Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Tungodden - signalstasjon i kuleregn



Det er mest ikkje til å tru at tyskarane kunne byggje signalstasjonen ytst på Oddenova. Så vart då og freistinga for dei allierte for stor til å la dette freidige monsteret operere fritt.

Etter MTB-åtaket i 1943. Stasjonen, som låg kring 25 m over havet, vart straks fråflytta, men like etter kom arbeidet i gang med ny og meir skjerma lenger inne.

Etter MTB-åtaket i 1943. Stasjonen, som låg kring 25 m over havet, vart straks fråflytta, men like etter kom arbeidet i gang med ny og meir skjerma lenger inne.

Eigar: Fylkesarkivet SFFf-90145.0029.

Datering: 1943.

Fotograf: Ukjend.

Utfordrande plassering

Ein meir naturgjeven plass for vakthald kan knapt tenkjast. Tungodden skjer seg sør i Sognesjøen såpass langt at her er full synskontakt med skipsleiene Ytre og Indre Steinsund, og vidopen utsikt til alt som måtte røre seg på Sognesjøen.
Terrenget på Oddenova er heilt flatt til det ber stupbratt i sjøen på vestsida, mot Ytre Steinsund lei, og svært vind- og vêrhardt utan ein knaus å stikke bak. Tyskarane kom hit i 1941 og starta oppbygginga. Men å reise ein 2 ½ etasjes bygning ytst på brattberget mot sjøen, utan det minste vern framfor, var mest som å be om mottrekk.

Tungvint å byggje vaktstasjonar i Solund

Solund hadde den gong ikkje elektrisk lys, ingen vegar og lite av større kaiar. I Tungodden var dårlege hamnetilhøve og inga kai. Tyskarane landa alt byggjevyrket i Novegytten, der dragsua veit å ta seg ut, og sørleg ver står kraftig på.
Stasjonen var ein velbrukt modell: eit sentralbygg for mannskap med bustad og kjøkken, i andre høgda telegrafistasjon og vakttårn. 10 m lenger nord stod tilfluktsrommet med generatorrom og magasin for våpen og utstyr. Fleire skytestillingar fanst kring stasjonen, og rundt det heile piggtråd og landminer. Ei vassåre med rikeleg kapasitet kom til syne under bygginga.

Også passtasjon

Utanom å vere signalstasjon skulle vaktplassen også fungere som passtasjon for lokalfarty og fiskebåtar. Såleis stoppa Nils Enstad her på veg til Sogn med våpenlast. Kutteren låg utpå, godt i vatn med not over luka, medan Nils rodde i land og fekk nytt stempel i passet.
Berrsynt mot horisonten over lågt land låg stasjonen og kontrollerte eit særs viktig område, og var eit lokkande mål for fly og marinefarty. To MTB-ar med landgangssoldatar om bord var tidleg i februar 1943 innom Krakhella og henta ut radiooperatøren Oskar Netteland, samtidig hadde dei Tungodden som mål.

Kulehol nedanfrå gjennom stolane

Under kamuflasjenett ved Gildreneset låg dei ei veke, men uver hindra dei. Båtane måtte nemleg krysse Nordsjøen med full fart etter åtak. Ein seinkveld i slutten av same månaden seig to norske MTB-ar sør i ly av Oddelandet, la seg under stasjonen og fyrte av. Så full fræs til havs. Signal om fiendtleg åtak gjekk straks til den tyske vaktbåten sør for Tungodden. Båten fyrte laus på eigen stasjon som dei meinte var erobra. Dette gjorde øydelegginga endå meir total. To tyske soldatar miste livet. I forvirringa skaut tyskarane også mot eit av dei to bustadhusa på garden.

I sprukken robåt utan nygle

Folka i Tungodden rømde i robåtar inn til Steinsund om natta. Tyske, såra soldatar sette på sjøen ein utett båt og rodde dei 7-8 km til lege på Hardbakke.
Etter åtaket vart ny stasjon bygd opp lenger inne på berga mot gardshusa, langt meir skjerma. No vart berre øvste delen av vakttårnet synleg frå skipsleia Ytre Steinsund, dei satsa på låge brakker og fekk fred resten av krigen. Den gamle stasjonen vart demontert. Den nye stod ei tid etter krigen, men alle bygningar er no borte. Stasjonen på Tungodden hadde eit mannskap på 7 - 12 personar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Solund kommune, kommunearkivet:
Engevik, Reidar:Tysk overvaking av Solund. Dei tyske installasjonane i Solund kommune, Sogn og Fjordane fylke. 1995. Omfattande registreringsarbeid.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten.Bind 2. Oslo 1967.
Irvine, James W.:Men bølgene er jo fri. Shetland/Norge-forbindelsene 1940 - 1945.
Arnfinn Haga. Fleire av bøkene hans har Solund-stoff, f. eks. om etterretningsaktivitet og Shetlandsfart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR