden og hadde kontor der. På Hermansverk budde H.M. Knudsen. Han var ein gründer og bygde opp ei allsidig næringsverksemd, og elles ivrig målmann og skyttar.

Lag og organisasjonar
På Systrond var her i 1905 eitt politisk lag (Venstre) og to ungdomslag, eit kristeleg og eit frilynt. Sistnemnde arrangerte i mars 1905 ein Elias Blix- og Per Sivle-kveld med fleire talar, opplesing, song, skodespel og folkeviseleik på programmet. Leikanger skyttarlag, der H.M. Knudsen var formann, arrangerte i oktober fylkesskyttarstemna på bana si på Hermansverk i august. Elles var her fleire misjonsforeiningar i bygda og søndagsskule.

17. mai 1905
Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Rundt om i heile landet tok talarane føre seg Eidsvoll, grunnlova og nasjonalt sjølvstende i større alvor og med større begeistring enn nokon gong.
På Leikanger samla folketoget seg 17. mai 1905 i Amtmannslunden (Lunden) der amtmann Utheim heldt tale for dagen. Om kvelden var det fest i skulehuset på Nybø.

7. juni 1905
7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11 juni, eller seinare.
I Leikanger las sokneprest Bull-Hansen opp "Kundgjørelse fra Norges Storting til det norske folk" frå preikestolen i Leikanger-kyrkja fyrste pinsedag. Etterpå skreiv han i kyrkjeboka: "Oplæst fra prædikestolen Opraab til det norske folk."

Folkerøystingane - røysterett og valstyre
Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Leikanger valsokn tilsvara dåverande Leikanger kommune. Valstyret var samansett av: lensmann Peder Rusten (formann), Lars M. Husebø, Jørgen N. Njøs, Sjur Høium, A.P. Fosse, Nils Tjøn, Sjur Tvedt og J.Gjesdal.
I begge røystingane var det fire røystestader:
a) på Systrond på Nybø skule, b) i Feios kyrkje, c) i Fresvik kyrkje og d) på Frønningen. Oppteljinga føregjekk samla i Nybø skule på Systrond.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga
Ein person som var til stades under folkerøystinga den 13. august, sende eit stykke til avisaSogningen om hendinga. Han fortel utførleg om den store dagen. Det var regn og ruskever frå morgonen av, men så klårna det opp utover føremiddagen. Klokka åtte kom det eine flagget etter det andre opp, og ein time seinare tok kyrkjeklokkene til å kalla.

Sokneprest Bull-Hansen heldt ei gripande preik og etter preika reiste folket seg og song salma "Gud signe vårt dyre fedreland." Alle "stemde i", skriv innsendaren, og "faa augo var daa turre."
Biskopen i Bjørgvin, Johan Willoch Erichsen, var i Leikanger på bispevisitas. Han tala óg til folket om å gjera si plikt, å røystaja til det som Stortinget hadde gjort den 7. juni. Til slutt kunngjorde presten frå kordøra at alle kvinnene over 25 år hadde høve til å skriva seg på lister i sakristiet. (Sjå meir om dette i neste avsnitt.)

Etter gudstenesta gjekk folket i tog innover til røystestaden Nybø skule der amtmann John Utheim heldt ein kort tale. Han minde særleg om at alle måtte gjera si plikt mot "vaart kjære fedraland", og at ingen måtte "svika", dvs. røysta nei til den unionsoppløysinga som hadde funne stad.

Olav Sande skreiv óg om folkerøystinga, i Gula Tidend 13. august. Han fortel om korleis vallokalet var pynta:
"Ungdomslaget hadde stelt det prydelegt til; ein Lauvport ved Uppgonga til skulehuset, ikring Inngangsdyrri ein Lauvport med Flag, inne i Gangen yver Dyrri til Valstova med glitrande Lauv og Blomar:
Live Noreg!
Inne paa Veggen i Valstova midt fyre Inngangsdyrri:
7de Juni 1905
Ikring um Dyrrir og Vindaugo Lauvflettingar og Smaaflagg: Valbordet dukat med Flag; utigjenom Vindaugom paa kvar Ende av Skulehuset var store Flag. Det er stor Høgtid."

Resultatet i Leikanger valsokn: Av 492 som hadde røysterett, røysta 478 (96%). Alle røysta ja. I nabokommunen Vik var frammøteprosenten 98,4 og i Sogn og Fjordane 88,7.

Privat kvinneunderskriftsaksjon
Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskrifts-innsamlinga vart ordna på ulike måtar. På Leikanger skjedde det i kyrkja, kvinnene fekk høve til å skriva namna sine på utlagde lister i sakristiet. "Kvinnene fór ut i sakristiet, der dei kappast om å koma til," står det i avisstykket. "Det var eit gripande syn å sjå gamle koner - somme med stav - stå og ropa til dei yngre: "Skriv meg! Skriv meg! Skriv meg óg!" På nokre minutt vart det teikna over hundre underskrifter.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk
Reultatet av folkerøtsinga i november for Leikanger valsokn: Av 490 med røysterett, røysta 410. Det gjev ein frammøteprosent på 83,7. Ingen røyster vart forkasta. 229 røysta ja (for kongedømme), 181 røysta nei (for republikk).
Det var etter måten mange republikanarar i Leikanger. Einar Svartefoss har skrive ein artikkel om folkerøystingane i Systrendingen nr. 2/1996 og Knut Skjånes ein artikkel om folkerøystinga i november i nr. 2/2003.

Den nye kongefamilien
Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. Folket på Leikanger sende sitt telegram den 7. desember. Dei skreiv:
"Folket fra Leikanger i Sogn samlet til fest i anledning dagen, sender sine hjerteligste velkomster."
Nokre dagar seinare kom dette svaret frå kongen:
Folket i Leikanger, Sogn, sendes min hustrus og min hjerteligste tak for velkomsthilsenen. Haakon".

"Fest i anledning ... tilendebringelse av frigjørelsesværket"
Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905.
På Leikanger var det folkefest den 7. desember. Festnemnda sende to helsingstelegram til hovudstaden; det eine til Kongen og det andre til regjeringa og Stortinget.
I telegrammet til regjeringa og Stortinget stod det:
"Samlede til fest i anledning den lykkelige tilendebringelse af frigjørelsesværket sender befolkningen i Leikanger i Sogn regjering og storting den hjerteligste takk med ønske om fortsat held og lykke til den ansvarsfulle gjerning. Festkommiteen."

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Leikanger-kalenderen. Fleire år. (Mange bilete frå kring 1905 og bilettekstar.
Avisa Sogns Tidende.
Avisa Sogningen.
Decoraposten. 1905.
Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901.
Runde, Jan-Harald: Jens S.K. Hopstock og Leikanger-telefonen. I Systrendingen.Nr. 2, 1996.
Svartefoss, Einar: Mange republikanarar på Systrond. I Systrendingen. Nr. 2. 1996.
Statsarkivet i Bergen. Biskopen i Bjørgvin. Visitasprotokoll.
Soknepresten i Leikanger: Dagsregister.

PERMANENT IDENTIFIKATOR