Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. november 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Tyske kystfort i Sogn og Fjordane



I juni 1940 var heile Norge okkupert, men på tysk side var det frykt for britiske motaksjonar, difor starta den tyske marinen allereie sommaren 1940 bygginga av kystfort. Forta låg på strategiske stader rundt hamnebyer, og ved innseglinga til fjordar. Bygginga heldt fram gjennom heile krigen, så i mai 1945 var det etablert rundt 300 kystfort langs kysten av Norge, frå Finnmark i nord til Østfold i sør. I Sogn og Fjordane var det 18 kystfort, og på kysten finn vi framleis godt synlege spor etter den omfattande bygginga av festningsanlegg.

Mange av kanonene som tyskarane brukte i sine kystbatteri, var franske feltkanoner tekne som krigsbytte. Biletet er frå Vemmelsvik, og viser tredje kanon som er ein fransk 10,5 cm feltkanon modell 1913, K.331(f) med hjullavett.

Mange av kanonene som tyskarane brukte i sine kystbatteri, var franske feltkanoner tekne som krigsbytte. Biletet er frå Vemmelsvik, og viser tredje kanon som er ein fransk 10,5 cm feltkanon modell 1913, K.331(f) med hjullavett.

Eigar: Kystartilleriet - Frå boka «Fronten er kysten!»

Datering: 1945

Kystartilleri-batteri
Batteri er nemninga på ei avdeling med 4-6 større kanoner, frå kaliber 7,5 cm og oppover. I det tyske kystartilleriet fekk kvart batteri eit nummer og eit namn etter staden det vart plassert. Namnet kunne i einskilde tilfelle vere noko misvisande med omsyn til plasseringa, og bokstavane æ ø å i norske stadnamn skapte ein del problem for tyskarane.

Eit mannskap på rundt 100 mann var  vanleg ved eit kystbatteri av typen som var i Sogn og Fjordane. Kvart batteri hadde ein batterisjef, ein batteristab, ein eller to kanontropper, luftvern, lyskastar, samband, og ein trentropp med kokk, skreddar, skomakar, salmakar, og våpensmed. Kystfortet var ofte eit eige lite samfunn på ein aude stad, difor måtte dei fleste funksjonane finnast innafor fortet.

Kystfort
Når det var bestemt kor batteriet skulle plasserast, så starta ei stor anleggsverksemd på staden. Området vart etter kvart utbygd til å bli eit kystfort.

For dei største festningsanlegga laga tyskarane eigne byggeplanar, men for dei mindre anlegga vart det ofte nytta standardteikningar for bunkeranlegg og brakker. Tyskarane opererte også med tre grader av utbygging: Feltmessig, feltmessig forsterka, og festningsmessig utbygd. Dette dreia seg om for eksempel om kor mykje ein dekningsbunker skulle tåle. I Sogn og Fjordane var det mest feltmessig utbygging, men tunnelanlegg kunne erstatte mangel på festningsmessig utbygde bunkerar. Nokre fjellanlegg og bunkerar vart ferdig utbygde etter full festningsmessig standard, med luftrenseanlegg og panserdører som skulle tåle trykk frå eksplosjonar. Andre vart ståande halvferdige då krigen var slutt.

Hovudbunkeren med kommandoplassen var som regel ein solid bunker plassert sentralt i batteri-området, gjerne på ein bakketopp med godt oversyn utover sjøen. Bunkeren hadde observasjonsrom, kartrom, og sambandsrom. På taket hadde ein ofte plass for avstandsmålar. I tilknytning til denne bunkeren kunne det vere eit fjellanlegg med forlegning for mannskap.

Platningane for kanonene måtte ha solide betongfundament, og i tilknytning til platninga skulle det vere dekningsrom for mannskapet, og lager for beredskaps-ammunisjonen. Større ammunisjonslager vart lagt i bunker eller fjell lenger bak kanonstillingane. I hærens kystbatteri var hoveskytset ofte feltkanoner i hjullavett. Desse vart til å begynne med monterte på ei dreieskive, men mot slutten av krigen var tyskarane i gang med produksjon av sokkellavettar for feltkanonene. Kanonene vart som oftast ståande i opne stillingar fordi det ville kreve altfor store mengder betong å setje dei inn i ein bunker (kasematt).

Nærforsvaret av kystfortet var som regel godt utbygd. På dei fleste fort var det 2-3 luftvernkanoner, mindre feltkanoner, flammekastarar og skytestillingar. Rundt fortet vart det sett opp piggtrådsperringar, og utlagt landminer.

Mannskapet var forlagt i trebrakker som stod i skjul lenger bak i batteriområdet. Seinare under krigen var det eit krav at mest mulig skulle byggast inn i fjell, eller under betong. Men mangel på ressursar, spesielt sement, gjorde at ein måtte fråvike dette kravet. Ei løysing som vart nytta var å sprenge ut ein tunnel i fjellet, og så bygge ei forlegningsbrakke inne i tunnelen.

Artillerigrupper
I Sogn og Fjordane vart dei første kystfort etablert på Nesje ved Sognefjorden, og på Rugsundøy i Nordfjord. Desse skulle hindre britiske krigsskip å gå inn Nordfjord eller Sognefjorden og landsette tropper i Stryn eller Lærdal der det var vegsamband over til Østlandet.

Frå 1942 vart alle kystfort organiserte i artillerigrupper, og då krigen var slutt i 1945 var dei fleste kystfort i Sogn og Fjordane samla i to artillerigrupper. I artillerigruppe Nordfjord var alle kystfort mellom Sildegapet og Frøysjøen, medan kystfort mellom Stavfjorden og Sognesjøen var samla i artillerigruppe Sognefjord.

Kystfortet på Havreneset i Florø var eit sjølstendig fort underlagt regimentet i Førde, medan to kystfort på Stadlandet høyrde til den nordlege artillerigruppe Statlandet.

Nedlegging og flytting
Nokre kystfort blei nedlagde og batteriet flytta til andre stader, difor fins det spor etter fleire kystfort enn dei 18 som var operative då krigen var slutt. To kystfort blei nedlagde då batteriet i Osmundsvåg ved Ulvesundet og på Klævold ved Vadheimsfjorden vart flytta ut av fylket i 1944 og i 1945. På Berle i Bremanger er det tydelege spor etter batteriet som blei flytta ut til Gottraneset. Frå Follevåg ved Stongfjorden blei batteriet flytta utover til Eimind, og frå Flokeneset ved Førdefjorden blei batteriet flytta til Blålid ved Måløy.

Tidleg under krigen kom to batteri med 7,5 cm kanoner som blei flytta rundt til fleire stader. Batteri 894 på Måløyna blei ikkje flytta, men øydelagt under Måløyraidet. Batteri 895 blei delt i to. Halvbatteri 895a stod først på Sande ved Svelgen, så flytta til Eidet ved Florø før det i 1944 hamna på Bryggja ved Nordfjord. Halvbatteri 895b stod først på Yndestad ved Stongfjorden, så flytta til Røyset i Askvoll, før det i 1944 blei flytta til Hyllestad.

Kystfort i kamp
Berre nokre få av dei mange tyske kystfort  blei involverte i kamphandlingar under krigen. Ser vi bort frå skyting på fly, nokre slengskot etter MTB-ar, varselskot og liknande episodar, så var det berre to kystfort i Sør-Norge som var i regulær kamp med den britiske marinen Royal Navy. Eitt av desse var Marine-Batterie «Nordfjord» på Rugsundøy ved innseglinga til Nordfjord. Det skjedde under Måløyraidet den 27. desember 1941, og i nokre timar midt på dagen var kystfortet i artilleriduell med den britiske kryssaren HMS Kenya. Kystfortet på Måløyna rakk ikkje å avfyre eit einaste skot under raidet før det vart nedkjempa og øydelagt.

Neste gang eit kystfort var i kamp, skjedde det tre år seinare på kysten av Jæren i Rogaland. I november 1944 og januar 1945 var kystfortet på Stapnes ved Egersund involvert i to sjøslag.

Taktisk gruppering av kystfort - april 1945.

Kobbevik Stab Artillerie-Gruppe «Statlandet»
Sunnmøre:  
Berkneset HKB 35./976 Birkenaes
Espeneset HKB 36./976 Aaram
Kobbevik HKB 37./976 Kobbevik
Basteneset Flak-Batterie Kvamsö (M) - MFB 5./702
Stadlandet:  
Hovden Flak-Batterie Ervik (M) - MFB 2./702
Storenes HKB 38./976 Eltevik

 

Angelshaug Stab Artillerie-Gruppe «Nordfjord»
Angelshaug Torpedo-Batterie Angelshaug (M)
Rugsundøy MKB 9./504 Nordfjord (M)
Kråkenes Flak-Zug (Luftvern-tropp) Krakenes (M)
Vemmelsvik HKB 3./981 Vemelsvik
Blålid HKB 6./981 Blaali
Måløyna 894 Kulen (ødelagt under Måløyraidet i desember 1941)
Osmundsvåg HKB 1./981 Osmundsvaag (flytta i august 1944)
Halsør HKB 2./981 Halsör
Frøysjøen:  
Skarstein HKB 4./981 Skarsten
Berle 4./977 Berle (flytta til Skarstein i mai 1943)
Aspenes Zug (Tropp) Aspenes

Førde Stab Artillerie-OberGruppe «Förde»
Florø HKB 5./981 Floröy
Florø 895a Florö-Eidet (kom frå Svelgen-Sande, flytta i 1944)
Flokenes 7./977 Flokenaes (flytta til Blålid i april 1944)

 

Nesje Stab Artillerie-Gruppe «Sognefjord»
Dalsfjorden:  
Eimind HKB 11./981 Eidmin
Follevåg 16./977 Folevaag (frå Stongfjorden, flytta til Eimind i november 1943)
Askvoll 895b Askvoll (kom frå Stongfjorden, flytta i 1944)
Fure HKB 12./981 Furenaes
Lammetun HKB 13./981 Lammetun
Sognefjorden:  
Nesje HKB 14./981 Naesje
Nesje MKB 7./504 Sognefjord (M)
Rutledal Torpedo-Batterie Rutledal (M)
Rutledal HKB 15./981 Kirkeöen
Risenes HKB 16./981 Risenaes
Klævold HKB 17./981 Klaevold (flytta i februar 1945)

 

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999)

PERMANENT IDENTIFIKATOR