Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Biletvevaren Kjerstina Vangsnes



Kjerstina Vangsnes (1867-1915) vart eit kjent namn i kunstnarkretsar her i landet, på slutten av 1800-talet. Som kunstveverske vart ho oppfatta som eit ubrote bindeledd mellom gamle biletvevtradisjonar og den nye nasjonale vevrenessansen.

Teppet "Barnet og engelen" av Kjerstina Vangsnes. Teppet heng i Gaupne kyrkje. Andre kjende teppe av Kjerstina er "Dronning Ragnhilds draum", "De Hellige Tre Konger" og "Lots Hustru".

Teppet "Barnet og engelen" av Kjerstina Vangsnes. Teppet heng i Gaupne kyrkje. Andre kjende teppe av Kjerstina er "Dronning Ragnhilds draum", "De Hellige Tre Konger" og "Lots Hustru".

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1997.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Opplæring

Kjerstina Vangsnes vart fødd i 1867 på garden Hauglum i Fresvik. Berre fem år gamal fekk ho lære seg å veve av mora Ragnhild, slik ein hadde vove gjennom generasjonar på Hauglumgarden. Då Kjerstina var 12 år gamal, vart ho inspirert til å prøve seg på biletvev for første gong.

Oppdaga av Peter Blix

I 1887, då Kjerstina var 20 år gamal, vart ho "oppdaga" av den kjende arkitekten og ingeniøren Peter Blix. Han hadde kjøpt Hove steinkyrkje i Vik og heldt på å restaurere denne. I kyrkja hang eit slitt og mest øydelagt biletvevteppe med motiv av dei heilage tre kongar. Blix ønskte ein kopi av dette teppet. Då han fekk høyre om Kjerstina som sat inne i Fresvik og vov, teikna han mønstra av og fekk ho til å veve etter teikninga.

Møte med Randi Blehr

Året etter vart mor til Kjerstina merksam på ein artikkel i Sogns Tidende, frå Norsk Husflids Venner. Der vart det oppfordra til å ta opp att den gamle vevkunsten, som mest var utdøydd her i landet. Ragnhild Hauglum sende straks eit brev til husflidsentusiasten Randi Blehr i Lærdal , der ho skreiv at dottera hennar var svært god i "gamaldags vævning". Randi Blehr reiste til Fresvik og vart overtydd om at ho her hadde føre seg den gamle nasjonale vevtradisjonen med vevstol, mønstre og vevteknikkar ein trudde var ute av bruk.

Vevkurs i Lærdal

I 1889 vart Kjerstina overtala til å halde eit tre månaders vevkurs i Lærdal. Blant dei 47 deltakarane var Frida Hansen. Ho vart seinare kjend som den fremste biletveverska her i landet, og internasjonalt som ein betydeleg jugend-kunstnar.

Produksjon

Kjerstina gifta seg med skipsførar Johannes Nilsen Vangsnes frå Vangsnes og dei fekk 7 barn. Sjølv om ho og hadde ansvar for hus og gard var vevproduksjonen stor. Ho var ivrig til å stille ut arbeida sine på dei mange utstillingane som vart arrangert i dei første tiåra av 1900-talet, og oppnådde ei rekkje premiar. Mange av arbeida selde ho til turistar og prominente personar, som m. a Keisar Wilhelm II. I Sogn finst forutan det tidlegare omtala teppet i Hove steinkyrkje, eit teppe kalla Barnet og engelen i Gaupne kyrkje og elles ein del arbeid i heimen hennar i Byggjartun i Fresvik. Det siste arbeidet ho heldt på med då ho døydde i 1915, berre 48 år gamal, står i vevstolen som De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum fekk overta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Solberg, Aud Ross: Vevkunst på oppstadvev. Veversker og vevnader frå Sogn gjennom 500 år. I Årbok for Sogn. Historielaget for Sogn. Sogndal 1997.
Vik lokalhistoriske arkiv:
Diverse notatar, utklipp og kopiar frå aviser og tidsskrift.
Kjerstina Vangsnes 1867-1915 - frå Fresvik. I Pridlao, nr.2, 1992. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Vangsnes, Nils J.: Landskjend biletvevar frå Fresvik. I Pridlao, nr 3, 1999. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Schou, Alfred: Kjerstina Vangsnes. I Husmoderen - Hjemmenes Blad, 24. mars 1916.
Thue, Anniken: Frida Hansen - en europeer i norsk tekstilkunst. Vestlandske kunstindustrimuseum. Årbok 1963-1968.

PERMANENT IDENTIFIKATOR