Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 18. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Klaus Sande



Spelemann og kulturpersonlegdom (1888-1963) frå Nessane i Balestrand.

 

Klaus Sande var fødd den 26. juni 1888 på garden Sande ved Ortnevik, Kyrkjebø (no Høyanger). Far var Lars Øysteinson Sande (1854-1929) og mor var Marta Klausdotter Sande f. Nesse (1860-1928), og ungeflokken deira talde 7 born. I 1902, då Klaus var 14 år, flytte familien Sande til Nessane i Vik (no Balestrand), der Lars hadde kjøpt gardsbruket etter bror til kona Marta. Klaus heldt fram med å bu på Nessane heile sitt liv, og i vaksen alder dreiv han bruket i lag med tre av søskena: Eivind, Øystein og Anna. Dei dreiv tradisjonelt jordbruk med husdyrhald, og i tillegg dyrka dei frukt.

Klaus kom frå ei slekt der musikken og songen var høgt verdsett, både på mors- og farssida hadde der vore spelemenn og songarar. Far til Klaus, Lars Sande, var ein kjend spelemann, og Klaus fekk lære dei første tonane på fela av han. I heimen på Nessane sytte Klaus for musikk kvar einaste dag. Han sat i stova eller på kammerset og spelte for den som ville høyre, og kom det gjester var han ikkje sein om å finne fram fela. På kammerset sat han også mykje og ordna på dei mange felene sine, der nokre også var sjølvlaga. Klaus var både spelemann og kulturpersonlegdom. Og i nærmiljøet var han kjend for sin svært så slåande og kjappe replikk, og sine gode historier. Klaus gjekk bort 29. desember 1963.

Spelemann og kulturpersonlegdom

Klaus var ikkje berre spelemann, men også ein kulturpersonlegdom i sitt nærmiljø. Ofte spelte han i bryllaup, og somme tider var han også kjøkemeister der. Han likte å syngje og deklamere dikt, spesielt etter farbroren Olav Sande (1850-1927), diktar og innsamlar av vokal folkemusikk. Og han skapte stor underhaldning med sine gode historier.

Ei tid reiste Klaus rundt og heldt konsertar, særleg i Sogn. Der vitja han mellom anna Luster, Øvre Årdal, Jostedal, Sogndal, Kyrkjebø, og Høyanger. Etter ein konsert stod det å lese i avisa: ”Ein hugnadsam kveld hadde me på Kyrkjebø. Felespelaren Sande er no ein av Sogns beste spelemenn, ja kann eg trygt segja den beste. Det var reint ein hugnad å få høyra det kvikke og reine spelet hans – og den fine teknik han hadde var sjeldsyn”. Fulle hus og gode konsertkritikkar viser at Klaus var ein godt omtykt spelemann og underhaldar.

Klaus samarbeidde også med andre musikarar og dansarar på konsertferdene sine. På turnéen i Sogn hadde han med seg hallingdansaren Jakob M. Botnen (1890-1982) frå Kvam. Klaus heldt også ein del konsertar saman med hardingfelespelaren Halvor Braathen (ca.1890-1950) frå Jondalen. Klaus var fleire gongar i Bergen der han spelte for dei ulike bygdelaga, og av Sognelaget fekk Klaus pokal og heiderstittel som ”beste spelemann på hardingfele frå Sogn”. I Bergen møtte Klaus spelemenn som Jon Rosenlid (1891-1974) frå Fjelli, Stryn, og Lorentz Hop (1887-1954) frå Fana, Bergen.

Fleire læremeistrar

Klaus sin viktigaste læremeister var faren Lars, og dei fleste slåttane fekk han denne vegen. Lars var ein god spelemann, og han hadde lært spel av mange ulike spelemenn. Jens Høgheim (1817-1886), ”Skrangle-Jens" eller ”Byggjar-Jens”, storspelar frå Fresvik, Leikanger (no Vik), som hadde lært spel i både i Hallingdal og Valdres, var ei viktig kjelde for Lars.

Men blant læremeistrane finn ein også meir lokale namn som t.d. Anders Sagen (1829-1922) frå Vik (no Balestrand), Sjur H. Berge (1848-1931), Anders M. Dyrdal (1816-1894), begge frå Kyrkjebø (no Høyanger).

Ved sida av faren var det vossingen Ola Mosafinn (1828-1912) som kom til å få mest å seie for spelet til Klaus. Då han avtente militærtenesta si på Voss kom han truleg i kontakt med Mosafinn, og ved seinare høve var han heime hjå Mosafinn på Bulken og lærde spel ei tid. Klaus lærde også noko spel av Arne Bjørndal (1882-1965) frå Hosanger/Bergen og bytte slåttar med Olaf Sperle (1900-1971) frå Jostedal.

Slåttane og spelet

På repertoaret til Klaus er både bygdedans- og runddansmusikken representert. Blant dei innspelte slåttane er det springarane som tel flest, men ein finn også dei todelte slåttetypane i form av halling/laus, rull, gangar og brureslått. Av runddansslåttar finn ein vals og reinlender. Størsteparten av dei innspelte slåttane går på vanleg stille (a-d-a-e), men det førekjem også nokre få på låg bass (g-d-a-e). Ein av dei innspelte slåttane går på eit svært uvanleg felestille, c-e-a-e, og ein kjenner berre til to slåttar på dette stillet. Den eine er "Tåran i troppene", komponert av Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø/Seljord, og den andre er "Gygri frå Trollebotn" spelt av Klaus.

Slåttane og spelet etter Klaus representerer eit interessant vegskilje der ei gamal spelemannsarv frå Sogn møter eit meir moderne spel i samtida. Klaus utfordrar på mange måtar det gamle sognespelet idet han frigjer seg frå ei relativt enkel og klår slåtteoppbyggjing. Dette gjer han ved å improvisere over eksisterande slåttetema i tillegg til å byggje ut og setje saman slåttar. Med ein utprega sans for dei små detaljane, tilfører Klaus noko personleg og annleis, sjølv til dei slåttane som i dag høyrer til eit slags standardisert fellesrepertoar. Mykje av slåttematerialet Klaus har etter Mosafinn, er prega av eit noko lyrisk einstrengsspel, og ei litt ”mild” form for vibrato ser ut til å vere ein naturleg del av toneidealet til Klaus.

På dei tradisjonelle sogneslåttane han har etter faren, spelar han stort sett tostrengsspel, og med eit nokså røft uttrykk. Melodilinja Klaus utformar er rikeleg utsmykka med ornamentikk i form av ulike trillar og føreslag. Klaus sin måte å bruke ornamentikken på viser tydeleg at han har blitt inspirert av spel frå andre landsluter, kanskje særleg frå Voss. Det varierte repertoaret til Klaus viser at han på mange måtar må ha kjent ein slags fridom til å velje den musikken han likte best. Han meistrar både den faste dansetakta i dei karakteristiske sogneslåttane og den meir frie, lyriske måten å spele på i slåttane han har fått andre stadar frå.

Innspelingar

Ein kjenner til at det er gjort 64 opptak der Klaus spelar. Alle opptaka var gjort då Klaus var godt opp i åra, men det er likevel ein rimeleg sprek spelemann ein får høyre. Arne Bjørndal (1882-1965) står bak dei fleste opptaka, og i 1961 gjorde han innspelingar av 34 slåttar spelt av ein 74 år gamal Klaus. Det var ikkje første gong Bjørndal hadde med Sande-musikken å gjere. Allereie i 1916 var han på vitjing i Sogn og gjorde då notenedteikningar av 14 slåttar etter far til Klaus, Lars Sande.

Ein slektning av Klaus, Oddvar Eikelund (1926-2001), gjorde opptak av 24 slåttar i ca.1960. Elles fins det også nokre små opptaksseriar i privat eige hjå ulike personar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

TA8CD Klaus Sande | Hardingfelespel

PERMANENT IDENTIFIKATOR