Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. februar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Klokkargarden - kyrkjelydshuset i Leikanger



Kyrkjelydshuset Klokkargarden i Leikanger står ved riksvegen rett opp frå kyrkja. Huset vart opphavleg bygd som kombinert bustad og skulehus. Då det på 1980-talet vart ståande tomt, meinte somme at ein her kunne få eit godt og tenleg kyrkjelydshus. Andre ville riva, og heller byggja nytt.

Ei teikning Klaus Fottland laga av kyrkjelydshuset Klokkargarden då den gamle klokkarbustaden var under ombygging.

Ei teikning Klaus Fottland laga av kyrkjelydshuset Klokkargarden då den gamle klokkarbustaden var under ombygging.

Datering: 1986.

Fotograf: Teiknar: Klaus Fottland.

Klokkargarden

Dei som ynskte å rusta opp den gamle klokkarbustaden, trekte det lengste strået. Huset fekk namnet Klokkargarden, men har ofte seinare berre vorte nemnt som Kyrkjelydshuset. Det har eit stort samlingsrom og peisestove i fyrste høgda og eit mindre aktivitetsrom på loftet. På baksida eller oppsida er eit tilbygg med inngangsparti, toalett, kjøkken og eit lite møterom. Dei tre samlingsromma nede kan slåast saman og brukast under eitt.

Klokkargarden er mykje brukt, av kyrkja og soknerådet, ymse lag og organisasjonar og til samkomer av meir privat karakter, t.d. konfirmasjonslag.

Frå 1800-talet

Namnet Klokkargarden ber bod om at huset er gammalt. Kring 1872 vart det gjort opptak til å byggja nytt skulehus med lærarbustad på klokkargarden Halland, og godseigarbustaden på Hauglum og Fresvik etter godseigar Hille, vart kjøpt til flytting for 650 spesidalar. Huset stod ferdig til bruk kort tid etter.

Den fyrste branntaksten

Det nye skulehuset med klokkarbustad vart taksert og branntrygda straks det var ferdig. Taktsforretninga, datert 28. desember 1874 gjev mange opplysningar om bygningen; om storleik, byggjematerialer, innreiing og inventar. Det er 25 alner (15,5 m) langt, 13 alner (8 m) breitt, er oppført av tømmer, har su- og teglsteinstak, står på grunnmur med kjellar, er bordkledd og oljemåla. Ei steintrapp (frå nedsida) leier opp til inngangen.

I klasserommet (skulestova) er kateter, 12 skulebord med 12 benker, to bokhyller og ein 9-etasjes kakkelomn. Rommet har fire dobbel-fag vindauga. I fyrste høgda er det elles bustadrom og på loftet to rom (salar) i kvar ende av huset.

Ombygging

Kyrkjelydshuset Klokkargarden vart brukt som skule og klokkarbustad til kring 1900, seinare berre som bustad fram til om lag 1980. Deretter hadde lensmannen kontor i huset nokre år og skulesjefen, og så overtok ei nemnd frå soknerådet. I 1986 var arbeidet med å omskapa huset til eit samlande kyrkjelydshus. Arkiteket Vidar Åm hadda laga ombyggingsplan, og heile prosjektet vart finansiert ved gåver og lån. Elles var det heile vegen ein ikkje reint liten dugnadsinnsats.

Vakker mur

Grunnmuren var dekka med eit tjukt lag murpuss og det var meininga å leggja på eit nytt lag. Ein murar frå Sogndal skulle stå føre arbeidet, men då han ikkje dukka opp, og det drog ut med ein frå Leikanger, fekk Olav Åm klarering for å ta fatt. Han la ikkje på meir puss, men tok derimot på det møysommelege arbeidet å fjerna det gamle laget slik at steinane kom fram i dagen. Han meisla av den gamle pussen, vaska og dytta sementblanding inn i glipene mellom steinane. På framsida, der trappa i si tid hadde vore, skilde ein stor stein seg ut frå dei andre i fargen. Denne steinen prøvde Åm å kamuflera for å få han til å gå meir i eitt med muren elles.

På vestsida voks det svær, tett eføy som jamvel kom ut inne i huset òg. Grunnmuren er murt opp dobbel med mold rommet mellom, og eføyen hadde røta seg og utvikla nokre voldsamme røter inne i muren. Det var såleis ikkje noko enkel oppgåve å få has på denne mykje livskraftige - men etter kvart skadelege eføyen. Kvar sommar seinare har Åm stogga opp ved muren og knipe av spirer som har kome ut or muren.

Ei nærepå-ulukke

Det var nære på at ein mann kunne ha vorte drepen under ombyggingsarbeidet. Under det søraustre hjørnet vart det grave ut eit stort hòl i samband med røyrleggjing. Røyrleggjaren, Kåre Fretheim, arbeidde i hòla. Han var oppe i eit heilt tilfeldig ærend då hjørna på muren ramla ned. Fretheim fortel at det var berre sekund om å gjera.

Kamuflerte lecablokker

Den nedramla muren vart erstatta med lecablokker. Dette tykte ikkje Olav Åm tok seg godt ut, og tok fatt på å kamuflera med flate steinar festa på baksida med sement iblanda lim og stiftar. Arbeidet til Åm er så vellukka at ingen kan koma på når dei ser det søraustre hjørnet at det er lecamur her. Men ser ein nøye etter, legg ein merke til at hjørnet har sige aldri så lite. Det er det einaste synlege sporet etter hòla dei grov her under ombygginga.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 04.06.1986.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje frå mellomalderen til i dag. Leikanger 1999.
Opplysningar frå Olav Åm, Leikanger.
Statsarkivet i Bergen:
Norges brannkasse, branntakstprotokoll.

PERMANENT IDENTIFIKATOR