Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsminne på Gottraneset



I 1942 måtte grunneigaren av Gottraneset flytte frå garden, og inn til Berle. Året etter flytta tyskarane kanonane sine frå Berle og ut i nye stillingar på Gottraneset.

Stilling for tysk 2 cm Flak 38 luftvernkanon, oppå Gottrahaugen. Vi ser over Frøysjøen til Ospeneset der det også stod kanonar.

Stilling for tysk 2 cm Flak 38 luftvernkanon, oppå Gottrahaugen. Vi ser over Frøysjøen til Ospeneset der det også stod kanonar.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 1993.

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge.

Kommandoplass med fjellanlegg

Formålet med kystfortet var kanonar som kunne nå mål ute på Frøysjøen, og med det sperre innløpet til Nordfjord over Frøysjøen. Kanonane vart først sett opp lenger inne på Berle, men våren 1943 vart heile batteriet flytta ut i nye stillingar på Gottraneset ved Skarstein. Her vart det under leiing av Organisation Todt sett i gang store arbeid med eit fjellanlegg. Inne i Gottrahaugen vart det sprengt ut tre store fjellhallar som skulle romme forlegningsbrakker. Frå eine hallen skulle det gå ei trappesjakt opp til ein stor bunker i to etasjar som skulle tene som kommandoplass for batteriet. Bunkeren skulle som vanleg var ha observasjonsrom med kikkert, ordretelefon og sambandsrom. Bunkeren vart ikkje bygd, og berre ei brakke var ferdig inne i hallane. Det vart også sprengt ut ein eigen tunnel gjennom haugen for lagring av ammunisjon.

Bilete av den halvferdige kommandoplassbunkeren.

Bilete av fjellanlegget.

Kanonane

Hovedskytset til batteriet var fire franske 10,5 cm feltkanonar, og tre kanonar vart plasserte i stillingar nede på neset, medan den fjerde stod vest for Gottrahaugen. Mot slutten av krigen vart kanonane monterte på sokkellavettar som framleis i dag står igjen i stillingane. Kanonane kunne skyte granater mot mål på opp til ein avstand av 16.000 meter. Kystfortet hadde også to luftvernkanonar, to landvernkanonar, ein bombekastar, maskingevær og flammekastarar som nærforsvar i tilfelle eit direkte angrep mot fortet.

Bilete av sokkellavett til ein fransk 10,5 cm kanon.

Bilete av restane etter ein 5 cm Kampfwagenkanone.

Fakta om kystfortet på Gottraneset:

Tysk namn på fortet : HKB 4./981 Skarsten.
Mannskapsstyrke : 94 befal og menige soldatar.
Hovedskyts : 4 franske 10,5 cm feltkanonar.
Stridsklart : Berle i juni 1941, Gottraneset i mai 1943.

Nedlegging

Få dagar etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 reiste det tyske mannskapet til reservatet i Stryn, og i juni vart 2.770 landminer tekne opp av jorda. Kort tid etter vart alle kanonrøyr fjerna, og utpå hausten skulle også ammunisjonen dumpast. Under dette arbeidet rak ein lekter lasta med sprenggranater inn i fjæra der den sokk. Granatene vart liggande i fjæra fram til 1974 då dei vart sprengde av Forsvaret. Kjøkkenbrakka står framleis igjen og vart etter krigen mellom anna nytta til ungdomshus før det vart bygt nytt like ved. Fjellhallane er også rydda, og har vorte nytta i samband med større arrangement.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge. Tromsdalen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR