Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Torvhus i Turtagrø-området



På fjellstølane i Turtagrø-området brukte dei torv som brensel når dei ysta. Fleire stader blei det sett opp eigne bygningar til turking og lagring. Etter at stølinga tok slutt på 1950-talet, kom torvhusa i forfall og ramla saman. Nokre eldsjeler såg dette og tykte det var for gale. Dei gjekk i gang med restaureringsarbeid.

Tre karar på synfaring i samband med å ta vare på dei gamle torvhusa på stølen Ringane ved Turtagrø, Oddmund Klakegg (naturforvaltaren i Luster kommune), Sverre Bolstad og Sverre Yttri. Her sit dei attmed eit torvhus av "nyare" dato.

Tre karar på synfaring i samband med å ta vare på dei gamle torvhusa på stølen Ringane ved Turtagrø, Oddmund Klakegg (naturforvaltaren i Luster kommune), Sverre Bolstad og Sverre Yttri. Her sit dei attmed eit torvhus av "nyare" dato.

Eigar: Kjartan Kvien.

Datering: 26.05.1900.

Fotograf: Kjartan Kvien.

Torvhus og torvbruk på stølane ved Turtagrø

Det er påvist 7-8 torvhus på stølane ved Turtagrø. Ingen veit noko om kva tid dei blei oppsette, men eitt av dei verkar yngre enn dei andre. Eldre folk hugsar einast at dei var i bruk. Dei la torva på tversgåande stokkar med jamne mellomrom. Dei tre husa som no er ferdig restaurerte, står på stølane Turtagrø (ca 820 m o.h.) og Ringane (ca 860 m o.h.).

På stølane som hadde særskilde torvhus, tok dei opp torva om hausten og la ho på plass til turking og lagring. Då var ho klar til bruk neste sommar. Torvstykka var på storleik med ein teglstein, ca 25 x 10 x 7 cm. Men på stølane til gardane i Mørkrisdalen og Dalsdalen som ikkje hadde eigne turkehus, var det omvendt. Der skar dei torva om våren og turka ho ute til bruk same sommaren, og dei skar tynnare stykke, ca 3-5 cm, men noko breiare.
Med rikeleg tilgang på god brenntorv trongst det lite ved. Men ein måtte alltid ha ved til å kveikja opp med og få god fyr før ein la innpå torv.

Torvbruk på stølen Fast

Sverre Bolstad, fødd 1930, Skjolden, var med og skar torv på stølen Fast frå han var gutunge og langt opp i vaksen alder. Denne stølen ligg ved Åsetevatnet, opp frå Mørkrisdalen. På Fast skar dei torv og sette til turking i byrjinga av juni, om lag tre veker før buføringa. Når torva var turr, vart ho dels lagra ved selet, dels i skotet. På denne måten var torva lett å få fatt i når det skulle fyrast.
Torvonna var omlag 15-20 dagsverk. Tre mann og ein eller fleire store gutar greidde arbeidet på 4-5 dagar.
Det vart alltid lagra noko torv over vinteren til bruk ved vinterbesøk på stølen og i torvonna om våren.

Torvbruk andre stader

På andre stølar der det var vanskeleg å få fatt i ved, men gode torvmyrar i nærleiken, tok dei og til å nytta torv som brensel. Såleis brukte dei torv på Tvangen i Hafslo, Geisdalen i Jostedal og på Fresvik-Jordalstølen i Vik. Her og tok dei opp torva om våren, skar i høvelege stykke og sette utover til turk på snauberg og turre rabbar. I godt ver med sol og vind tok det ikkje lang tid før torva var brukande. Ubrukt torv vart om hausten boren i hus til bruk året etter. Ein kjenner ikkje til serlege torvhus på stølane utanom dei i Turtagrø-området.

Meierimeister Grude om stølsdrift på Vestlandet

Mange har opp gjennom åra arbeidd med soga om stølsdrifta. Det mest kjende arbeidet er lokalhistorikaren Reinton sitt verk på grunnlag av omfattande spørjelister på 1930-talet. Eit anna, og mykje eldre arbeid, er meierimeister J. Grude si bok Stølsdriften på Vestlandet som kom ut i Stavanger 1891. Denne boka byggjer på innsamla grunnlagsmateriale, dels gjennom reiser, dels gjennom spørsmål til lensmennene. Her står m.a. om stølsstaden, om bygningar, utstyr, transport, tilverking av smør og ost, omsetning, og brænde.

Grude om torvbruk

Grude skriv også noko om bruk av torv på stølane. - Bruk av torv er av ny dato, seier han, eit brenne ein har gripe til i de senere år, etter at ein har sluppe opp for ved. Han nemner særskilt Lysterstølerne som døme, og opplyser at dei der skjer torva om våren og legg ho utover til tørking. Om hausten syter dei for få å få ubrukt torv under Tag, som oftest i Fjøset.

Sjeldne stølsbygningar

I kapitlet om bygningane nemner Grude også andre stølsbygningar enn selet. Dei var få, einast svært enkle, frittståande fjøs somme stader. Han nemner ikkje eigne turkehus for torv. Dette skulle tyda på at torvhusa ved Turtagrø, er sjeldne stølsbygningar, og såleis av stor kulturhistorisk verdi.

Stor dugnadsinnsats

Restaureringa av torvhusa ved Turtagrø er eit svært interessant døme på kulturvern i praksis. Nokre privatpersonar såg den kulturhistoriske verdien i eit par skarve torvhus og sette seg i sving med å få sikra dei mot forfall. Mange einskildpersonar melde seg på og tok eit tak. To samskipnader kom med; Luster Sogelag og Fortun Grunneigarlag. Naturforvaltaren i Luster kommune var svært positiv etter at han fekk kjennskap til saka. Det kommunale kulturvernet har og vore medverkande.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Grude, J: Stølsliv på Vestlandet. Stavanger 1891.
Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.
Informasjon frå:
Kjartan Kvien, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR