Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Oldra - stort våpenlager i berghole



Øya Oldra i Solund var under krigen lagerplass for store mengder våpen og krigsmateriell. Lageret vart avslørt ved eit brev tyskarane fekk fatt i. Brevet var sendt til den kjende motstandsmannen og kommunisten Peder Furubotn. Motstandsmannen Schrøder Evensen vart arrestert, og torturert til å påvisa lageret. Han greidde seinare å hoppa over bord frå ei gestaposkøyte og drukna natta mellom 7. og 8. september 1944. Truleg redda han på den måten livet til mange motstandsfolk.

På vestsida av Djupevågen kunne motortorpedobåt MTB 435 ta seg inn og i løynd bunkra frå eit godt gøymd bensinlager. Men på andre turen måtte bunkringa avbrytast og følgjebåten flykte i hu og hast vestover straks dei nådde kysten. MTB 345 smaug seg så inn på Djupevågen, men her fanst berre få kanner dei hadde løyvd på første turen. Difor gjekk han til Ospa, der han vart oppdaga.<br /> 
Vi ser leia Ytre Steinsund, mot sør.

På vestsida av Djupevågen kunne motortorpedobåt MTB 435 ta seg inn og i løynd bunkra frå eit godt gøymd bensinlager. Men på andre turen måtte bunkringa avbrytast og følgjebåten flykte i hu og hast vestover straks dei nådde kysten. MTB 345 smaug seg så inn på Djupevågen, men her fanst berre få kanner dei hadde løyvd på første turen. Difor gjekk han til Ospa, der han vart oppdaga.
Vi ser leia Ytre Steinsund, mot sør.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1987.

Fotograf: Foto: Hans H. Steinsund.

Som skapt for løynlege oppdrag

To smale vågar skjer seg til møtes og kilar nesten av ein bit synst på øya Oldra. Gode humreplassar, nærdjupt nok frammed rette berghamrar til at farty kan leggje innåt om ikkje drag frå havet eller skavl frå sør er til hinder. Djupevågen frå sør er noko meir synleg innpå. Likevel var her skjerma bunkringsplass for MTB 345 dei to turane han kom inn til Solund. Nokre bensinkanner vart til overs på første turen: Dei vart gøymde i ein torvskurd, og kom meir enn vel med på den andre turen. Lokalkjende folk på Indrøy var nyttige og nødvendige kontaktmenn.

Ikkje berre for oter og mink

Den tronge Humrevågen som skjer seg inn frå vest, ligg open mot storhavet. Jamvel eit lite marinefarty har mest ingenting å gå på her. På eine sida inst i den vesle vågen er ei opa, nifs berghole som oter og mink har ærend i. Her under mose og lyng var i 1944 gøymt eit rikhaldig våpenlager, som vart oppdaga gjennom opplysningar i eit kverrsett brev til Peder Furubotn. I brevet stod m.a. at ein suling, Schrøder Evensen, hadde, og kunne påvise to våpenlager i Solund. Dermed starta jakta på Schrøder, sekretær for Norges Kommunistiske Parti (NKP) på Vestlandet og såleis særs velinformert og aktiv i motstandsarbeidet.

Med bakbundne hender

Ei naziskøyte kom eins ærend frå Bergen til Enstad. Over berg og hamrar klavra tyskarane seg fram og kom uforvarande på Schrøder medan han svinga langorven. Han ville smette heimom og slå hå eit par dagar før han akta å røme landet. Schrøder vart opphengd etter bakbundne hender på ei dør. - Men ikkje lenge, vitna tolken Lauer seinare, berre eit kvarter til ein halv time! Konfrontert med det fatale oslobrevet, var slaget tapt for Schrøder. Om ettermiddagen var skøyta på veg til Oldra. Evensen skulle påvise våpenlageret. Då dei fann det, rekvirerte tyskarane folk frå naboøya til å laste materiellet om bord.

Hoppa overbord

Ein bergensungdom tyskarane hadde tvinga med på denne turen, talde 193 kolli våpen og ammunisjon då dei på Nåra lasta over på ein marinebåt. Men Schrøder var ingenstad å sjå.
I kveldsmørket ein stad i leia frå Oldra til Nåra, såg han seg snitt til å hoppe gjennom styrehusdøra og over bord frå Gestaposkøyta. - Ikkje skyt! skreik Siposjefen. Den høgst verdfulle fangen for tysk etterretning let seg ikkje observere i lyskastarskinet. Mange motstandsfolk kunne takke han for at han tok alt han visste med seg i døden. Schrøder Evensen let livet den natta, mellom 7. og 8. september 1944.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Irvine, James W.: Men bølgene er jo fri. Shetland/Noreg forbindelsene 1940 - 1945.
Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten. Bind 2. Samlaget 1967.
Storm-Bjerke, H.: Klar til kamp.
Sørhus, Kjell: MTB 345.Hjemmenes Forlag. Oslo 1970.

PERMANENT IDENTIFIKATOR