Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Husefjellet - vaktstasjon til fjells



Frå vaktstasjonen på Husefjellet kunne tyskarane halde god kontroll med ferdsla gjennom leia Indre Steinsund. Dessutan hadde dei fri utsikt til Sognesjøen. Her låg gjennom heile krigen ein mannskapsstyrke på 10-12 mann. Den primære oppgåva var å melde om fiendtlege fly og mistenkeleg båttrafikk.

Restane etter sjølve vaktstasjonen. Inngangen var frå aust og skjerma av berga. Gjennom glaset i vest var rømmingsveg og inntil veggen eit brystvern av sprengstein. Vi ser nordover i Hognefjorden og bitar av leia Indre Steinsund.

Restane etter sjølve vaktstasjonen. Inngangen var frå aust og skjerma av berga. Gjennom glaset i vest var rømmingsveg og inntil veggen eit brystvern av sprengstein. Vi ser nordover i Hognefjorden og bitar av leia Indre Steinsund.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Første vaktstasjonen i Solund

Det var om sommaren 1940 at tyskarane kom til Steinsund. Grå krigsfarty kom og la til ved den heller store betongkaia. Dei rekvirerte innlosjering i to bustadhus i førstninga og etablerte telegrafistasjon i det eine, inntil dei hadde fått såpass ferdig at dei kunne flytte på Husefjellet, som ligg like ovanfor gardane.
Frå fjellet kunne dei halde god kontroll med ferdsla gjennom leia Indre Steinsund, dessutan hadde dei fri utsikt til Sognesjøen. Signalstasjonen på Tungodden, som vart bygd straks etterpå, låg i synsfeltet berre 5 km unna. Mannskapsstyrken på Husefjellet kunne vere på 10 - 12.

Eit slit å frakte opp alt

Steile brattfjellet mot vest, dels mot nord og aust, berre frå søraust-aust er det nokolunde greitt å komme opp. Men mange knausar måtte slettast av og grove tretrapper tømrast her og der for å lette transporten i brattlendet. Alt som skulle dei 168 m til fjells, måtte berast på rygg eller i hand: byggjevyrke til brakker, murstein, sement og sand, ammunisjon, alt av brensel, drikke- og matvarer, osv. Etter halvtanna år kom kusk og fin hest på plass. Med kløvkorger på ryggen og stålkvasse skor sleit han mengda av varene til topps, også havrepøkar til løn for strevet.

Kamuflasjemåla brakker

Anlegget på Husefjellet var godt som uråd å sjå frå sjøen. Nedpressa i søkk og joter låg små brakker med ulike funksjonar. Der det var mogeleg å få til, var løpegangar og steinvern bygde opp. Kring heile anlegget var piggtråd spikra på kryssbukkar, med minefelt under.
I ei fjellgrop 20 m sør for toppen låg bustadbrakka på kring 4 x 10 m, med etasjesenger og kjøkken, delt i to rom. I forlenginga av brakka var bygd til stall og magasin på kring 16 kvadratmeter. Like nord for brakka stod eit anna magasin, for våpen, reiskapar og matvarer.

Under stokkar og stein

Sjølve vaktstasjonen låg 10 m nord for toppen, med små vindauge mot nord og vest. Den var 3 x 4 m, bygd i treverk, med ein 65 cm tjukk gråsteinsmur rundt veggane. Taket hadde svak boge og svære stokkar over, med eit tjukt lag berestein oppå. Stasjonen var ikkje synleg frå sjøen unnateke ein smal sektor frå nord. Ei løpegrav leia opp til høgste punktet der det var oppmura kraftig brystvern med fleire skyteskår. Vêrhardt som her var, måtte tak og glasvegger til. Brystvern var mura opp fleire stader, litt ly for vind og drev gav dei vel og.

Agentar med radiosendar kloss ved

Forsyningar kom med patruljebåtar. Mannskapa skifte ofte, mange kom visstnok for å kvile og psyke seg opp att. Men på vaktstasjonane kom også jernharde Gestapo og for å skjerpe vakttenesta.
Den primære oppgåva vart å melde om fiendtlege fly og mistenkeleg båttrafikk. Men i mørke netter seig likevel allierte MTB-ar inn nær ved og landsette agentar. På Stokkevågnova låg frå februar 1944 radiooperatørane Karl Nesfossen og Eivind Viken og kika bort på signalstasjonen 3 km unna.
Tyskarane valda ikkje direkte skade for gardsfolka, og ved krigsslutt forlet dei stasjonen uskadd. Tyske farty kom og rydda bort minene, men ikkje utan tap av menneskeliv.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf: I:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Hans H. Steinsund: Barn møter krigen. I Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Solund kommune, kommunearkivet:
Reidar Engevik:Tysk overvaking av Solund. Dei tyske installasjonane i Solund kommune, Sogn og Fjordane fylke. Solund 1995. Omfattande registreringsarbeid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR