Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. juni 2012

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Krigsminne i Gudvangen – forsvar av vegen mot Voss



Dei første dagane etter krigsutbrotet 9. april 1940 var Gudvangen eit viktig trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. Frå denne bygda var det vegsamband til Voss, difor gjekk straumen av mobiliserte mannskap med båt inn til Gudvangen og derfrå landevegen vidare til Voss. Fylkesbaatane sørga for transport frå bygdene ved Sognefjorden, og spesielt frå Vadheim der mange av soldatane frå Fjordane møtte fram. I dei siste dagane av april 1940 vart Gudvangen igjen eit viktig knutepunkt, men denne gongen for det norske tilbaketoget frå Vosseavsnittet.

<p>Dette er tyske soldatar fr&aring; oppklaringsavdelinga AA169 i 69. Infanteridivisjon. Dei var stasjonert i ein lengre periode i Gudvangen, men hausten 1942 blei avdelinga overf&oslash;rt til austfronten der mange fall, eller hamna i sovjetisk krigsfangenskap.</p>

Dette er tyske soldatar frå oppklaringsavdelinga AA169 i 69. Infanteridivisjon. Dei var stasjonert i ein lengre periode i Gudvangen, men hausten 1942 blei avdelinga overført til austfronten der mange fall, eller hamna i sovjetisk krigsfangenskap.

Eigar: Hans Henseler

Datering: 1940-1942

Fotograf: Hans Henseler

Tysk innmarsj i Gudvangen
Wehrmacht kom til Gudvangen siste veka i april 1940 etter innleiande bombetokter mellom anna over kaiområdet der ein prøvde å stansa restane av norske styrkar på retrett frå Voss. Etter at dei norske styrkane i Sør-Norge kapitulerte 1. mai 1940, stasjonerte tyskarane store troppestyrkar på Voss. Bygda var eit strategisk viktig knutepunkt på Bergensbana, med sidespor til Granvin ved Hardangerfjorden, og bilveg til Gudvangen ved Sognefjorden. I Gudvangen stasjonerte tyskarane ein tropp, og Ramsøy peika seg ut som støttepunkt i det tyske forsvaret av båtleia innover Nærøyfjorden og vegen vidare sørover Nærøydalen til Voss.

Tyske forsvarsanlegg på Ramsøy
Anlegget er ein kombinasjon av ei løpegrav på kring 400 meter og seks bunkerar med våpen retta mot fjorden, og saman med piggtrådsperringar i nord utgjorde dette hoveddelen av forsvarsanlegget. I kvar av bunkerane på Ramsøy er det skytegluggar med feste for maskingevær, og dei to bunkerane utan støypt tak har truleg vore standplass for ein lett bombekastar/granatkastar. Arbeidet med sprenging og støyping blei utført av lokale arbeidarar som lønna verksemnd, og under tilsyn av tyske offiserar. Ein stor del av det tyske mannskapet kom truleg frå Westfalen-området sidan tre av bunkerane ber namn som ”Olfen”, ”Castrop” og ”Paderborn”.

Andre installasjonar i Gudvangen
Det blei ikkje lagt ut landminer, men fleire stader var veg og bruer gjort klar for sprenging. Det som i dag er fylkesveg mellom Bakka og Gudvangen blei underminert, og ein kunne i påkomne tilfelle sprenge bort smale parti av vegen. Liknande var gjort i Stalheimssvingane, og der er også spor etter forsvarsstillingar. Skjerping bru eit par kilometer oppe i Nærøydalen, var gjort klar for sprenging. Den originale brua blei sprengt under det norske tilbaketoget dei siste dagane av april 1940, men eit tysk pionerkompani frå byen Minden bygde seinare opp igjen brua, og tyskarane døypte då brua for ”Mindener Pionier Brücke”. I hagen framfor Stalheim hotell ligg framleis bunkeren ”Lorelei” med flott utsikt nedover Nærøydalen i retning Gudvangen.

Innkvartering
Frå mellom anna å vere forlagt privat på Ramsøy gard innleiingsvis, budde dei sidan i tyskoppførte brakker på Ramsøy og på Gudvangen hotell. Ein reknar at det til ei kvar tid fram til hausten 1944 var stasjonert vaktstyrkar tilsvarande ein infanteritropp med omlag 30 mann i Gudvangen. Det var hyppig rullering på dei tyske avdelingane, men som regel kom troppen alltid frå eit kompani stasjonert på Voss. Siste krigsvinteren vart styrkane trekte ut av området her som mange andre stader, då Tyskland var på vikande front overalt.

Etter krigen
Brukaren på Ramsøy fekk løyve til å rive trebrakkene etter krigen for å nyttiggjere seg bygningsmaterialane. Ein kontrakt frå 1946 gjev som ein slags motyting det norske forsvaret rett til framleis å bruke forsvarsanlegget ei tid. Forsvaret kosta også støyping av nytt tak på bunkerane. Forsvarsanlegga som ein tysk tropp bemanna fram til hausten 1944, var såleis såpass viktig at det hadde forsvarsmessig betydning i fleire år etter krigen.
Tre gonger på 1980- og 1990-talet var ein tidlegare tysk soldat tilbake på Ramsøy der han var stasjonert i ein lengre periode i 1940-42. Frå Gudvangen blei avdelinga hans overført til østfronten, og han overlevde også 4,5 år i sovjetisk krigsfangenskap fram til 1949 då han kom heim til Tyskland.
Etter initiativ av Asbjørn Ramsøy blei krigsminna rydda og tilrettelagde for besøkande, og i 2007 vart det sett opp eit informasjonsskilt på Ramsøy.

kjelder:

Brev og opplysningar frå Asbjørn Ramsøy 2006-2012.
Brev frå Oddkjell Bosheim, om Gudvangen krigsminner, datert 09.10.2006.
Brev frå Kjell-Ragnar Berge, om tyske avdelingar i Aurland, datert 23.10.2006.
Eithun/Berge/Kleppa: ”Krigsår”, liv og lagnader i Sogn og Fjordane, 2005.

PERMANENT IDENTIFIKATOR