Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsminne på Risenes



I juni 1942 sende tyskarane evakueringsordre til eigarane av dei fire gardsbruka på Rise, og dei fekk tre dagar på seg til å pakke og flytte bort frå garden. Det skulle byggjast kystfort.

Mot slutten av krigen var tyskarane i gang med å fjerne hjula på kanonqne og sette dei i ein 'Ringstan' slik vi ser på dette biletet. I bakgrunnen ser vi Krakhellesundet.<br />

Mot slutten av krigen var tyskarane i gang med å fjerne hjula på kanonqne og sette dei i ein 'Ringstan' slik vi ser på dette biletet. I bakgrunnen ser vi Krakhellesundet.

Eigar: Bjarne Thune/Wikimedia Commons.

Datering: 2008.

Fotograf: Bjarne Thune/Wikimedia Commons.

Kommandoplass med fjellanlegg

Kystfortet på Risenes var det fjerde og siste tyskarane bygde ved innløpet til Sognefjorden. Formålet med kystfortet var kanoner som kunne nå mål vestover Sognesjøen og i skipsleia nordover mot Krakhellesundet. Eit stort område på Risenes, og på fjellet mot aust, vart ein del av fortet. Garden til Torstein Brensdal vart liggande omlag midt i fortet, og batterisjefen tok gardshuset til forlegning. Like ved vart ein bunker bygd til kommandoplassen. Ei tid seinare starta tyskarane arbeid med ein ny solid kommandoplass i fjellet like bak den første. Frå denne bunkeren vart det sprengd ut ein tunnel inn til eit fjellanlegg med to fjellhallar.

Bilete av panserdører i kommandoplassen.

Kanonane

Hovedskytset til batteriet var fire franske 10,5 cm feltkanonar og to russiske 8,8 cm kanonar. Ein stor del av kanonane tyskarane brukte i sine kystfort, var krigsbytte tyskarane hadde teke i andre land dei var i krig med. Kanonane vart plasserte i stillingar langs med vegen frå Risenesvika og sørover. På fjellet over Risenes var to luftvernkanonar plasserte. Det var aldri direkte angrep mot fortet på Risenes, men den 14. november 1944 vart rutebåten D/S "Gula" bomba av allierte fly då båten passerte Dingja. Kapteinen tok den brennande båten til land på Vareneset, midt i det tyske kystfortet. Dei tyske soldatane tok del i både brannsløkking om bord og berging av passasjerar.

Bilete av ei av dei fire 10,5 cm kanonane som stod på Risnes.

Anleggsarbeid

I åra tyskarane var på Risenes var det stor anleggsverksemd. Tyske ingeniør-soldatar og fagfolk frå Organisation Todt var i arbeid, saman med eit større tal norske arbeidarar. Det vart også bygd ei brakke for russiske krigsfangar, men det kom ingen til Risenes så lenge krigen varde. I tillegg til fjellanlegget til den nye kommandoplassen, vart ein stor bunker støypt ferdig i ein omgang. I tre dagar gjekk to store 500 liters sementblandarar utan stopp til arbeidet var ferdig. Andre stader i fortet vart det sprengd ut fem mindre tunnelar som skulle nyttast til lager for ammunisjon og dekning for soldatar.

Fakta om kystfortet på Risenes:

Tysk namn på fortet : HKB 16./981 Risenaes Mannskapsstyrke : 104 befal og menige soldatar Hovedskyts : 4 franske 10,5 cm feltkanoner 2 russiske 8,8 cm kanoner Stridsklart : September 1942

Rydding og nedlegging

I juni 1945 tok det norske Kystartilleriet over fortet på Risenes, og i august fekk folk flytte heim igjen til gardane sine. Men eit stort oppryddingsarbeid venta. Bøane var overstrødd med stein etter alle sprengingsarbeida, der var store steinfyllingar, knust takstein, piggtråd og nedslitne hus. Deler av fortet var også framleis bandlagt av Kystartilleriet med tanke på at det skulle bli eit permanent norsk forsvarsanlegg. Først 1. januar 1949 vart all eigedom formelt gitt fri til grunneigarane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge. Tromsdalen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR