Kulturhistorisk leksikon

Plakett (25)

  • Minnesmerke i Bergen over norske sjøfolk som omkom i 1. verdskrigen

    Om lag 2000 norske sjøfolk omkom under 1. verdskrigen 1914-1918 som fylgje av torpedering, minesprenging, eller sabotasjehandlingar. Fleire var frå Sogn og Fjordane. Bergen har eit æresminne, ei bronsetavle innsett i festningsmuren mot Vågen, gjeve til landet og Bergen av The Norwegian Club i London. Minnesmerket blei avduka søndag 2. oktober 1921.

  • Minneplate om Høygardsvegen

    Gardane Hunskor, Dale og Kåle ligg høgt oppe i lia på nordaust-sida av Breimsvatnet. Grenda heiter Høygardane. I 1901 heldt høygardsfolket fest i høve ferdig køyreveg ned til vatnet. Hundre år seinare samlast bygdefolket og mange andre til markering av denne svært viktige hendinga.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnestein om engelske krigsgraver i Eivindvik

    På kyrkjegarden i Evindvik står ein liten, låg stein med tekstplate på. Han er sett til minne om 16 engelske marinesoldatar som omkom i desember 1917. Skipet deira vart søkkt av ein tysk ubåt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gulen
  • Minnetavle over falne på Firda vidaregåande skule

    Firda Gymnas (frå 1985 Firda vidaregåande skule) opna hausten 1922. Ved 25-årshøgtida i 1947 vart det avduka ei minnetavle over falne som hadde vore elevar ved skulen. Minnetavla er plassert i inngangshallen på den eldste bygningen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Minnesmerke over krigsflygarar i Askvoll

    Jonsokkvelden 23. juni 1943 styrta eit alliert fly i strandkanten like ved huset til Chester Saltskår på Stavenes. Dei to norske flygarane omkom og vart gravlagde ved kyrkja på Askvoll. Etter krigen vart det reist minnestein på gravene deira og i 1993 vart det sett opp ei minneplate på Stavenes. Det er også sett opp minneplate over to britiske flygarar som vart nedskotne ved Stavenes i 1944.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnetavle over eidsvollmannen Niels Nielsen

    Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Sokneprest Niels Nielsen i Fjaler var ein av dei. Han vart seinare sokneprest i Eid i Nordfjord og i Borgund på Sunnmøre. 17. mai 1914 vart det avduka ei minnetavle over han i Borgund.

  • Minneplate om misjonær Hans Schreuder på Kjørnes

    Misjonær Hans Schreuder - Zulufolkets apostel - vart fødd i Sogndal. I 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein over han. Samstundes sette dei opp ei minneplate på huset han vart fødd.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Innskrift om skogplanting på Hanekammen

    I 1937 heldt dei fest på Hanekammen, fjellet på austsida av Ulvesundet ved Måløy. Det var ein fest til ære for skogsaka - arbeidet med å planta skog på skoglause stader på Vestlandet. Eit høgdepunkt på stemna var avduking av ei minneskrift i fjellknatten Høgenosa: N.A.D. 13/7 1930 og B.S. 22/11 1902 - 16/4 1935

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Namn i berg på Norevikane - eit minne frå krigen

    På eit svaberg i Norevikane i Høyanger står namnet Magnar Hellem innhogge. Torfinn Fimreite har gått og sett på namnet i mange år - og lurt på kva som gøymer seg bak namnetrekket. Hausten 2006 greidde han å spora opp Magnar Hellem - på Austlandet. Ei tid etter fekk Fimreite heile historia og fleire bilete. (Artikkelen stod fyrst i Ytre Sogn i januar 2007).

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Minneplakett om redningsdåd - lettmatros Bjarne Ylvisaker

    Under svært dramatiske tilhøve greidde m/s "Venus" av Bergen i januar 1937 å berga mannskapet på d/s "Trym". Begge skipa var på veg over Nordsjøen til England. Registerselskapet Lloyds tildelte etterpå "Venus" ein minneplakett for innsatsen. Dessutan heidra selskapet kapteinen og åtte av mannskapet særskilt med personlege medaljar. Den 23 år gamle lettmatrosen Bjarne Ylvisaker frå Fardal i Sogndal var ein av dei.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Minneplakett om engelskmann på Gallen

    I 1984 kom gjekk ei gruppe engelske ungdommar over Jostedalsbreen frå Fjærland til Stardalen i Jølster. 17-åringen Miles Gurzynski skulle óg vore med, men han omkom i ei motorsykkelulukke rett før avreisa. Ekspedisjonen hadde med ein minneplakett dei støypte fast i ein bergvegg oppå høgaste Gallen inst i Stardalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Styrmann frå Florø - på minnetavle i Bergen

    I første verdskrigen 1914 - 1918 miste over 2000 norske sjømenn livet i krigsforlis. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) mista 35 sjøfolk på seks skip. 2. styrmann Carl B. Lyngnæs frå Florø var ein av dei. I andre verdskrigen omkom 136 menneske tilsette i BDS som fylgje av krigshandlingar. Nokre år etter krigen sette reiarlaget opp minnetavler.

  • Minnebilete på Ålhus - Johannes Ålhus

    Søndag kveld, 4. november 1951 var det ei særleg tilskiping i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Dei avduka eit bilete av Johannes Ålhus. Han døydde 1910, berre 32 år gamal. Ålhus Ungdomslag ynskte å heidra han for innsatsen hans for nynorsk skriftmål. Biletet heng på høgre sida av scena i ungdomshuset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnebilete på Ålhus - Johannes D. Sandal

    Eit stort bilete av Johannes D. Sandal (1878-1907) har fått heidersplass i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Sandal var levande interessert i lokalhistorie og ynskte å formidla til andre. I 1901 gav han ut boka Glimt fra Jølsters fortid. Boka er eit pionerarbeid. Ho er kanskje den aller fyrste i sitt slag i heile fylket.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Jølster
  • Minnesmerke om skipsforlis ved Vågsøy 1931

    I desember 1931 forliste det panamaregistrerte fartøyet "Venus" utanfor Vågsøy. Berre to av mannskapet på 13 blei berga. Ni menn var frå Shetland. Det står eit minnesmerke over dei i Vågsvåg og ein kross på ei grav i Måløy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Minnetavle ved Austerdalsbreen

    Laurdag 13. august 1994 var ''heile bygda'' på Veitastrond oppe ved Austerdalsbreen for å vera til stades på avdukinga av ein minnevarde. Det var nesten på dagen hundre år etter at den kjende engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby og to andre utforska denne brearmen for fyrste gong.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Minneplate i Vereidskyrkja - om Abraham Vereide

    Abraham Vereide frå Gloppen (1887-1969), reiste til Amerika våren 1905. Han vart "utvandraren frå Noreg som samla leiarar i Amerika og i andre land til frukost med bibel og bøn." Sommaren 1976 vart det hengt opp ei minneplate om han i kyrkja på Vereide.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Finnlandsplaketten - eineståande premie i langrenn?

    I Haukedalen har dei ein langrenn-premie kan henda ingen andre har maken til: ein Finlands-plakett, - eit vandreskjold Haukedalens Idrottslag vann til odel og eige i 1942. Premien vart truleg sett opp av dokter Trygve Bydal i Førde, og var etter alt å døma eit uttrykk for solidaritet med Finland i krig med Sovjetunionen vinteren 1939-1940.

  • Æresminne i Bergen - Oberstløytnant Oscar Lunde

    Oberstløytnant Oscar Lunde (1847-1926) vart betre kjend som pioner for turnsporten enn som militærmann. Bergens Turnforening heidra han med eit vakkert bronserelieff for innsatsen hans. I Vik vart Oscar Lunde lenge hugsa som pioner i Vik idrettslag og som ein stor ven av gamleheimen. Han vart gravlagt på kyrkjegarden ved Hopperstad kyrkje.

  • Minnebilete i Haukedalen - Lærar Sigurd Nesse

    Lærar og forfattar Sigurd Nesse kom i 1874 som nyutdanna lærar til Haukedalen. Han var der i tre år. Då han fire år seinare reiste frå bygda, hadde den unge læraren vunne seg eit namn. Han hadde stått i fremste rekkja i ei vekkjing og gjort opptaket til å skipa misjonsforeining. I 1957 vart han heidra med minnebilete. Det heng i Forsamlingshuset i Haukedalen.

  • Bilete til minne om professor L.M. Gimmestad

    Sommaren 1947 var eit stort reisefølgje av amerikanarar på vitjing i Nordfjord. Firda Ungdomslag skipa til ei "norsk-amerikansk" stemne i Gloppen søndag 13. juli. Amerikanarane hadde med seg eit bilete av ein utvandrar frå Gloppen, husmannssonen Lars Monsson Gimmestad (1868-1941) som vart professor i Amerika.

  • Vasstandsmerke i Solund

    Langs heile norskekysten vart det på 1800-talet hogd inn i fjellet ein god del såkalla vasstandsmerke. I dag veit me om 123 slike merke. To av dei er å finne i Solund.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Minneplate over falne i Fylkesbaatane 1940-1945

    Fem tilsette i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane miste livet i krigshandlingar i åra 1940-1945. I 1961 vart dei heidra med eit minnesmerke i Fylkesbaatane sitt administrasjonsbygg i Bergen. No er minnesmerket plassert i Florø.

  • Guds Ord meisla i stein

    JESUS BA OFTE - Dette er bibelorda som Ole Andreas Olson Holsen hogg inn i steinen på stølen Storehojen i Holsen først på 1900-talet. Langs stølsvegane til Norddalen finst det innskrifter i fire steinar. Reidar Eide har laga denne artikkelen om Ole Andreas Holsen etter samtale med dotterdottera Klara Viskedal. Klara døydde hausten 2007.

  • Flaummerke i Jostedal

    Like ovanom tunnelen ved Fossøygjelet står retningsskilt til Fossøy og attraksjons-skiltet Flaummerke. Vegen opp dalen gjekk tidlegare tett forbi husa i Fossøy-grenda, men vart omlagd og samstundes bygd som elveførebygging etter storflaumen i 1979.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster