Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Russehola - gøymestad for russiske krigsfangar


Hausten 1944 rømde fire russarar frå ein tysk fangeleir på Sandane. Med dristig innsats frå lokale hjelparar vart dei samla i Russehola. Gøymestaden ligg om lag midtvegs mellom gardane Sande og Devik, kring 300 meter oppe frå fjorden. Det lukkast aldri tyskarane å kome på sporet etter dei rømde.

Her er dei russiske krigsfangane samla utanfor hola i mai 1945, saman med dei som stod mest sentralt med matforsyning til rømlingane.

Her er dei russiske krigsfangane samla utanfor hola i mai 1945, saman med dei som stod mest sentralt med matforsyning til rømlingane.

Eigar: Gloppen kommune

Datering: 1945

Fotograf: Ukjend

Rømde frå krigsfangeleir

På Sandane var det under krigen ein fangeleir for russiske krigsfangar. Fangeleiren vart oppretta i 1943, og mellom 30 og 40 fangar heldt til her. Ut på hausten 1944 rømde fire av desse fangane. Dei fire fekk god hjelp både av folk frå Sandane og frå Sørstranda. Etter ulike rømmingsvegar og mykje dramatikk, vart dei til slutt plasserte i ei fjellhole mellom store steinar i den bratte Sandsstranda, ikkje så langt frå Sandsstøylen. Her heldt dei til frå oktober 1944 til freden kom i mai 1945.

Hjelpesmann måtte slå lag

Særleg avgjerande vart hjelpa frå ein kar som heitte Alex Krag. Han kom til Gloppen vinteren 1943/-44 og hadde tenkt seg vidare til England. Krag vart buande mellombels på Rygg, og vart raskt kontakta av hjelparane etter røminga. Han hadde russisk mor, og kunne ut frå dette kommunisere med fangane. I ein svært vanskeleg situasjon i bergingsarbeidet måtte Alex Krag gje frå seg passet sitt til tyskarane. Han kjende seg etter kvart svært utrygg og slutta seg etter ei tid til dei 4 russarane i hola. Alex Krag gifta seg seinare med ei jente frå Rygg og vart etter krigen buande i Odda.

Vanskeleg å oppdage

Russehola ligg i eit område med store steinar og er vanskeleg tilgjengeleg og vanskeleg å oppdage utan at ein veit nett kvar ho ligg. Det vart laga dør for opningen, og dei hadde omn og enkle møblar. Berre nokre få i bygda visste kvar russarane var gøymde, og dei fekk ei risikabel og farleg oppgåve med å skaffe dei mat. Sidan færrast mogleg skulle vite om kvar rømlingane var, måtte hjelparane ta maten der dei fann han. Dei stal han jamvel heime.

Tyskarane hadde klare tankar om at russarane var gøymde i området rundt Gloppefjorden, og dei hadde fleire aksjonar der dei leitte etter dei utan at dei nokon gong hadde hellet med seg.

Daglegliv i hola

Dagleglivet i hola var i følgje Alex Krag slik: Kvar dag klokka 8 klatra han opp i "vakttårnet" ei stor furu, for å halde oppsyn med båtar på fjorden. Dersom sambandsmannen deira kom utover, rodde han i ein ring på avtalt stad nede på fjorden, og ein av russarane vart send til møtes med han. Omnen i hola kunne berre fyrast opp i skodde og mørkt ver, på grunn av røyken, elles nytta dei primus.

Dagen gjekk så med til vedhogging, småreparasjonar, brødbaking m.m. Dessutan laga dei mykje små prydting, som øskjer, skrin og ringar. Onsdag og laurdag hadde dei spesielle ordningar med klesvask, barbering, hårklipping og bøting. Oppvask måtte dei ta kvar dag. Det var ordensmannen si oppgåve. Dei hadde radio, - Krag var kunnig med slikt og hadde sett saman radioen av deler Magnus Sande hadde skaffa han.

Først i 17. mai-toget

Etter at freden kom, vart russarane tekne vel i mot av bygdefolket då dei kom ned i bygda. Dei gjekk såleis først i festtoget på Sandane 17. mai 1945. Eit varmt venskap hadde vakse fram på tvers av språkbarrierar og ulik nasjonalitet. Etter at russarane reiste frå bygda, har ingen høyrt noko frå dei. Mykje tyder på at dei fekk ein tragisk lagnad når dei kom heim att til Russland.

Populært turmål

Russehola vart i 1990-åra restaurert og er mykje vitja både av skuleklassar, bygdefolk og tilreisande. Det er i dag merkt turløype frå Sandsstøylen til Russehola.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Bygdebok for Gloppen og Breim. Band II.
Fylkesleksikon:Agnar Nyhagen fortel til Ottar Starheim om røminga til fire russiske krigsfangar som var haldne løynt i Russarhola av lokale motstandsfolk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR