Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Muravassdemninga på Vikafjellet



I Endredalen på Vikafjellet er det bygd ei kjempedemning av stein. Denne demninga vart bygd under kraftutbygginga på Vikafjellet i åra 1962-73. I daglegtale er namnet Endredalsdemninga nytta, men rett namn er Muravassdemninga.

Muravassdemninga på Vikafjellet er eit mektig skue og eit imponerande byggverk. Demninga er 260 m lang og 79 m høg.

Muravassdemninga på Vikafjellet er eit mektig skue og eit imponerande byggverk. Demninga er 260 m lang og 79 m høg.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Veg

Muravassdemninga ligg ca. 4 km aust for riksveg 13 over Vikafjellet. Det går anleggsveg inn til demninga. Anleggsvegen kjem ein innpå ved å ta av frå riksvegen like sør for Storehaugtunnelen. Vegen vert mykje nytta av folk som skal til stølar eller på fjellturar.

Kjempedemning

Det er enorme dimensjonar over denne demninga. Totalt påfylt masse er ca. 1 mill. kbm. Demninga er 260 m lang og 79 m høg. Demninga er ei steinfyllingsdemning med tetningskjerne av morene. Demninga vart reparert i åra 1995-96 for å forsterka ho.

Ved Muravatnet

Demninga demmer opp Muravatnet og to andre vatn som er vorte til eit samanhengande vatn etter oppdemminga. Demninga ligg 1.5 km nedanfor utløpet av Muravatn. Til det gamle kraftverket i Refsdal vart det murt opp to mindre demningar ved Muravatn. Desse gamle demningane ligg no under vatn etter at den nye demninga kom. Det gamle kraftverket i Refsdal vart opna i 1913 og var fyrste kraftverket i Vik. Det var i bruk til 1957 då den nye kraftstasjonen i Refsdal vart sett i drift.

Stort magasin

Samla magasinvolum ved Muravassdammen er 13.5 mill. kbm. Magasinet får tilført vatn frå området ved Fresvikbreen gjennom tunellar. Felta har ein samla storleik på 34.5 kvm. Frå demninga ved Muravatn er det bygd tunnel på ca. 8 km til Målsete der det er eit kraftverk. Fallhøgda mellom Muravatn og Målsete er 172 m.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen. Vikfalli. 1968.
Munnleg informasjon frå:
Ingebrikt Risløv, f. 1945, Vik i Sogn.
Hornnes, Ragnar: Samarbeid gav lys og varme. A/S Sognekraft 1947-1997. Leikanger 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR