Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Løland leir



Vinteren 1941-42 var tyskarane i gang med å bygge ein ny brakkeleir i utmarka like sør for Løland bru, og i februar 1942 var ein tropp med infanteri-soldatar forlagt i leiren.

Løland leir ligg i utmark, og området er tilvakse med skog. Her ser vi grunnmuren til ei stor brakke som var kjøkken og matsal. Truleg var det denne brakka som etter krigen vart flytta til Eidsneset, og nytta til ungdomshus for Åfjorddalen.

Løland leir ligg i utmark, og området er tilvakse med skog. Her ser vi grunnmuren til ei stor brakke som var kjøkken og matsal. Truleg var det denne brakka som etter krigen vart flytta til Eidsneset, og nytta til ungdomshus for Åfjorddalen.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 2000.

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge.

Underavsnitt "Sognefjord"

Leiren vart bygd som eit supplement til leiren på Hyllestad, og hausten 1943 vart staben og pioner-troppen til Festnings-Infanteri-Bataljon 666 flytta inn til Løland leir. Denne staben var leiing for underavsnitt Sognefjord, og med det fekk sjefen for det tyske landforsvaret av ytre Sogn sete i Løland leir. Leiren hadde 18 store og små bygningar, og her var garasje med verkstad, hestestall, mannskapsbrakker, offisersbrakke, stabsbrakke, kjøkken med matsal, lager og verkstad. Fire små brakker var ammunisjonslager, og låg litt i utkanten av leiren. Leiren skulle også vere samleplass for såra soldatar, difor var her også sanitetspersonell og forbindingsplass. Talet på soldatar varierte truleg mellom 50 og 100 befal og menige.

Reservat for tyske krigsfangar

Hausten 1944 forlet tyskarane leiren, og den vart ståande tom det siste halve året av krigen. Men i mai 1945 kom det igjen tyske soldatar til leiren - denne gong som krigsfangar. Det var slik at etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 skulle alle tyske soldatar snarast råd ut av festningsanlegg og større byar. Difor vart det frå alliert side bestemt at leirane i Hyllestad, utanom Nesje, skulle nyttast til reservat for tyske krigsfangar frå Bergen. Omlag 500 tyske soldatar kom difor til Hyllestad i slutten av mai, og den siste tyske soldat reiste først i september 1945. Etter den tid la det norske Forsvaret band på leiren med tanke på at den kunne nyttast av Heimevernet. Våren 1946 vart planane lagt på is, og leiren vart nedlagd.

Auksjon i leiren

3. juni 1946 heldt lensmannen i Hyllestad auksjon på lausøyre i leiren Løland. Her kunne folk kjøpe eit bord eller ein stol for 1 krone, eller eit skap til 2 kroner. Eit skrivebord gjekk for 67 kroner, og eit eikeskap for 65 kroner. Kanskje var det møblar etter den tyske sjefen ? Totalt kom det inn kr. 5.956,25 på auksjonen. Dette var ein vanleg framgangsmåte dei stader det norske forsvaret ikkje lenger hadde interesse av det tyskarane etterlet seg. Forsvaret fjerna våpen og ammunisjon, grunnen vart frigjeven, og lausøyre vart selt til inntekt for staten.

Tyskar-brakker til nytte

Sal av brakkene vart i september 1945 lagt til Fylkesforsyningsnemnda, men det var lensmannen som var tilsynsmann og som stod for det praktiske arbeidet i kommunane. Nemnda tildelte kommunane brakker etter ynskje, og nokre brakker vart nytta til kommunale føremål, medan andre brakker vart selde. Av innpå 100 brakker i leirar i Hyllestad kommune vart 8 brakker sende til Solund, 21 brakker til Finnmark, og 3 brakker vart gitt til ungdomslag i kommunen. Frå Løland leir vart ei brakke flytta til Sørefjorden, og nytta til skule. Ei brakke vart flytta ned til Leirvik, og nytta som bustadhus. I juli 1946 starta fordelinga og salet av brakkene i Løland leir. Verdien av offisersbrakka var sett til kr. 1.000, medan eit utedo gjekk for 30 kroner. I november 1946 var salet slutt, og skogen tok igjen over leirstaden.

Ansikt hogd i stein

På ein liten berghammar inst i leiren kan ein i dag sjå eit ansikt hogd i hammaren. Truleg er arbeidet gjort av ein tysk soldat medan han var stasjonert i leiren. Kvifor han gjorde det veit ingen, men kanskje var det for å få tida til å gå, eller var det på grunn av heimlengt?

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Berge, Hans: Ulike dokument og skriv som gjeld sal av tyske brakker i Hyllestad kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR