Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Todørshelleren - møtestad for motstandsfolk



Spesielt siste krigsvåren, i 1945, føregjekk det meir dramatisk verksemd i bygdene våre enn folk flest var klar over. Todørshelleren var ein av dei viktige møteplassane for motstandsfolk i Nordfjordområdet våren 1945. Helleren ligg på austsida av Hyefjorden, ca. ein kilometer nord for garden Kleppenes.

Frå Todørshelleren er utsikta god innover Hyefjorden. Garden Kleppenes, der Bernhard og Kristian budde, ligg på neset litt til venstre for midten av biletet. Terrenget i Hyestranda er ulendt. I dag er det veg langs fjorden. I 1945 var båten einaste framkomstmidlet, om ein skulle kome seg frå Hyen, inst i fjordbotnen, til Hestenesøyra ytst i fjorden.

Frå Todørshelleren er utsikta god innover Hyefjorden. Garden Kleppenes, der Bernhard og Kristian budde, ligg på neset litt til venstre for midten av biletet. Terrenget i Hyestranda er ulendt. I dag er det veg langs fjorden. I 1945 var båten einaste framkomstmidlet, om ein skulle kome seg frå Hyen, inst i fjordbotnen, til Hestenesøyra ytst i fjorden.

Eigar: Gloppen kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Sentrale motstandsmenn i Nordfjord

På Torheim hadde Kåre Torheim og brørne hans gøymt unna eit våpenlager då krigen braut ut. Milorg vart etter ei hending i Høyanger i februar 1945 rulla opp over heile fylket, og Gestapo rekte spora også til Torheimsbrørne, og slo til mot garden. Far til brørne og yngste bror, Olav, på 15 år, vart grovt mishandla av Gestapo, medan Kåre og Trygve låg like ved tunet og var vitne til det som hende. Tyskarane fann ikkje våpenlageret på Torheim.

Dei tre brørne Kåre, Sverre og Trygve slutta seg til Milorg-gruppa Snowflake då denne vart organisert i Ålfotdalen vinteren 1945. Og særleg Kåre fekk etter kvart ei sentral rolle i motstandsarbeidet i midtre- og indre Nordfjord desse første, dramatiske månadene i 1945.

Bernhard Kleppenes og Martinius Mettenes var kurerar i midtre Nordfjord. Bernhard budde på Kleppenes og førte skyssbåten ''Hyefjord''. Familien hadde også motorbåten ''Småkleppenesen''. Bernhard meinte at Todørshelleren måtte vere ein eigna stad for illegal verksemd, og då han fekk melding om at Kåre Torheim låg ved Lunden, no Yksenelvane kraftstasjon, og ville vekk derfrå, henta han Torheim og mennene hans med ''Småkleppenesen'' og førte dei til Hyestranda og Todørshelleren.

Todørshelleren - ein viktig møtestad

Kristian Kleppenes, bror til Bernhard, har vore viktigaste informanten om helleren og aktiviteten der. Han og Bernhard bar mat til karane, som periodevis budde i helleren i desse 2 - 3 vårmånadene i 1945. Kristian kunne fortelje at det skifte mykje kven som heldt til på samlingsplassen. Ein dag var Kåre Torheim der saman med Sverre, bror sin, og to ukjende ''rømlingar''. To - tre dagar seinare var rømlingane vekke.

Ein annan gong var det folk frå fleire av nordfjordbygdene til stades i lag med ein kar frå Sunnmøre. Mykje tyder på at den sistnemnde måtte vere Harald Svindseth, leiaren av Milorg-gruppa i Fjordane.

Lensmann Årnes i Stryn vart ein dag henta med drosje og køyrd til Kleberget, vest for Vereide. Derfrå vart han rodd til helleren i Hyestranda. Der møtte han mellom anna Kåre Torheim og Svindseth. Årnes fekk med melding attende til Stryn om kva som var dei prioriterte oppgåvene; nemleg å forsvare elektrisitetsforsyninga, telegrafen, samt Strynefjellsvegen, så langt som dei kunne makte det.
På spørsmål om kva dei elles gjorde på i helleren, svarar Årnes kontant:
''Det gjekk i planlegging, kaffidrikking, engelsk kokesjokolade og våpeninstruksjon!''

Todørshelleren

Helleren har fått namnet sitt fordi det er to utgangar frå han. Ved kvar utgang var det sett opp ei maskingeværstilling. Inne var det plassert eit steinbord. Truleg var det bygt opp briskar av enkelt treverk og høy den gongen helleren var i bruk.
Nedanfor helleren, ved ein stor stein, var det god utsikt over heile fjorden. Ingen skulle kunne nærme seg utan å bli oppdaga av vakta.

Krigsminne fram i lyset

Dei same karane som fekk eit anna krigsminne frå Gloppen fram i lyset, Russehola, har hogge vekk skog og merkt stien opp til helleren. Eit skilt rett sør for Fløgatunnelen, ved riksveg 615, fortel kvar stien startar. I dag er helleren lett å finne, men slik var det ikkje tidlegare. ''Då eg skulle oppsøkje helleren ein månad etter at eg var der første gongen, stod det ikkje i mi makt å finne han att,'' fortel Berent Sandene. Todørshelleren var såleis ein veleigna stad for den spesielle verksemda som vart driven der i vårmånadene i 1945.

kjelder:

Informasjon frå:
Berent Sandene, som igjen hadde fått informasjonen sin gjennom samtalar med Kristian Kleppenes, Sandane, major Kåre Torheim, Eid og lensmann Sigmund Årnes i Stryn. Kristian Kleppenes døydde for nokre år sidan. Kåre Torheim døydde i 2002. Sigmund Årnes døydde i 2012.

Inge Fænn, tidlegare redaktør for avisa Fjordingen i Stryn, stadfesta i telefonsamtale med forfattar av artikkelen at han hadde fått dei same opplysningane i intervju/samtale med Sigmund Årnes.

PERMANENT IDENTIFIKATOR