Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 25. april 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kystfortet i Vemmelsvik ved Nordfjord



Batteriet med fire kanoner kom frå Tyskland til Nordfjord våren 1942, og skulle vere erstatning for batteriet på Måløyna som vart totalt øydelagt under Måløyraidet i desember 1941. Dette nye batteriet vart ikkje sett opp på Måløyna, men kanonene plasserte på ei landtunge i Vemmelsvik. Under krigen var det eit opent landskap med godt utsyn utover Vågsfjorden, i dag er området tilvokse med skog og lite tilgjengeleg.

Stilling for 10,5 cm kanon med fri sikt utover Vågsfjorden.

Stilling for 10,5 cm kanon med fri sikt utover Vågsfjorden.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge

Datering: 1993

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge

Kanonene i batteriet

Hovedskytset var fire franske 10,5 cm feltkanoner modell 1913, K.331(f), plasserte i opne stillingar. Mange av kanonene som tyskarane brukte i sine kystbatteri, var franske feltkanoner tekne som krigsbytte i 1940. Feltkanoner i hjullavett var lite tenelege til bruk mot raskt rørlege sjømål, difor vart kanonene monterte på dreieskiver med ein skinnegang bak. Men dette var heller ikkje godt nok, og mot slutten av krigen var tyskarane i gang med å bygge om kanonene frå hjul til sokkellavett. Dette gjorde retting mot sjømål langt lettare.

Nærforsvaret til kystfortet hadde to tyske 5,0 cm kanoner, maskingevær og flammekastarar. Lenger bak i batteriområdet stod to 2 cm luftvernkanoner, og ein lyskastar. Ein gong i oktober 1943 var det eit flyangrep på kystfortet, men det gjorde lite skade.

Kommandoplass med fjellanlegg under arbeid

Batteriet var ikkje ferdig utbygd ved kapitulasjonen i mai 1945. Kommandoplassen var eit provisorisk bygg mellom første og andre kanon, og einaste spor etter den er platninga den stod på. Ein ny solid betongbunker til ein permanent kommandoplass var under arbeid, og den skulle knytast til fjellanlegget under bunkeren. Den skulle byggast etter same standard slik det var gjort fleire andre stader, blant anna på Lammetun. Etter planen skulle anlegget vere ferdig i juli 1945. Arbeidet med fjellanlegget var leia av Organisation Todt, og tyskarane hadde eigne avdelingar med boremaskiner til utsprenging av fjellet. Sovjetiske krigsfangar var arbeidskraft ved utkøyring av steinmassane frå tunnelanlegget. Krigsfangane var forlagt i eiga brakke bak i området.

Fortet blir nedlagt

Arbeidet med å legge ut landminer vart ikkje fullført, difor var berre 46 S-miner lagt ut. Desse blei fjerna i juli 1945. Vemmelsvik stod på lista over batteri som skulle oppretthaldast i det norske kystartilleriet etter krigen. Difor vart batteriet nedlagt først i 1950, og grunnen kunne leverast tilbake til grunneigaren. Eit vilkår var at kanonstandplassane ikkje måtte øydeleggast, difor vart også hovedskytset ståande igjen fram til sommaren 1982. Då vart to kanoner sendt til Hegra festning i Trøndelag, og dei to andre blei gravde ned i nærleiken av stillingane.

Fakta om kystfortet i Vemmelsvik

Tysk namn på fortet:  HKB 3./981 Vemelsvik
Mannskapsstyrke: 95 befal og menige soldatar
Hovedskyts:  4 franske 10,5 cm feltkanoner
Stridsklart:   August 1942

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: «Fronten er kysten!» - Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 (Eige forlag 1995/1999)


Kulturhistorisk leksikon: Tyske kystfort i Sogn og Fjordane

PERMANENT IDENTIFIKATOR