Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krigsminne - forsvar av vegen mot Austlandet



Forsvar av vegen mot Fagernes og Gol var høgt prioritert av tyskarane. Om fienden skulle greie gå i land i Lærdal, måtte dei stoppast lenger oppe. Strekninga Seltun - Husum vart utbygd med forsvarsverk til ei solid sperring, av tyskarane kalla die Grossperre.

Utsikt frå maskingevær-stilling oppfor Fjellheim med sikt mot Seltun og brua over elva. Stillinga i Gamlegardsberget ligg midt i lia til høgre.

Utsikt frå maskingevær-stilling oppfor Fjellheim med sikt mot Seltun og brua over elva. Stillinga i Gamlegardsberget ligg midt i lia til høgre.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 1999.

Fotograf: Jermund Bosheim.

Utnytting av naturlege hindringar

Ved Seltun snører dalen seg saman mellom høge bergsider. Vegen kryssar Lærdalselva og går inn i ein flat, lang dal. Vidare opp langs elva slyngjer vegen seg på til dels høge murar, mange stader med bratte uframkomelege fjellhamrar over, og djupe gjel nedunder. Forsvarsverka ligg i nedre og øvre delen av dette vanskelege området. På nordsida går den gamle kongevegen, heilt ubrukeleg som køyreveg, men framkomeleg til fots. Over Seltåsen og Steinsåsen gjekk kaptein Finne sin veg frå 1845-1847. Denne vart sentral i Nedre sperre og som sambandsveg til Øvre sperre. Heile åsen var stengd for sivil ferdsle.

Nedre sperre - frå Seltun til Galdane

Forsvarsanlegga ligg frå Seltun bru, langs dalsidene til Koren, der vegen svingar rett mot nord og om lag 800 meter vidare langs elva. Kommandoplassen låg godt gøymt i ei bergskor i Koren med fleire maskingevær-stillingar rundt.

Ei bombekastarstilling i grovura opp for husa på Seltun låg 200-300 m frå veg og bru. Fleire andre bombekastar- og kanonstillingar var førebudde langs gamlevegen opp Bresebakken. Godt gøymde vegar batt stillingane saman. Troppetrinn i grovur, jarnbøyler til å kliva i og ei gangbru over elva høyrde til.

Dalen er trong og svingete. Åtak frå fly ville ha liten effekt. Saniteten hadde lasarett under den gamle Sledahelleren, der lass-køyrarane i gamal tid skifta frå hjul til slede når dei skulle austover om vinteren.

Øvre sperre - frå Steine til Husum

Ved Øvre sperre går vegen i eit trongt skar mellom bratte fjell. Den smale vegen låg på ei smal innskoten hylle eller på høge murar over vanskelege gjel. Murane var underminerte og heile vegstrekninga var dekka av fleire maskingevær-stillingar i terrenget rundt Olavsklemma og i berghammaren opp for Sjurhaugen. Dei sist nemnde er særleg interessante. Løpegrava går i tronge skar og under steinar gjennom ura.

Øvre sperre er open for flyåtak og det var tilfluktsrom nær dei største anlegga. Eit større rom er sprengt inn i fjellet ved Olavsklemma. Brua over elva ved Sjurhaugen skulle også sprengjast.

Strategi

Alle stillingane er bygde for åtak frå vest. Den kilometer lange strekninga frå brua ved Seltun låg open for eld frå stillingar oppe i dalsidene. Mogelege motorkøyretøy ville verta stoppa lengre oppe av utsprengde murar og eld frå andre sida av elva.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Eit oversyn over tyske militære avdelingar i Lærdal 1940-45.
Lærdal kommune, lokalhistorisk kontor:
Registreringsskjema for tyskernes anlegg og aktiviteter i Norge 1940-45, ved Knut Nesse og Kristian Gjerde.
Samtalar med fleire gamle lærdøler.
"No luktar det fred"! Lærdal kommune 1995.

Sjå også:

PERMANENT IDENTIFIKATOR