Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Liktvorane - vaktpost under krigen



Liktvorane ligg der Vikjabukti tek til, og staden vart nytta som vaktpost både av nordmenn før og av tyskarar under siste verdskrig.

Garden på Liktvorane der tyskarane rekvirerte andre høgda i bustadhuset. Mange av dei tyske soldatane kom i god kontakt med gardfolket på Liktvorane, og dei sende kort og bilete til Liktvorane etter krigen. Liktvorane ligg ca. 3 km frå Vik mot Arnafjorden.

Garden på Liktvorane der tyskarane rekvirerte andre høgda i bustadhuset. Mange av dei tyske soldatane kom i god kontakt med gardfolket på Liktvorane, og dei sende kort og bilete til Liktvorane etter krigen. Liktvorane ligg ca. 3 km frå Vik mot Arnafjorden.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-94018.0012.

Datering: 1915-20.

Fotograf: O. P. Fosse.

Plassering

Ca. 3 km frå Vik mot Framfjorden ligg Liktvorane. Garden ligg ned mot Sognefjorden med milevidt utsyn i tre himmelretningar. Dette gode utsynet og plasseringa midt i Sognefjorden der Vikjabukti tek til, gjorde nok sitt til at denne staden har vore nytta som vaktpost.

Norsk varslingspost

Situasjonen i Europa førte på slutten av 1939 til auka vakthald i Noreg. På Liktvorane vart det oppretta ein luftvarslingspost med eit vaktlag på fem mann. Oppgåva var fyrst og fremst å rapportera til Bergen om aktiviteten i lufta. Dei hadde telefonisk kontakt med samlestasjonen som låg på Fløyen, og måtte melda frå når dei høyrde flydur eller såg fly. Viktig var å rapportera kor mange fly, retning og tidspunkt. Særleg etter 9. april 1940 vart det mykje å melda, men 1. mai 1940 var tenesta slutt for nordmennene på Liktvorane.

Tyskarane overtok

Tyskarane oppdaga snart at Liktvorane eigna seg godt som vaktpost. Dei rekvirerte andre høgda i bustadhuset på garden til Bertin og Brita Ligtvor. Dei same romma som dei norske vaktmannskapa hadde nytta. Frå 1941 heilt til krigen slutta, hadde tyskarane ein vaktstyrke på 8-10 mann på Liktvorane.
Liktvorane var ein lekk i ein serie med kontroll- og varslingspostar innetter Sognefjorden. Hovudoppgåva var å rapportera om flyaktivitet, men også om aktivitet på fjorden. Ved Nesholmen ved Nesje fort, på Åkre, i Ortnevik og på Liktvorane låg det flymeldepostar. Tyngdepunktet for den tyske aktiviteten låg likevel ved munningen av Sognefjorden, ved Nesje og Rutledal.
Sambandet tyskarane nytta var rikstelefonnettet. I tillegg hadde dei lys som kunne skytast opp.

Sjølve anlegget

På Liktvorane bygde tyskarane ei vakthytte og to hus med løpegangar eller skyttargraver mellom husa. Sjølve anlegget vart ikkje nytta til forlegning, her var opphaldsrom og lager for lettare utstyr. Vakthytta gav opphaldsrom for 4-6 personar. Ei vindeltrapp førte ned frå vakttårnet til opphaldsromma nede. Bygningane var godt kamuflerte, bl.a. hogg tyskarane furer i utmarka som dei sette opp framfor anlegget. Så lenge dei var grøne, gjorde dei nytte for seg. Heile anlegget var og ramma inn med piggtråd, også på framsida mot sjøen.
Mannskapa skifta relativt ofte. Til vanleg vart dei verande på Lyktvorane i en periode på 7-8 månader før dei laut i anna teneste. For mange gjekk vegen til Austfronten. Etter krigen vart husa på Liktvoranlegget rivne ned, men vakthytta og skyttargravene har vorte ståande som synlege minne etter ei vond og vanskeleg tid.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergfjord, Kjell: Ligtvor - vaktpost i krig og fred. I Pridlao, nr. 1, 1991. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Berge, Kjell-Ragnar: Fronten nær kysten. Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR