Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Storsundet - viktig base for illegalt arbeid under krigen



Storsundet i Solund vart under krigen ein viktig base og eit sentralt knutepunkt for illegalt arbeid i Sogn. Shetlandsruta nytta staden til lager av våpen og krigsmateriell, som etter kvart vart sendt vidare innover Sognefjorden. Lagringstaden i Storsundet vart aldri oppdaga av tyskarane.

Storsundet sett mot nordvest og storhavet. Det tronge innløpet var djupt nok for skøyter og subbar. Storsjø bryt lett att opninga, og då er det uråd å ta seg igjennom. Terrenget er sterkt kupert og veleigna for den som må halde seg løynd.

Storsundet sett mot nordvest og storhavet. Det tronge innløpet var djupt nok for skøyter og subbar. Storsjø bryt lett att opninga, og då er det uråd å ta seg igjennom. Terrenget er sterkt kupert og veleigna for den som må halde seg løynd.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1987.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Ei kaldsleg opning i svartfjellet.

Som ein trassig knyttneve mot Straumsfjorden ligg Storenova og toppar endå meir opp straumskavlen og havbårene ved Storsundet. Det kan iallfall ikkje vere innløpet som har gjeve plassen namn. Opninga mellom dei steile bergsidene er kanskje 10-12 meter brei er, men innafor er ein overraskande vid og lang våg, som endåtil deler seg i to. Det tronge innløpet lenger sør er berre for robåtar i svartestille på flo sjø. Frå utsida er opninga vanskeleg å oppdage og gjev dessutan eit kaldsleg inntrykk. Folketomt og avsides, men ein meir ideell landings- og gøymeplass for krigsmateriell og folk fanst knapt på Vestlandet.

Vågale føretak

Plassen låg også i ly for dei tre tyske signalstasjonane i Solund, dvs.like til februar 1944 då tyskarane sette seg fast på Utvær fyr. Men nøyaktig eitt år etter skaut engelskmennene fyret i flammar. Det reduserte truleg tårnet som utkikspost for resten av krigstida.
Det var Hjønnevåg-folka som åtte området. Dei hadde også bygt ei lita laksehytte der, slik at dei kunne overnatte og spare ein rotur når dei røkta laksenøtene om sommaren. Fleire av Hjønnevåg-karane føretok tidleg særs vågale transportar av agentar, radiosendarar og flyktningar, og grenda kom til å utvikle seg til eit aktivt motstandsreir.

 

Våpenlast på avvegar?

Den første våpensendinga kom hit alt i januar 1943. Den var ikkje under Milorg-kontroll, så mottakarane fann henne ikkje att! Men Johan L. Hjønnevåg kunne snart gje dei løysinga: Storsundet.
Heilt inst i Storsundet kunne subben Hitra leggje til ved eit berg nesten som ei kai. I eit søkk rett ovafor vart våpen og utstyr lagra og dekt med presenning, lyng og torv. Terrenget er nokså ulendt. Derfor var lageret vanskeleg å oppdage. Det hende dei delte ei last opp og gøymde henne på to plassar, slik det var med første sendinga. Hjønnevåg-karane kom med i Milorg.

Illegalt arbeid

Laksehytta på Storsundet og likeins ein uteflor eit par hundre meter frå bustadhusa i Hjønnevåg vart mellombels innkvarteringsstader for aktørar i illegalt arbeid. I utefloren var ei tid 13-14 mann. Mat laut til, folk måtte både i bås og stekke med slaktekniven. Dei handlande, i første rekkje Oskar Eide på Kolgrov, sytte for anna nødvendig.
Både lensmann Johannes Mathiesen og sokneprest Hjalmar Storeide vart i 1943 suspenderte frå stillingane sine. Dei var begge ivrige motstandsfolk som organiserte skyssturar både meir lokalt og langt inn Sognefjorden. Begge hadde motorbåtar og hjelpte Gestapo-ettersøkte med dekning eller med å få dei ut av landet.

Med not over luka

Frå våren 1945, då heimestyrkane skulle rustast opp, vart våpentrafikken sterkare organisert. Både Milorg-leiar og Linge-karar inspiserte og lovprisa Storsundet. Mathiesen og Storeide varsla når laster skulle komme og ordna med vidare transport. Hjønnevåg-karane tok imot og leverte. Folk frå Færøy tok på seg å føre materiellet vidare inn Sognefjorden. Andre stilte og i transporten. Over romluka drog dei not. Alt måtte føregå i all løynd. Fleire utførte lange skyssferder innover fjorden. På alle turar skulle det stoppast i Kvamsøy for vidare klarering. Så omfattande som aktiviteten frå Storsundet vart, er det eit under at ingenting kom opp.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten. Bind 2. Samlaget. Oslo 1967.
Irvine, James W.: Men bølgene er jo fri. Shetland/Noreg forbindelsene 1940 - 1945.
Arnfinn Haga. Fleire av bøkene hans har Solund-stoff som inkluderer Shetlandsfart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR