Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Ospa - idyll med sterk krigshistorie



Motortorpedobåten MTB 345 måtte i 1943 søke inn til Ospa i Solund grunna mangel på drivstoff. Den kom seg ikkje vidare, og vart oppdaga av tyske fly. Tyske styrkar gjekk kort etter til åtak, og heile mannskapet på 7 måtte overgje seg. Dei vart handsama som sabotørar og skotne den 30. juli 1943. To motstandsfolk gøymde seg i berghola Ospekirkja.

Utsikt frå Hugøy mot Færøy, heilt til venstre Ospa. I bakgrunnen skimtar me Værlandet og til høgre Alden. Over her krinsa tre fly ei god tid før dei observerte MTB 345.

Utsikt frå Hugøy mot Færøy, heilt til venstre Ospa. I bakgrunnen skimtar me Værlandet og til høgre Alden. Over her krinsa tre fly ei god tid før dei observerte MTB 345.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: Ca. 1987.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Våpenlager midt i idyllen

Ospa er eit fortetta konglomerat av idylliske vikar, holmar, små og større øyar, og i midten ein romsleg, spennande lagune som ein kan komme inn til gjennom eit par smale sund, frå vest og sør. Sommarsdagen er det ein ynda kvileplass for båtfolk som trivst i urørt natur og vil vere litt åleine.
På ein liten holme vel gøymt under lyng og torv låg i 1944 eit våpenlager som tyskarane ikkje oppdaga. Kutteren som skulle føre utstyret sør til Austfjorden, måtte gjere to turar for å finne det. Tyskarane hadde kanskje peiling, men namnet var lett å forveksle med Oldra, der dei greidde å ta eit våpenlager.

Stor fart, men små drivstofftankar

MTB 345 var ein liten, spesialbygd båt på berre 55 fot, konstruert for tronge farvatn. Han kunne gjere 40-50 knop, men hadde liten aksjonsradius. MTB-ane var jamnast to saman under aksjonar. 345 måtte ha med ein annan MTB for å frakte bensinkanner til turen attende. Bensinlager gøymde dei både i Oldra og Ospa. I Ospa lak bensin ned i sjøen og gav frå seg lukt. Færøyfolk flytta dei tette kannene inn på ei vik og forankra dei under vatn. 345 kom om seinkvelden til Ospa for å hente bensin, og la seg under ein berghammar med kamuflasjenett over. Men ingen bensin var å finne.

Leit under båten!

Lokalkjende folk tipsa om at dei kunne leite under båten! Diverre var det feil oktan. MTB-en hadde likevel hatt nok til å nå engelsk flyvern vest i havet, men valde å liggje i ro. Det vart lagnadstungt. Neste dag vart båten oppdaga av tyske fly, som kanskje var varsla frå signalstasjonen på Hugøy. Soldatar vart sette i land frå aust, marinebåtar gjekk inn i sunda, og dermed var dei omringa. Tyskarane greidde å hindre at dei fekk øydelagt båten. Det seiest at det vart ei kort skyting, at minst ein tyskar vart drepen og ein norsk skadd.

Sprengladningar i kistene

Mannskapet på sju, seks norske og ein engelsk radiotelegrafist, vart førde til Ulven og overletne til Sipo. Dermed vart dei handsama som sabotørar og ikkje som krigsfangar. Den 30. juli 1943 vart dei skotne i eit skogholt etter ordre frå Siposjefen, Fehlis. Dette barbariske krigsbrotsverket gjekk føre seg i all løynd. Kistene vart senka på djupt vatn i Krossfjorden med sprengladningar i så alt kunne løynast. Etter krigen kunne ikkje Siposjefen Fehlis trekkjast til ansvar. Han kom seg unna å svare for alle sine ugjerningar ved å ta sitt eige liv 8. mai 1945. MTB 345 vart taua til Bergen.

Telt i kyrkja

Men folketomme Ospa gøymer sine løyndommar vel. Det er ikkje enkelt å oppdage inngangen til hola Ospekirkja heller, og endå verre etter at plantefeltet vaks til. Men inni der hadde sulingen Oskar Netteland og ein annan teltet sitt då dei våren 1943 opererte radiosendar her. Frostvinteren før hadde Oskar lege i Krakhellefjellet og rapportert frå lufta og skipsleier. Folk prata om to framande i Ospa. Gode folk på Færøy varsla og organiserte reise derifrå. På svenskegrensa vart dei to arresterte. Oskar sat på Akershus til krigsslutt, det siste året som dødsdømd. Så vasstette skrøner laga dei to at ingen kontaktar vart avslørt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Sørhus, Kjell: MTB 345. Hjemmenes Forlag. Oslo 1970.
Storm-Bjerke, H.: Klar til kamp. Irvine, James W.: Men bølgene er jo fri. Shetland/Noreg forbindelsene 1940 - 1945. S. 154.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten. Bind 2. Samlaget, Oslo 1967.

PERMANENT IDENTIFIKATOR