Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krigsminne i Lærdal - forsvar av strandsona



Store tyske troppestyrkar var stasjonerte i Lærdal under krigen 1940-1945. Dei skulle hindre landgang av fiendtlege troppar og sikre vegen austover i retning Fagernes og Gol. I dag er det spor i terrenget etter stillingane deira, krigshistoriske kulturminne.

"Skizze zum Alarmplan" syner sikringa mot åtak frå sjøen. I tillegg var det piggtrådsperring frå "Berta" til "Adolf" og  kanonstillingar i hamneområdet.

"Skizze zum Alarmplan" syner sikringa mot åtak frå sjøen. I tillegg var det piggtrådsperring frå "Berta" til "Adolf" og kanonstillingar i hamneområdet.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 1941.

Fotograf: Ukjend.

Stützpunkt Erdal

Erdal var ein egna landgangsplass, godt dekka av naturen for motåtak frå den tyske hovudstyrken på Lærdalsøyri. Dei tyske styrkane i Lærdal i åra 1940-1941 var restar av invasjonshæren, og hadde våpen og utstyr frå krigshandlingane i Valdres, mellom anna 4 Haubits kanonar 10,5 cm. På flata ved sjøen er det 2 kamuflerte bunkerar for slike kanonar og eit stort granatlager. Ein støypt mitraljøse-bunker og fleire maskingevær-reir ligg på ryggen opp mot Kyrkjehaugen.

Ein mitraljøsebunker ligg også på Sæbø-sida. Fleire meir eller mindre intakte stillingar ligg langs riksvegen og i skogen vest for busetnaden.

Stützpunkt Berta

Om dei tyske styrkane i Erdal vart nedkjempa, måtte fienden vidare på den smale vegen langs sjøen. Ved Raudberg ligg gamlevegen på ein høg mur med fjell over og sjøen under. Her måtte fienden gjennom, og her kjem støttepunkt Berta inn. Muren var underminert, holet viser enno. Stillingar for mitraljøse, maskingevær og rifle ligg i bakken oppfor kaien. Ein del av stillingane er fjerna ved utbygging av kaianlegg og vegen.

Stützpunkt Adolf

Dette støttepunktet i Heller hadde to hovudoppgåver. Saman med mannskapet frå "Berta" og hovudstyrken skulle dei hindra landgang av fiendtlege båtar. Det var òg bygd ein mitraljøse-bunker som hadde fundament til luftvernkanon på taket. Løpegraver og godt gøymde vegar batt denne bunkeren til dei andre stillingane i området. Observasjonsposten ligg utspekulert plassert i ein fjellhammar. Området i Heller har i alle år vore nytta til 1. og 17. mai saluttering og krigsminna ber preg av det.

 

Landet bakom

Lite viser att etter dei om lag 1000 menn og ei mengd hestar som oppheldt seg nedst i dalen. Brakkene i Haghusane ligg der dei låg, men standarden etter at Heimevernet tok over, er tydeleg høgare. Eit lita vaktbrakke ved porten, var typisk. Tilfluktsrommet, sprengt inn i fjellet bak, ligg ope og tomt.

Tre "stasbunkerar" oppi ura ovanfor Trombestein, er ille medfarne av steinras. Dette var ein utplassert kommandosentral, berekna for offiserar og utstyrt deretter, mellom anna med omnar og sengeplass. Elles er det restar av maskingevær- og rifle-stillingar fleire stader oppover dalen.

Ein del av det som er nemnt ovanfor er rydda, sikra og merka. I Erdal og Heller er det merka stigar, men attgroing gjer det vanskeleg å halda dei opne og i orden til ei kvar tid.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Eit oversyn over tyske militære avdelingar i Lærdal 1940-45.
Lærdal kommune, lokalhistorisk kontor:
Registreringsskjema for tyskernes anlegg og aktiviteter i Norge 1940-45, ved Knut Nesse og Kristian Gjerde.
"No lukta det fred!" Lærdal kommune 1995.

Sjå også:

PERMANENT IDENTIFIKATOR