Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. desember 2017

Kategori

Kommune

Hyllestad leir



Våren 1941 vart eit tysk infanteri-kompani fast stasjonert på Hyllestad, og på same tid starta bygginga av brakker og bunkerar på Myrgjerdet og ved vegen gjennom Svartedalen.

På Myklebustneset står denne bunkeren, og den var lager for ammunisjon til den eine av to kanonar tyskarane hadde på neset. Øvst til venstre eit glimt av Lihesten.

På Myklebustneset står denne bunkeren, og den var lager for ammunisjon til den eine av to kanonar tyskarane hadde på neset. Øvst til venstre eit glimt av Lihesten.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 2000.

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge.

Tysk aktivitet i Hyllestad kommune

Først starta arbeidet med festningsanlegget på Nesje sommaren 1940, men i åra frå 1941 til 1943 vart det etablert fire andre leirar kring om i kommunen. Først av desse kom leiren på Hyllestad i 1941, og kort tid etter tok arbeidet til med leiren ved Løland bru. Desse to leirane var forlegning for infanteri-soldatar, og ein bataljonsstab. Dei to siste leirane låg i Leirvik og på Eide ved Sørefjorden, og var ferdige i 1943. Her stasjonerte tyskarane eit kompani utstyrt med Schärenboote - "skjergardsbåtar" - og oppgåva til avdelinga var raskt å rykke ut og transportere soldatar til aktuelle stader i fjordane eller på kysten. Under den tyske aksjonen mot Bjørn West i Matrefjella våren 1945 brukte tyskarane også avdelingar frå Hyllestad.

Ortskommandant Hyllestad

Sommaren 1943 nådde den tyske aktiviteten eit høgdepunkt, og meir enn 600 tyske soldatar var no fast stasjonert i kommunen. I kommunar og tettstader med stor tysk aktivitet hadde tyskarane ein Ortskommandant, på norsk plasskommandant. I leiren på Hyllestad hadde Ortskommandant Hyllestad sitt kvarter, og ei rad med oppgåver vart lagde på lensmannen. I eit skriv til lensmannen datert 12.4.43 gjer Ortskommandanten greie for fleire forhold han ikkje er nøgd med. Tyske streifvakter melder at folk ikkje har med seg grensebuarbeviset når dei er ute, og på kveldstid stoppar heller ikkje folk når dei vert tilropte av vaktpostar. Vidare så er blendinga for dårleg, og lensmannen får også ansvaret for at vegane held god nok standard.

Lensmannen i Hyllestad

Lensmannen var også den som måtte gi melding til huseigarane når tyskarane rekvirerte husrom til soldatane sine, og i periodar var det soldatar i nesten samtlege private hus på Hyllestad. For mange lensmenn vart alle gjeremåla dei vart pålagde av tyskarane etter kvart eit problem, og ikkje alltid vart oppgåvene utførde med den entusiasme som tyskarane venta. I Hyllestad resulterte det i at lensmann Kaare Bredvik i 1943 vart avsett, og erstatta med ein ny og meir samarbeidsvillig lensmann. Denne lensmannen vart igjen fjerna i mai 1945.

Brakka på Myrgjerdet

Ved freden i mai 1945 var det i kommunen med stort og smått bygd nærare 100 brakker og mindre uthus. På Hyllestad stod 14 bygningar, og på Myrgjerdet stod ei stor og brukbar brakke som kommunen fekk. Den vart først nytta til skule, sidan flytta kommunekasseraren kontoret sitt inn i brakka. Seinare kom fleire kontor, og det vart også innreia kommunestyresal i brakka. På sekstitalet var det mange kvasse politiske ordskifte i brakka på Myrgjerdet. I eine enden av brakka var det ei tid også møbelfabrikk, og siste funksjon var brannstasjon for kommunen. På nittitalet vart brakka riven, og på staden står no ein bensinstasjon.

Kanonane på Myklebustneset

I 1944 vart den tyske avdelinga på Hyllestad forsterka med to 7,5 cm feltkanonar. Kanonane hadde sidan 1941 stått i Askvoll, men vart no flytta ned til Myklebustneset på Hyllestad. Formålet var for tyskarane ei betre sikring av støttepunktet og dampskipskaia på Hyllestad. På neset vart det også støypt ein dekningsbunker, to bunkerar for ammunisjon, og midre stillingar for maskingevær. Rundt heile neset vart det sett opp store piggtrådsperringar. Etter krigen vart kanonene ståande på neset i over 35 år før dei vart flytta og tekne vare på av ein privatperson. Myklebustneset er no friluftsområde, og rydda og tilrettelagt for ferdsel. Truleg vil også kanonane komme tilbake til neset som eit krigsminne.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Berge, Hans: Ulike skriv frå Ortskommandant Hyllestad.