Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Hugøy - vaktstasjonen på Hugøyknolten



Tilbakedregen på høgste knausen, nedbakt i lendet låg vaktstasjonen på Hugøy og vanskeleg å oppdage frå leiene vestapå. Di større grunn var det til å akte seg.

Utsyn frå der vakttårnet stod. Midt i biletet Færøy. Bak Færøy er Buefjorden. I bakgrunnen skimtar me Bulandet og Værlandet, inn mot Alden. Hovudleia gjekk aust for Alden. Skip på nord eller sør kunne dei følgje og finne att på fjord etter fjord.

Utsyn frå der vakttårnet stod. Midt i biletet Færøy. Bak Færøy er Buefjorden. I bakgrunnen skimtar me Bulandet og Værlandet, inn mot Alden. Hovudleia gjekk aust for Alden. Skip på nord eller sør kunne dei følgje og finne att på fjord etter fjord.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2001.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Første plassen ikkje god nok

Det var på forsommaren 1940 at tyskarane kom til Solund og skulle peike ut vaktplassar. Ei god handfull spesialistar tok inn og vart verande ei tid i Paktarhuset på Hardbakke. Det var særleg leia Indre Steinsund, den mest brukte av fiskeflåten, dei ville få kontroll med.
Hausten 1940 kom tyskarane til Hersvik, og rekvirerte plass i eit privathus der. På Heia, litt sør for Hersvik, bygde dei ein vaktstasjon. Dei var nok i tvil om dette var ein eigna plass, og det viste seg at her ikkje vart tilfredsstillande utsikt til Lågøyfjorden og Skomakarleia.

Fritt syn til fjord etter fjord

Dei hadde grei utsikt til Hersviksundet og Kråkøysundet, men dette var berre ein liten del av det dei ville ha kontroll med. Derfor planla dei ny stasjon på toppen av Hugøy. Der var dei 101 m over havet, med fritt utsyn til skipsferdsla i vest, til Lågøyfjorden og Gåsværosen, i nord til delar av Buefjorden, og inn mot Lammetu fort. Dermed flytta dei i 1942 til Hugøy, rekvirerte plass i eit hus der i byggjetida, som drog noko ut. I Kråkesundet var god kai, som dei la beslag på, og ideell hamn for patruljebåtane som kom med det dei trong.

Med eit muldyr til hest

Frå kaia og til toppen var det kring 800 m jamn stigning i bra terreng. Derfor brukte dei eit muldyr til transporten.
På Knolten bygde dei vaktstasjon på 3 x 3 m, i to høgder, av tre og stein. Her var utsikt i alle retningar, med ein bergkam som ly mot vest. Ein utkikspost med skytestilling og glastak mura dei opp litt vest for høgdepunktet. Sist kom mannskapsbrakka med sove- og kjøkkenavdeling. Ho var 5 x 16 m og stod i eit søkk i sørhellinga av Knolten. I same søkket var stall og magasin.

Ei ku i minefeltet

Området var sikra med piggtråd på alle framkommelege kantar, og landminer der eventuelle inntrengjarar kunne tenkjast gå. Ei ku strauk med. Stasjonen, som var under oppbygging like til hausten 1944, vart ikkje teken under eld nokon gong. Bemanninga, som kunne vere opp til 12, hadde ordre om ikkje å provosere, men følgje skarpt med. Også her hadde dei berre handvåpen å forsvare seg med.
Det har vore spekulert på om vaktstasjonen her observerte MTB 345 på veg til Ospa i juli 1943. Båten var litt før oppdaga ved Utvær. Sommaren 1945 vart minene fjerna og stasjonen demontert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
I Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.
Solund kommune, kommunearkivet:
Reidar Engevik:Tysk overvaking av Solund. Dei tyske installasjonane i Solund kommune, Sogn og Fjordane fylke. 1995. Omfattande registreringsarbeid.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten.Bind 2. Samlaget. Oslo 1967.
Irvine, James W.:Men bølgene er jo fri. Shetland/Norge-forbindelsene 1940 - 1945.
Arnfinn Haga, fleire av bøkene hans har Solund-stoff, f. eks. om etterretningsaktivitet og Shetlandsfart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR