Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nesje Fort



Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Byggeleiinga var tysk, men store deler av arbeidet vart utført av norske entreprenørar og arbeidarar.

Skarpskyting med kanon på Nesje Fort i september 1992. Det vert brukt amerikanske 76,2 mm kanonar, og mannskapet er frå Sjøheimevernet, område 851.

Skarpskyting med kanon på Nesje Fort i september 1992. Det vert brukt amerikanske 76,2 mm kanonar, og mannskapet er frå Sjøheimevernet, område 851.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 1992.

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge.

Marine-Batterie "Sognefjord"

I 1940 var det viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av eit torpedo-batteri i Rutledal, og eit kystfort på Nesje. Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål utover Sognesjøen, og på den måten sperre innseglinga til Sognefjorden. Kystfortet låg fint til ved sjøen, og både brakker og etter kvart utstyr var av høg kvalitet. Ser ein bort frå skyteulukka i juni 1941, hadde dei tyske soldatane ei stille og roleg tid på Nesje under krigen. Etter den tyske kapitulasjonen i 1945 gjekk batteriet inn i det norske Kystartilleriet.

Kanonar frå panserskipet "Tordenskjold"

Dei tre første kanonene som kom til batteriet hausten 1940, kom frå det norske panserskipet "Tordenskjold". I 1900 hadde Norge fire panserskip, alle bygde i Newcastle og dei var på den tid topp moderne skip. Den 9. april 1940 hadde tida gått frå skipa, og to låg i opplag ved Horten, medan dei to siste vart senka ved Narvik. Eit av skipa som låg i opplag ved Horten var "Tordenskjold". Tyskarane meinte dei kunne nytte kanonene på skipet til kystartilleri, og starta demontering av kanonene. Slik kom tre 12 cm Armstrong kanoner frå panserskipet "Tordenskjold" hausten 1940 til batteri "Sognefjord" på Nesje.

Skyteulukka på Nesje

Den 28. juni 1941 var det skarpskyting med kanonene, og alle mannskap var på plass ved dei tre kanonene. Normalt var det åtte mann ved kvar kanon, men på denne tida var det komne nye rekruttar til Nesje, og dei vart fordelte med 5-6 mann på kvar kanon for opplæring. Det var ein fin sommarkveld, men ved 3. kanon vart kvelden ein tragedie. Sluttstykket var truleg ikkje i lås då kanonen vart avfyrt, og eksplosjonen frå drivladninga slo bakover og ut blant soldatane som stod ved kanonen. Heile mannskapet på 14 mann mista livet i eksplosjonen. To år seinare fekk batteriet fire heilt nye og moderne 12,7 cm kanonar. Desse kanonane er framleis i 1999 i bruk på Randøya Fort ved Kristiansand.

Fakta om kystfortet på Nesje:

Tysk namn på fortet : MKB 7./504 Sognefjord
Mannskapsstyrke : 128 befal og menige soldatar
Hovedskyts : 4 Skoda 12,7 cm SKC/34 skipskanonar
Stridsklart : November 1940

Fakta om kystfortet i øvre leir på Nesje:

Våren 1941 bygde tyskarane eit kystfort til i bakkane ovanfor garden på Nesje, og i juni 1941 måtte grunneigaren med familie forlate garden. I august 1945 fekk familien flytte heim igjen, og det tyske kystfortet vart etter eit par år lagt ned.

Tysk namn på fortet : HKB 14./981 Naesje
Mannskapsstyrke : 88 befal og menige soldatar
Hovedskyts : 4 tyske 10 cm feltkanonar
Stridsklart : Mai 1941

Nesje Fort - norsk støttepunkt ved Sognefjorden

I juni 1945 kom norske vaktsoldatar frå Kystartilleriet til Nesje, og det tidlegare tyske batteri Sognefjord vart omdøpt til Nesje Fort. Fortet var eit prima anlegg, låg strategisk til ved Sognefjorden, og etter krigen var Nesje Fort det einaste ex-tyske kystfortet Forsvaret ville bruke i Sogn og Fjordane. Fram til 1951 var Nesje Fort eit fullt oppsett kystbatteri under Kystartilleribrigade Vestlandet, og frå 1952 under Fjordane Heimeverndistrikt 10 (HV-10). Men i 1958 var tida som kystbatteri forbi, og alle kanonar og utstyr vart fjerna. Sidan vart Nesje ein viktig øvingsplass og støttepunkt for Heimevernet, og frå 1975 vart Nesje igjen forsterka med to amerikanske 76,2 mm kanoner. Desse kanonane vart fjerna i 1997, men framleis er Nesje eit viktig støttepunkt for Heimevernet i Sogn og Fjordane.

Tilbake til fortet

Som ung tysk soldat var Werner Hohensee stasjonert på Nesje nettopp då skyteulukka hende. Ulukkesdagen var han mannskap ved ein annan kanon, men mange av soldatane som mista livet var hans kameratar. Hendinga den gong gjorde eit sterkt inntrykk på den knapt 18 år gamle soldaten, og Hohensee har fleire gonger etter krigen vore tilbake til Nesje. I 1997 laga M.H. Sleire og K.H. Pedersen ein dokumentarfilm om hans gjensyn med Nesje Fort.

Mista bror sin på Nesje

I 1995 vart Fylkesarkivet kontakta av ei dame busett i Tsjekkia. Ho hadde mista to brør under krigen, og om den eine broren visste ho berre at han som tysk soldat 28. juni 1941 mista livet ein stad ved Sognefjorden i Norge. Nesten 55 år seinare fekk ho svar på kva som hadde hendt. Namnet til broren stod på støtta på Nesje, og soldatane var gravlagde i Bergen. Sommaren 1996 fekk ho endeleg vitje broren sin siste kvilestad på Solheim kyrkjegard i Bergen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
Fjeld, Odd T: Klar til strid Kystartilleriet gjennom århundrene. Oslo 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR