Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Feios bedehus



"Altfor mange bedehus står tomme på Vestlandet." Det var biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæter som sa frå om dette i nyttårsforedraget sitt 2007. Truleg hadde biskopen minkande frammøte i tankane. Dette stykket handlar om eitt av bedehusa i Bjørgvin-biskopen sitt tilsynsområde: Feios bedehus.

Feios bedehus, 2008

Feios bedehus, 2008

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Stor dag

Den 15. juni 1941 hadde Sogn Indremisjon sitt blad Sognevarden eit stykke med overskrifta "Frå Feios". Signaturen O.S. Fedje fortalde at dei hadde fått bedehus i bygda og at det skulle vigslast søndag, 6. juli. Han trudde bedehuset var bygt på ein høveleg stad, "den mest sentrale staden" i bygda, siterte han etter indremisjonsmannen lenger ute i fjorden, indremisjonsmannen, Per Hovland. Dessutan skreiv Fedje at det var ei stor gleda at dei no hadde fått bedehus i bygde "til fritt og uhindra å samlast om Guds ord."

Storesal og Vetlesal

Bedehuset i Feios ligg på garden Berdal og føyer seg inn i det tette tunmiljøet der. Huset består av to deler, det opphavlege huset med valma tak og eit seinare påbygg på oppsida. Den opphavlege delen er 12 meter lang og 7 meter brei, påbygget er 3 meter breitt og er i full lengd. Huset er bygd med storesal, vetlesal og kjøken. Storesalen kan kombinerast med Vetlesalen. Påbygget er har eitt samlingsrom, gang og toalett.

Utstyr og utsmykking

Romma er ustyrde og utsmykka for føremålet O.S. Fedje skreiv om, "å samlast om Guds ord." Talarstolen - som kan flyttast på - står mellom vindauga på øvre endeveggen der det heng eit brodert bilete med motivet Jesus innstiftar nattverden. På eine sida av talarstolplassen heng eit broderi med bibelordet "Den som tror på Sønnen, har evig liv. Joh. 3-36".

På andre sida er der eit Jesus-bilete og eit broderi med lys og open bibel. I hjørnet her står eit harmonium (orgel) av merket Mason og Hamlin med Melodiboken til bruk for organisten og Sangboken til bruk for allsongen. Over orgelet heng eit bilete med krossen, bibelsymbol og ordet "FULLBRAGT". Elles finn me i huset andre utsmykkings-stykke fleire stader, og ein bibel gjeven frå Feios søndagsskule i 1989.

Byrja i 1930

Mange bedehus stod ferdige lenge etter at tanken om å byggja dei kom opp. I Fresvik sette dei såleis dei første kronene til bedehus inn på konto i Leikanger sparebank i 1922, men først 58 seinare stod bedehuset ferdig. I Feios gjekk det òg mange år frå dei tok opp arbeidet med å reisa bedehus til dei kunne ta det i bruk, men mykje kortare tid enn i Fresvik; berre 11 år. Årsaka til lang førebuingsprosess kunne nok vera samansett og litt ulik frå stad til stad. I Feios ser det ut til at lokaliseringsstrid var den store hemskoen.

Feiosingane tok fatt på arbeidet med å byggja bedehus i 1930. Den 16. januar vart det skipa til ope møte i stova hjå Jøa Berdal for å drøfta spørsmålet "um ein skulde taka up arbeid for eit Bedehus". Det vart "møtelyden" samde om å gjera. Dei kom òg fram til at "ein stad mellom Berdal og Gullak Brekke" peika seg ut som den beste plassen. Elles vart det skipa ei "forening" til å stå for arbeidet. Tre kvinner og fem menn "melde seg:" Gjertrud Berdal, Brita K. Åfedt, Kristi Åfedt, Bernhard Hove, Per Helland, B. Austbø, Sjur Tveit og Anders A. Aafedt.

Møtebok - historisk kjelde

Bedehusforeininga skaffa seg ei innbunden skrivebok (ein protokoll) der det på permen står "Møtebok for Bedehusarbeidet" og på første sida er innført referat frå møtet hjå Jøa Berdal. Denne bedehusprotokollen, som seinare vart brukt som møtebok for bedehuset, er no (2008) den viktigaste kjelda til kunnskap om korleis det gjekk med "Bedehusarbeidet", om byggjearbeidet og bygningsmessige tiltak seinare. Dessutan "fortel" møteboka noko om inventaret og litt om arbeidet i Feios bedehus opp gjennom åra.

Bedehusforeininga i arbeid

Bedehusforeininga tok straks fatt på oppgåva. Den 26. januar 1930 vart det valt styre: G. Bjordal, B. Austbø, B. Hove, P. Helland, G. Stenjerde og Kristi Åfedt. B.A. Hove vart valt til formann. Dette første styremøtet vedtok at det skulle haldast fast basardag for arbeidet kvart år år den 25. mars.

Foreininga fekk frå fyrst av namnet "Dalens bedehusforening" og det vart sett opp "lover". Paragraf 1 fastset at vilkåret for å teikna medlemsskap var å stå på "den evangelisk lutherske trues vedkjenning". Paragraf 3 seier noko om føremålet. Det viktigaste momentet er: Å få reist eit bedehus i Berdal.

Stogga opp

Men så ser det ut til at arbeidet stogga med dette. Først i 1935 finn me den neste innførsla i møteboka, referat frå eit møte i "bedehusstyre" hjå P. Helland den 24. februar. Dei vil nå "taka upat" grunnspørsmålet, få bedehusforeininga i arbeid og halda basar "den 26. mars". Styremøtet drøfta elles spørsmålet om å få til ei fast "haustinnsamling" til inntekt for arbeidet, å samla inn gåver i form av naturalia, "poteter eller andre varer" som styret så skulle påta seg å omsetja "til beste pris." Dagen etter slutta eit møte i Bedehus-foreininga seg til bedehusstyret sine vedtak.

På eine eller andre sida av dalen?

Dei første referata ber både direkte og indirekte bod om at det ikkje var semje mellom vestsida og austsida av dalen, og at dette må vera hovudårsaka til at arbeidet hadde blitt liggjande i daudvatn. Sak 2 på bedehusstyret sitt møte 24. februar 1935 har denne ordlyden: "Um å taka upat grunnspursmålet med folki på den andre sida (understreking her). Eit allmannamøte hjå Ola J. Tveit (på "den andre sida", austsida) 5. mars opna med andakt før dei tok fatt på den nok ikkje så heilt enkle saka "å få samarbeid i stand millom sidorne om eit felles bedehus for dalen". Og det ser ikkje ut til at møtet kom fram til ein lukkeleg slutt, snarare tvert om: "Dei fleste si meining var at dei [på "den andre sida" ?] for tidi ikkje vilde samarbeida um eit Bedehus for dalen."

Framdrift frå 1939

Med dette vart bedehusarbeidet ståande i stampe. Referatet frå bedehusstyret sitt møte 18. mars 1938 talar for seg: Møtet vart opna med "Gudsord og bøn" og det vart fastsett å halda bedehusbasar, laurdag 26. mars. Ikkje eit einaste ord om å koma i gang med å byggja!

Men frå hausten same året (1938) byrja det å skje ting. Gjertrud Stenjerde skal nå gå rundt med innsamlingslister og Birger Austbø skal laga kostnadsoverslag. På styremøte i desember 1939 "vart det tala um det kanskje gjekk an å tenkja på byggjing (...) til våren 1940". Og i januar 1940 høyrer me om utkast teikning og kostnadsoverslag. Det skal kallast saman til allmannamøte, og styret vil telja til å gå i gang med å byggja.

Møteboka har ingen innførsler mellom februar 1940 og april 1941, men i motsetnad til lange, opne rom utan innførsler på 1930-talet, har det denne gongen skjedd mykje. I april 1941 er bedehuset under oppføring og tre månader seinare vart det halde vigsling.

Lover

Den 20. april 1941 vedtok dei lover for Feios bedehus. Av paragraf 1 går det fram at bedehuset då hadde namnet "Dalens bedehus". Den same paragrafen fastset eit grunnkrav til all bruk av huset: " ... i samsvar med Guds ord og den evangelisk-lutherske truvedkjenning."

Men lovene gjev òg rom for annan bruk enn "arbeid i Guds rike" (paragraf 2). Etter paragraf 3 kan huset også brukast til "andre gode ålmen-nyttige gjeremål, når det ikkje kjem i strid med Guds ord og sann kristeleg moral."

Vigsle

"Ei stor gleda", skreiv O.S. Fedje i Sognevarden, 15. juni 1941, "at me no har fått bedehus i bygda." Han ynskte alle hjarteleg velkomne til vigsla søndag, 6. juli. Elles får me i den vesle notisen eit vink om krig og knappe tider. Det let seg ikkje gjera å servera folk med kaffi og mat slik ein gjerne ynskte: "Grunna dei vanskelege tilhøve som no er, må tilreisande ogso ta mat med seg."

Tilbygg

På slutten av 1960-talet kom spørsmålet opp om å rusta opp bedehuset, å få det i ein meir tidsmessig stand. Arbeidet kom i gang våren 1970 med Bernhard Hove som byggjeleiar. Folk støtta opp på fleire måtar. Somme gav tømmer. Magnar Tjønn skar tømmeret og køyrde materialen på plass. Mange tok eit tak som dugnadsarbeid. Det "nye" bedehuset stod ferdig til jul 1970.

Spreidde ting seinare

Me skal no "bla" litt i møteboka og ta med nokre spreidde ting om tiltak av ymse slag opp gjennom åra.
1941: "Um ein skulle våga å gå til kjøp av Orgel".
1945: skal prøva å få fatt i takrenner.
1947: vedtak om å kjøpa av lamper petroleumslykt ("det drygjer med elektrisk lys"), aluminiumsspann,oppvaskbalje, og "ryggstolar" til storsalen.
1949: spørsmål om å kjøpa orgel.
1951: om innkjøp av ryggstolar, innkjøp av sag og øks.
1954: ny orgelkrakk, nytt bokbrett på talarstolen, kjøp av aksje i Fresvik og Feios kraftlag.
1956: innkjøp av melodibok, nye omnar.
1956: elekstrisk kokeplate og panelomn, rullegardiner, jernplater under omnane.
1967: elektrisk oppvarming, veg, bislag.
1973: innkjøpt 50 stolar med matbrett, kosta ved minnegåve etter Eirik N. Helleland.
1983: innlagt vatn, to toalett, oppvakskdisk på kjøkkenet med varmtvasstank.
1993: Mokka Master, gåve frå helselaget, 5000 kroner frå Husmorlaget til oppvaskmaskin.
2006: Kari Samland gav areal til større plass, parkeringsplass.

Verksemd

Møteboka seier etter måten lite om livet på bedehuset, "arbeidet for Guds rike". Denne sida av "bedehusarbeidet" såg dei vel på som noko det ikkje var om å gjera å laga noteringar på. Me finn nemnt basar, andakt, bøn, sang, møte, i 1956 ei sak om faste møte - skiftesvis på bedehuset og heimane, søndagsskule og juletrefest og 17. mai-fest.

17. maifest og bedehusbasar

Etter 1990 er nokre arrangement meir utførleg omtalt i møteboka enn tidlegare. Det er takka vere Helga Tjønn. Om 17. mai-festen 1993 står det:

"Godt frammøte på festen. Formannen ynskte velkommen og så song me No livnar det i lundar og Fagert er landet. Så heldt Bjørg Sæter festtalen og minna oss om korset i flagget vårt. Så var det mat og kaffi, påsmurde smørbrød og gode kaker. Bordvers før og etter maten. Tilslutt takka formannen for ikveld og me las fadervåret saman (kollekt ca kr. 600.-)"

Me har alt sett at basar til inntekt for bedehuset kom i stand før bedehuset stod ferdig. Frå 1941 vart bedehusbasaren ei årleg tilskiping. Møteboka har følgjande omtale av bedehusbasaren i 1994, 24. mars:

"Mykje fine gåver var komne. Presten heldt andakt fyrst med song før og etter talen. Så vart det åresalg. Dei store vinstane var på bok, og det gjekk alt fort unna. Kaffi og mat vart servert rundt småbord. Bordvers før og etter maten. (...) netto kom det inn kr. 9625 som var eit fint resultat. Helga [Tjønn], No(?) og Turid (...) hadde fare rundt litt i bygda før med bok. Stor takk til alle som er så flinke til å støtta med gåver og med å ta lodd."

Aktivitet 2008

Det passar å runda av med at Feios bedehus ikkje høyrer med til dei "tomme" bedehusa biskop Hagesæter var uroleg for i nyttårsforedraget sitt 2007. Kvart år skipar dei til basar til inntekt for bedehuset og kvart år juletrefest. Begge desse arrangementa samlar mykje folk. Elles har det i fleire år vore halde søndagsskule - på ein kvardag. Dei kallar det kvardagsskule. Ein søndag i oktober 2008 var kvardagsskulen med og song på ei tilstelling i kyrkja.


 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hermund Kleppa: Marifjøra bedehus. I Fortidsvern, 1/2008.
Møtebok for Feios bedehus.
Munnlege opplysningar frå Magnar Tjønn, Helga Tjønn, Bjarnhild Samland.

PERMANENT IDENTIFIKATOR