Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsminne på Ospeneset



Hausten 1941 var tyske offiserar på synfaring på Ospeneset. Ved nyttår 1942 måtte folk i området flytte frå gardsbruka sine, og like etter starta byggearbeidet.

Ospeneset med innseglinga til Gulen-fjordane. Til venstre gardshuset der den tyske batteri-sjefen hadde sitt kvarter. Til høgre ei av tre stillingar til hovedskytset.

Ospeneset med innseglinga til Gulen-fjordane. Til venstre gardshuset der den tyske batteri-sjefen hadde sitt kvarter. Til høgre ei av tre stillingar til hovedskytset.

Eigar: Kjell-Ragnar Berge.

Datering: 1992.

Fotograf: Kjell-Ragnar Berge.

Tropp Aspenes

Formålet med anlegget var kanonar som kunne forsvare innseglinga til Gulen-fjordane. Spesielt viktig var Nordgulen som førde inn til smelteverket i Svelgen, men fjordane var også ankringsplass og samlingsstad for tyske konvoiar. Namnet på anlegget var tropp, på tysk Zug, og var underlagt batteriet på Gottraneset ved Skarstein. Troppen skulle avløyse to kanonar som hadde stått på Sande ved Svelgen sidan våren 1941, og i august 1942 var troppen på Ospeneset klar til strid. Det vart ikkje lagt ut miner her, og området vart rydda og frigitt straks etter krigen.

Fakta om troppen på Ospeneset:

Tysk namn på fortet : HKB 4./981, Zug Aspenes.
Mannskapsstyrke : 73 befal og menige soldatar.
Hovedskyts : 3 norske 10,5 cm feltkanonar.
Stridsklart : August 1942.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Fragmentarisk arkivtilfang etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.

PERMANENT IDENTIFIKATOR