Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsminne i Rutledal



Alt i mai 1940 kom tyskarane til Rutledal og bygde eit anlegg for utskyting av torpedoar. Seinare starta bygginga av eit kystfort, og infanterisoldatar kom også til Rutledal.

Dersom ein reiser med ferja mellom Rysjedalsvika og Rutledal, kan ein ved Rutledal sjå denne falleferdige bygningen. Det er ikkje eit naust, men restane etter den tyske marine sitt første byggverk i fylket, torpedo-batteri Rutledal.<br />

Dersom ein reiser med ferja mellom Rysjedalsvika og Rutledal, kan ein ved Rutledal sjå denne falleferdige bygningen. Det er ikkje eit naust, men restane etter den tyske marine sitt første byggverk i fylket, torpedo-batteri Rutledal.

Eigar: Stian1357/WikimediaCommons.

Datering: 2016.

Fotograf: Stian1357/WikimediaCommons.

Tyngdepunkt ved Sognefjorden

I 1940 var det viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av eit torpedo-batteri i Rutledal, og eit kystfort på Nesje. Tyskarane la tyngdepunktet i forsvaret av Sognefjorden til Nesje og Rutledal, og her skulle dei med kanonar og torpedoar kunne stanse alle forsøk frå engelsk side på å gå inn fjorden. I 1941 vart forsvaret av Sognefjorden forsterka med eit nytt kystfort i Rutledal, og nok eit kystfort på Nesje. Til sist i 1942 kom eit kystfort ute på Risenes.

Bilete av det tyske kystfortet i Rutledal i mai 1940.

Torpedo-batteriet i Rutledal

Torpedo-batteriet i Rutledal var ikkje eit avansert anlegg, men var samansett av ein enkel bygning og ei torpedokanon med tvillingrør. Som mannskap var det nok med 14 mann. Torpedobatteriet i Rutledal var truleg det første kystforsvarsanlegg tyskarane hadde ferdig i Sogn og Fjordane under krigen 1940-45. Etter krigen vart torpedo-batteriet nytta av det norske Kystartilleriet fram til 1954 då det vart demontert og nedlagt.

Kystfortet i Rutledal

Våren 1941 kom den tyske hæren til Rutledal, og bygginga av eit kystfort ovanfor torpedo-batteriet tok til. Heile neset aust for dagens ferjekai i Rutledal vart lagt band på til dette formålet. Det budde ikkje folk i dette området, men tyskarane rekvirerte husrom i alle hus inne i bygda i Rutledal. Fortet vart bygd i fleire høgder frå sjøen og oppover til toppen av åsen der ein luftvernkanon stod 100 meter over havet. Like nedanfor vart det støypt ein enkel bunker til kommandoplass. Om lag midt nede i bakkane vart hovedskytset plassert. Heile området var inngjerda av store piggtrådsperringar, og i utmarka var det lagt ut 4.731 landminer.

Illustrasjon av ein tysk S-Mine.

Fakta om kystfortet i Rutledal:

Tysk namn på fortet : HKB 15./981 Kirkeöen Mannskapsstyrke : 96 befal og menige soldatar Hovedskyts : 4 tyske 10 cm feltkanoner Stridsklart : Mai 1941

Bilete av eit av kanonstillingane.

Infanteristøttepunkt "Wasserscheide"

Våren 1942 vart også tyske infanteri-soldatar stasjonerte i Rutledal. Tyskarane frykta ein fiende kunne komme oppover dalen frå Haveland, og falle i ryggen på avdelingane nede i Rutledal. Infanteri-soldatane fekk i oppdrag å sikre Rutledal mot eit slikt angrep. Difor etablerte tyskarane øvst oppe på Rutledalen eit støttepunkt som dei kalla "Wasserscheide" - vasskilje. Køyrer ein med bil over Rutledalen i dag, kan ein her sjå grunnmurar etter brakker, fleire små bunkerar, løpegraver og skytestillingar for infanteri-våpen. Tyskarane hadde også sett opp piggtrådsperringar og lagt ut 192 landminer ved støttepunkt "Wasserscheide".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge. Tromsdalen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR