Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Begla - våpenlager med mørke skuggar



Beglevågen ytst i Solund må vere den kortaste vågen i landet. Her hadde motstandsrørsla våpenlager under krigen 1940-1945. Tyskarane oppdaga lageret og slo til 2. mai 1943. Fire menn vart arresterte og sende til fangeleirar i Tyskland.

Kutteren som kom med våpenlasta, kunne ikkje leggje til her i Beglevågen, det er få dagar ein kan lende robåt dessmeir. - <i> Etter at båten var tømt, losa eg dei vest forbi Utvær før eg tok på den lange roturen heim,</i> fortel Peter Henriksen.

Kutteren som kom med våpenlasta, kunne ikkje leggje til her i Beglevågen, det er få dagar ein kan lende robåt dessmeir. - Etter at båten var tømt, losa eg dei vest forbi Utvær før eg tok på den lange roturen heim, fortel Peter Henriksen.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2000.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Det fyrste i Solund

Godt ein kilometer aust for Utvær stig øya Begla bratt or havet. Her er ingen verestad for anna enn sjøfugl. Men skriftlege kjelder fortel at her har budd folk, same kor urimeleg det høyrest ut. Berre på austsida kunne robåtar lende i bra vêr så utværkvinnene kunne snippe or dei få kyrne som beitte her. På sørvestsida, mot opne Nordsjøen, ligg ein knapt hundre meter lang våg med havskura, svarte bergsider. I glopurda her vart det første våpenlageret i Solund plassert. Det skulle vere ein mørekutter som kom inn med det, tidleg på våren i 1942.

Johannes i Begla

Om bord i kutteren var også Lingekaren Paul Kråkenes, ein suling som budde i Gulen. Han kjende godt brørne Harald og Peter Henriksen på Husøy. Paul var sør i Gulen og henta to brør. Saman førte dei våpenlasta i land og frakta kollia opp og inn i ei grov urd. Fire Lingekarar hadde ansvar for vidaresending. Kontaktnamnet vart Johannes i Begla. Ingen heitte det.
Seinare oppdaga nokon lageret, kassar var opna, og ein framsett. Brørne Henriksen ordna opp att. Dei fekk ein støkk, men valde ikkje å rømme i otte for represaliar mot familien. Det vart aldri seinare påvist rapportering om lageret.

Svart røyksky over Beglevågen

Ein dramatisk arrestasjon i Sunnhordland, der ein Lingemann brutalt vart torturert i dagevis, enda med at dekknamnet vart kjent. 2. mai 1943 slo tyskarane til. Ein torpedobåt kom frå Bergen. På Utvær fann dei to med namnet Johannes. Dei laut vere med til Begla og påvise lageret. Frå Husøy såg dei marinebåten, og ei svart røyksky over Beglevågen. Ennå var det tid til å rømme, men otte for huslyden heldt dei att. Dagen etter vart brørne Henriksen tekne på mistanke Lageret låg på deira eigedom, og i tillegg fann tyskarane ein utanlandsk sjokoladebit i huset.

Jul i Sachsenhausen

Torpedobåten med Peter og Harald Henriksen om bord gjekk straks til Bergen der dei hamna i eineceller på Bergen kretsfengsel. Det skifte mellom forhøyr og tortur heile sommaren. Dei to brørne Kråkenes, som var med og bar kassane i land, vart arresterte 2-3 veker etter Begla-aksjonen. Alle fire vart i desember førte til Oslo, og 9. desember gjekk ferda med D/S Donau til Tyskland og fangeleirar fleire stader. Peter og Harald var i same fangeleirane, i ulike fangeceller, men likevel visste dei om kvarandre. Sidan Peter var hovudmannen, fekk han hardast medfart.

To år er mange timar

Ved frigjeringa var begge brørne totalt avkrefta. Peter måtte berast or leiren på båre. Flekktyfus, tuberkulose, og tortur gjorde at begge måtte ha lengre sjukehusopphald før dei kom heim til Solund. Ingen av dei vart sterke meir, men begge fekk eigne familiar. Harald overtok på Husøy og Peter budde i Fana. Det nære samhaldet mellom dei varte livet ut.
Også dei to Kråkenes-brørne frå Gulen overlevde så vidt det var. Til all lukke vart Begla-affæren avgrensa til berre desse fire.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR