Kulturhistorisk leksikon

Krigsplass (27)

  • Kystfortet i Vemmelsvik ved Nordfjord

    Batteriet med fire kanoner kom frå Tyskland til Nordfjord våren 1942, og skulle vere erstatning for batteriet på Måløyna som vart totalt øydelagt under Måløyraidet i desember 1941. Dette nye batteriet vart ikkje sett opp på Måløyna, men kanonene plasserte på ei landtunge i Vemmelsvik. Under krigen var det eit opent landskap med godt utsyn utover Vågsfjorden, i dag er området tilvokse med skog og lite tilgjengeleg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Tyske kystfort i Sogn og Fjordane

    I juni 1940 var heile Norge okkupert, men på tysk side var det frykt for britiske motaksjonar, difor starta den tyske marinen allereie sommaren 1940 bygginga av kystfort. Forta låg på strategiske stader rundt hamnebyer, og ved innseglinga til fjordar. Bygginga heldt fram gjennom heile krigen, så i mai 1945 var det etablert rundt 300 kystfort langs kysten av Norge, frå Finnmark i nord til Østfold i sør. I Sogn og Fjordane var det 18 kystfort, og på kysten finn vi framleis godt synlege spor etter den omfattande bygginga av festningsanlegg.

  • Krigsminne på Gottraneset

    I 1942 måtte grunneigaren av Gottraneset flytte frå garden, og inn til Berle. Året etter flytta tyskarane kanonane sine frå Berle og ut i nye stillingar på Gottraneset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Krigsminne på Ospeneset

    Hausten 1941 var tyske offiserar på synfaring på Ospeneset. Ved nyttår 1942 måtte folk i området flytte frå gardsbruka sine, og like etter starta byggearbeidet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Kystfortet på Tangane

    Hausten 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Tangane. Byggeleiinga var tysk, men store deler av arbeidet vart utført av norske entreprenørar og arbeidarar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Krigsminne på Risenes

    I juni 1942 sende tyskarane evakueringsordre til eigarane av dei fire gardsbruka på Rise, og dei fekk tre dagar på seg til å pakke og flytte bort frå garden. Det skulle byggjast kystfort.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Krigsminne i Rutledal

    Alt i mai 1940 kom tyskarane til Rutledal og bygde eit anlegg for utskyting av torpedoar. Seinare starta bygginga av eit kystfort, og infanterisoldatar kom også til Rutledal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Krigsminne på Florølandet

    Først våren 1942 starta det store innrykket av tyske soldatar på Florølandet, og på same tid starta også ei større utbygging av forsvarsverk. I løpet av tre år fram til freden i mai 1945, gjorde tyskarane Florølandet om til ei festning.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Russehola - gøymestad for russiske krigsfangar

    Hausten 1944 rømde fire russarar frå ein tysk fangeleir på Sandane. Med dristig innsats frå lokale hjelparar vart dei samla i Russehola. Gøymestaden ligg om lag midtvegs mellom gardane Sande og Devik, kring 300 meter oppe frå fjorden. Det lukkast aldri tyskarane å kome på sporet etter dei rømde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Todørshelleren - møtestad for motstandsfolk

    Spesielt siste krigsvåren, i 1945, føregjekk det meir dramatisk verksemd i bygdene våre enn folk flest var klar over. Todørshelleren var ein av dei viktige møteplassane for motstandsfolk i Nordfjordområdet våren 1945. Helleren ligg på austsida av Hyefjorden, ca. ein kilometer nord for garden Kleppenes.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Kystfortet på Lammetun

    I oktober 1941 starta tyskarane bygginga av kystfortet. Ordre om evakuering vart send til dei tre familiane som budde på Lammetun, og dei fekk fem dagar på seg til å flytte.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Fjaler
  • Liktvorane - vaktpost under krigen

    Liktvorane ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under siste verdskrig.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Storsundet - viktig base for illegalt arbeid under krigen

    Storsundet i Solund vart under krigen ein viktig base og eit sentralt knutepunkt for illegalt arbeid i Sogn. Shetlandsruta nytta staden til lager av våpen og krigsmateriell, som etter kvart vart sendt vidare innover Sognefjorden. Lagringstaden i Storsundet vart aldri oppdaga av tyskarane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Oldra - stort våpenlager i berghole

    Øya Oldra i Solund var under krigen lagerplass for store mengder våpen og krigsmateriell. Lageret vart avslørt ved eit brev tyskarane fekk fatt i. Brevet var sendt til den kjende motstandsmannen og kommunisten Peder Furubotn. Motstandsmannen Schrøder Evensen vart arrestert, og torturert til å påvisa lageret. Han greidde seinare å hoppa over bord frå ei gestaposkøyte og drukna natta mellom 7. og 8. september 1944. Truleg redda han på den måten livet til mange motstandsfolk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Krigsminne på Hovden i Ervik og på Kjerringa

    Alt vinteren 1942-43 starta tyskarane arbeidet med vegen frå Ervik og opp til Hovden, men først sommaren 1944 var luftvernbatteriet klart på denne litt spesielle plassen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Kystfortet på Storeneset

    På Storeneset ved vegen ut til Eltvik bygde tyskarane i 1942 eit kystfort med seks franske feltkanoner og fleire mindre kanoner for nærforsvar og luftvern.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Begla - våpenlager med mørke skuggar

    Beglevågen ytst i Solund må vere den kortaste vågen i landet. Her hadde motstandsrørsla våpenlager under krigen 1940-1945. Tyskarane oppdaga lageret og slo til 2. mai 1943. Fire menn vart arresterte og sende til fangeleirar i Tyskland.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Tungodden - signalstasjon i kuleregn

    Det er mest ikkje til å tru at tyskarane kunne byggje signalstasjonen ytst på Oddenova. Så vart då og freistinga for dei allierte for stor til å la dette freidige monsteret operere fritt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Husefjellet - vaktstasjon til fjells

    Frå vaktstasjonen på Husefjellet kunne tyskarane halde god kontroll med ferdsla gjennom leia Indre Steinsund. Dessutan hadde dei fri utsikt til Sognesjøen. Her låg gjennom heile krigen ein mannskapsstyrke på 10-12 mann. Den primære oppgåva var å melde om fiendtlege fly og mistenkeleg båttrafikk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Krigsminne - forsvar av vegen mot Austlandet

    Forsvar av vegen mot Fagernes og Gol var høgt prioritert av tyskarane. Om fienden skulle greie gå i land i Lærdal, måtte dei stoppast lenger oppe. Strekninga Seltun - Husum vart utbygd med forsvarsverk til ei solid sperring, av tyskarane kalla die Grossperre.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Hugøy - vaktstasjonen på Hugøyknolten

    Tilbakedregen på høgste knausen, nedbakt i lendet låg vaktstasjonen på Hugøy og vanskeleg å oppdage frå leiene vestapå. Di større grunn var det til å akte seg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Krigsminne i Lærdal - forsvar av strandsona

    Store tyske troppestyrkar var stasjonerte i Lærdal under krigen 1940-1945. Dei skulle hindre landgang av fiendtlege troppar og sikre vegen austover i retning Fagernes og Gol. I dag er det spor i terrenget etter stillingane deira, krigshistoriske kulturminne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Ospa - idyll med sterk krigshistorie

    Motortorpedobåten MTB 345 måtte i 1943 søke inn til Ospa i Solund grunna mangel på drivstoff. Den kom seg ikkje vidare, og vart oppdaga av tyske fly. Tyske styrkar gjekk kort etter til åtak, og heile mannskapet på 7 måtte overgje seg. Dei vart handsama som sabotørar og skotne den 30. juli 1943. To motstandsfolk gøymde seg i berghola Ospekirkja.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Krigsminne i Gudvangen – forsvar av vegen mot Voss

    Dei første dagane etter krigsutbrotet 9. april 1940 var Gudvangen eit viktig trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. Frå denne bygda var det vegsamband til Voss, difor gjekk straumen av mobiliserte mannskap med båt inn til Gudvangen og derfrå landevegen vidare til Voss. Fylkesbaatane sørga for transport frå bygdene ved Sognefjorden, og spesielt frå Vadheim der mange av soldatane frå Fjordane møtte fram. I dei siste dagane av april 1940 vart Gudvangen igjen eit viktig knutepunkt, men denne gongen for det norske tilbaketoget frå Vosseavsnittet.

  • Hyllestad leir

    Våren 1941 vart eit tysk infanteri-kompani fast stasjonert på Hyllestad, og på same tid starta bygginga av brakker og bunkerar på Myrgjerdet og ved vegen gjennom Svartedalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Løland leir

    Vinteren 1941-42 var tyskarane i gang med å bygge ein ny brakkeleir i utmarka like sør for Løland bru, og i februar 1942 var ein tropp med infanteri-soldatar forlagt i leiren.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Nesje Fort

    Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Byggeleiinga var tysk, men store deler av arbeidet vart utført av norske entreprenørar og arbeidarar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad