Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Språk

Krigsminne på Florølandet



Først våren 1942 starta det store innrykket av tyske soldatar på Florølandet, og på same tid starta også ei større utbygging av forsvarsverk. I løpet av tre år fram til freden i mai 1945, gjorde tyskarane Florølandet om til ei festning.

Den russiske krigsfangeleiren i Florø, truleg like etter krigen i 1945. Biletet er teke  frå Storåsen i retning Florø by, og i høgre biletkant kan vi sjå litt av idrettsplassen og tårnet på kyrkja i Florø. Florahallen ligg i dag om lag der leiren låg.

Den russiske krigsfangeleiren i Florø, truleg like etter krigen i 1945. Biletet er teke frå Storåsen i retning Florø by, og i høgre biletkant kan vi sjå litt av idrettsplassen og tårnet på kyrkja i Florø. Florahallen ligg i dag om lag der leiren låg.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Florø.

Datering: Ca. 1945.

Fotograf: Ukjend.

Aktiviteten på Florølandet

Det var fleire avdelingar med ulike oppgåver som kom til Florø og etablerte seg rundt om på Florølandet. I hamne-området var ein hamnekaptein som førde kontroll med skipstrafikken, og i området ved Florø Barneskole vart det sett opp ein liten brakkeleir for ingeniør-soldatar og kontor for byggeleiing. I Storåsen var det stor aktivitet av infanteri-soldatar, medan det på toppen av Storåsen låg ein flymeldepost frå Luftwaffe. På Sørstrand sør på Florølandet vart eit lite kystfort etablert med to 7,5 cm feltkanoner, medan tyskarane plasserte det største anlegget ute i Havreneset. Det fins ingen sikre tal for kor mange tyske soldatar det var på Florølandet i denne tida, men på det meste sommaren 1943 var talet truleg rundt 500 soldatar.

Kystfortet i Havreneset

I Havreneset måtte folk flytte frå gardane sine, og tyskarane sette i gang bygging av stillingar for kanoner, brakker, bunkerar, tunnelar og fjellanlegg. Formålet med kystfortet var eit batteri med kanoner som kunne nå mål ute i skipsleia, og i 1942 kom eit batteri med seks store 15,5 cm kanoner til Florø. Ein stor betongbunker vart bygd til kommandoplassen, og under denne vart det sprengd ut eit fjellanlegg. I vegger og tak var det mura med teglstein, der var omnar og luftrenseanlegg, og inngangane var sikra med panserdører. Like ved var nok eit fjellanlegg med to fjellhallar under arbeid, men dette anlegget vart ikkje gjort ferdig. I juni 1945 tok det norske Kystartilleriet over kystfortet, og hausten 1945 vart det nedlagt.

Fakta om kystfortet i Havreneset:

Tysk namn på fortet : HKB 5./981 Floröy Mannskapsstyrke : 127 befal og menige soldatar Hovedskyts : 6 franske 15,5 cm feltkanoner Stridsklart : Sommaren 1942

Russisk krigsfangeleir

Ved Havrenesvegen bygde tyskarane opp ein fangeleir for russiske krigsfangar, og fangane vart sette inn i bygginga av festningsverk på Florølandet. På det meste kunne det vere 120 fangar i leiren, og mykje av det tyngste arbeidet i Havreneset vart utført av krigsfangane.
Like etter krigen vart leiren ei tid brukt til internering av norske medlemmer av Nasjonal Samling. Den 1. september 1945 vart ti fangar og ein norsk vaktsoldat utkommanderte for å hjelpe til med dumping av ammunisjon. Lekteren eksploderte, og til saman 20 mann mista livet i denne ulukka.

Krigsminnevandring

Flora kommune har lagt til rette for besøk av ein del krigsminne. Storåsen er eit friluftsområde med mange fine stiar og vegar. På ein tur frå Havrenesvegen og oppover i Storåsen kan ein finne spor etter brakker og bunkerar, og fleire stader er det system med løpegraver, skyte-stillingar for infanteri-våpen og dekningsgroper. Havreneset er bustadområde, og er difor mindre aktuelt for besøk. Men to kanonar står igjen, og ein kanon vart pussa og måla i 1995.
Ved Florahallen vart det i mai 1994 sett ned ei minneplate der den russiske fangeleiren låg.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
Fjeld, Odd T: Klar til strid Kystartilleriet gjennom århundrene. Oslo 1999.
Vedlegg til Firda laurdag 29. april 1995: 8. mai 1945, artikkel side 36-37: 20 miste livet i voldsom eksplosjon.