Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

HM Kong Haakon VII og Skogselskapet i Sogn og Fjordane 1936



«Kongen på tur innover Sogn i dag. Med skogselskapets representanter». Det var Høyanger Avis si overskrift på oppslag i avisa 27. mai 1936. Fylkesbaatane sitt flaggskip, DS «Nordfjord 1», gjekk ekstratur med HM Kong Haakon VII og Det Norske Skogselskap sine «fremtredende representanter» og andre «norske autoriteter» på ferda Bergen – Sogn i dagane 27. mai – 28. mai 1936. Det vanka mange gode historier på turen.

HM Kong Haakon VII var med på Det Norske Skogselskap si ferd i Sogn i høve Skogselskapet sitt årsmøte i Bergen. Årlege plantedagar i skulen var i mange år eit tiltak i skogreisinga. Her kosar skuleborn frå Seljedalen skule, Vik kommune, sar seg med mjølk og tebrød etter ei planteøkt i Rindane i Seljeli.

HM Kong Haakon VII var med på Det Norske Skogselskap si ferd i Sogn i høve Skogselskapet sitt årsmøte i Bergen. Årlege plantedagar i skulen var i mange år eit tiltak i skogreisinga. Her kosar skuleborn frå Seljedalen skule, Vik kommune, sar seg med mjølk og tebrød etter ei planteøkt i Rindane i Seljeli.

Eigar: Vik lokalhistorisk arkiv

Datering: 1937

Fotograf: Anders O. Brekke

Skogreising – ei samfunnssak

Kongen på reise i Sogn og Fjordane 1936 var ikkje ei reise for å promotera monarkiet. Det var kongeleg støtte til ei samfunnssak, skogreising, og då særleg skogreising i skogfattige strøk i kongeriket, først og fremst på Vestlandet og Nord-Norge. Grunntanken var at skogreising skulle styrka gardsøkonomien.

Mange arbeidde for skogsaka. Bergen Skogselskap, skipa 1868, gav planter til lokale skoglag. I fleire ti-år var skogplanting aktivitet i skulen, både med ein og to plantedagar i året. Nordahl-Rolfsen hadde med plantesong i lesebok for folkeskulen. Fleire ungdomslag hadde skogplanting som lagsoppgåve. Frå 1898 vart Det Norske Skogselskap den sentrale aktøren i skogreisingsarbeidet.

Første årsmøte på Vestlandet

Det Norske Skogselskap sitt årsmøte i Bergen 1936 var Skogselskapet sitt første årsmøte på Vestlandet. Ei ferd Bergen – Sogn var ein del av programmet. Kongen skulle reisa saman med representantar for styre og representanskap, skogdirektøren, fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, representantar frå grannelanda Sverige og Danmark, pressefolk, og fleire. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sitt flaggskip, DS «Nordfjord 1» skulle gå ekstratur med det prominente reisefølgjet.
 

«…må verta ei folkekrav…»

Jørgen Fosse, Oslo, hadde i april eit langt stykke om Det Norske Skogselskap og turen til Sogn. Han oppmoda folk om heisa flagg og møta opp der det høvde slik, unge og eldre. «Lat utsendingane få ei kjensle av at dei er velkomne og at ferdi vert ei festferd til gleda for alle som er med, og til gagn for skogsaki..» Jørgen Fosse sluttar stykket sitt med denne satsen:

«Arbeidet med å atterreisa skogen må verta eit folkekrav frå dei skoglause stroki, men fyrr dette kravet kjem fram med tyngd som må til, må alle – unge og gamle – ha synt vilje og makt attum kravet ved straks å taka til med årlege plantedagar.»

«Kongen kjem til Sogn»

Sogns Tidend, Sogndal, ynskte velkomen til Sogn, der «livet gror kring bygdene under dagsens harde strev». Avisa vonar at «denne kongeferda, saman med styret for Noregs skoglag [Det norske skogselskap]» vil skapa ny kraft i arbeidet med å planta skog. Langs Sognefjorden vil reisefølgjet få sjå «vakre bygder, men og snaudt land som ventar på den grøne barskogen.».

Reiseruta

«Nordfjord 1» gjekk frå Bergen om kvelden, onsdag 27. mai, med første stogg kl. 23 i Eivindvik. I Gulen skulle dei sjå på skogplanting i kyststrok. Vidare gjekk turen inn Sognefjorden til Amla, med ankomst tidleg om morgonen, torsdag 28 mai. Godseigar G.F. Heiberg tok imot Kongen og skogsaka sine folk i Heiberg-garden, Øvre Amla. Fleire innslag stod på programmet, mellom anna foredrag av Hans Heiberg om skog og skoggrunn, omvisning på De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum og utferd til eit statsskog-felt der skogforvaltar Blytt heldt foredrag. Om ettermiddagen, «då dei hadde kvilt seg ei stund ved festlege kaffibord», gjekk følgjet om bord i «Nordfjord 1» og tok fatt på siste etappen til Gudvangen.

«Det skulle vel ikke ligge en elektrisk ledning i jorden?»

Redaktør i Bergens Aftenblad, Jon Dugstad, dekka Kongen og Skogselskapet si ferd i Sogn. På veg inn fjorden stogga «Nordfjord 1» ved Fresvik for at følgjet ikkje skulle koma for tidleg på vertskapet i Amla. Sjølvsagt blei det mykje skogprat på ferda, men det vanka også mange gode historier, står det å lesa. - Bergens Aftenblad har med to, den eine om bjørn, den andre om sydfrukter på Leikanger.

«Der [då skipet grytidleg låg i ro ved Fresvik] lå Fresvikbreen og Bleia badet i sol. I dette mektige fjellparti holder ennu de siste rester av Vestlandets bjørnestamme til huse. Så sent som i fjor var det på dette sted sett et par bjørner, den ene endog fra et dampskib. Men da dette blev berettet, falt losen som var en lun og spøkefull herre, inn med en bemerkning om at det visstnok var «ei geit».

«Hans Majestets viden om Sogn og Sognefjorden blev sikkerlig (…) betydelig utvidet – skulde vi tro efteralt hva der blev berettet om jordbruk, fruktdyrking o.s.v. Da en av herrene fortalte at der på Leikanger var så fruktbart at man endog kunde få aprikoser og ferskener til å vokse i det fri, kom Kongen med den spøkefulle bemerkningen: Det skulde vel ikke ligge en elektrisk ledning i jorden?»

«Da capo»

Godseigar G.F. Heiberg var med på siste etappen frå Amla til Gudvangen. Under middagen om bord heldt Heiberg ein tale. Han avslutta med ei «kongelig» historie som redaktør Dugstad meinte var verd å gjengi. Sogns Avis saksa historia frå Bergens Aftenblad i avisa si 12. juni.

«I lengst forsvunne dager da man ennu ekserserte på Lærdalsøren var kong Karl XV [Norges konge 1859-1872] kommet for å mønstre Sogns bataljon. Obersten spurte da om kongen ikke hadde lyst til å se en sprek sogning, hvad naturligvis kongen gjerne vilde. Obersten tilkalte en mann fra Amla som het Timmerlid og som var særlig flink i hallingkast.

Obersten trakk nu sabelen, satte luen på sabelspissen og holdt den opp i luften. Timmerlid gjorde et kvikt kast og spente luen bortover volden. Kongen syntes det var godt gjort, klappet i hendene og sa: Da capo. Dette opfattet sogningen, som ikke var særlig bevandret i fremmedord, som: Mange takk.

Kongen fulgte så oberstens eksempel, trakk sin sabel og holdt med den sin egen lue opp i luften. Timmerlid gjorde et nytt kast og spente også denne gang luen så den fløi bortover plassen. Kongen var begeistret og som en påskjønnelse til den spenstige sogning overrakte han ham en daler. Timmerlid bukket dypt og sa: Da capo.

Heiberg sin konklusjon på den vesle bordtalen sin, adressert spesielt til kongebesøket, var då også det treffande: Da capo.

«Takk …»

Den 9. juni skreiv redaktør Dugstad brev til Heiberg. Han takka hjarteleg for sist og for all «den elskverdighet» som var vist alle som var med «i kongeferden». «Det var en oplevelse for os alle å få besøke Deres Eiendom og gjestfrie hjem.» I brevet viser Dugstad til fotografi; «en rekke billeder som sekretær Kierulf tok i Amble.» Og heilt til slutt, i eit PS, står med handskrift: «Takk også for Deres venlige: Da Capo!»

kjelder:

Sogns Tidend, 14.04., 26.05.1936


Sogningen, 26.05., 29.05.,19.06.1936


Høyanger Avis, 27.05.1936


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2013149 Øvre Amla, gnr. 106 D/Dd/Dda/L0012/0047 Dugstad, J. (Premieløitnant, Bergen)