Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. mars 2007

Sist oppdatert 28. juni 2022

Kategori

Kommune

Rå-data

Innskrift om skogplanting på Hanekammen



I 1937 heldt dei fest på Hanekammen, fjellet på austsida av Ulvesundet ved Måløy. Det var ein fest til ære for skogsaka - arbeidet med å planta skog på skoglause stader på Vestlandet. Eit høgdepunkt på stemna var avduking av ei minneskrift i fjellknatten Høgenosa: N.A.D. 13/7 1930 og B.S. 22/11 1902 - 16/4 1935

Innskrifta i fjellknatten Hauganosa på veg opp til Hanekammen, høgtidleg avduka på ei stemne søndag 1. august 1937.

Innskrifta i fjellknatten Hauganosa på veg opp til Hanekammen, høgtidleg avduka på ei stemne søndag 1. august 1937.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Om stemna i Fjordenes Tidende seinare

Skogstemna vart skipa til søndag 1. august 1937. Nesten 50 år etter skreiv Thorleif Iversen eit langt stykke om hendinga i Fjordenes Tidende. Veret var ikkje det aller beste men likevel var kring 200 personar med på stemna. Stemnestaden ved Høgenosa låg midt i det store plantefeltet Trollebø-Deknepoll som var midtpunktet for markeringa. Raudeberg Hornmusikk deltok og mange heldt tale: lærar Hans Degnepold , Kristen Sunde (formann i Sør-Vågsøy Skoglag), godseigar Mohr frå Bergen (representant for Bergens skogselskap), Nybø (fylkesskogmeister) og fabrikkeigar Johan Gotteberg. Nedanfor attgjer me heile artikkelen i litt redigert form, etter eit avsnitt med bakgrunnsopplysningar.

Skogreising - ei samfunnssak

Mesteparten av Vågsøy kommune i året 2007 høyrde frå 1837 til Selje kommune. I 1910 vart sokna Sør Vågsøy og Nord Vågsøy skilde ut som eigne kommunar. I 1964 gjekk begge kommunane inn i den nye Vågsøy kommune. Skogreising i skoglause område på Vestlandet var ei stor og viktig samfunnsak. Bergen Skogselskap gav planter til lokale skoglag, og skogplanting var i mange år ein skuleaktivitet. Plantefeltet Trollebø-Deknepollen på austsida av Ulvesundet var eit av dei største plantefelta i vid omkrins. Nordfjordlaget i Amerika sende pengegåver til fremje av skogreisingsarbeidet.

Stemneplassen og opningstalen

Artikkelen til Th. Iversen hadde denne overskrifta:
"Skogfesten i Hanekammen: Avduking av minneskrift for nordfjordamerikanarar i 1937"

Sjølv om veret ikkje var det beste, hadde likevel om lag 200 menneske funne vegen opp til stemneplassen ved Høgenosa på vegen opp til Hanekammen. Det amerikanske og norske flagget var heist ved sida av minneskriftet som var hogge inn i fjellet. Lærar Hans Degnepold heldt opningstalen
- Det var i 1878 dei gjekk i gang med skogplanting i Sør-Vågsøy og samstundes vart det første plantefeltet oppretta. Dei møtte visstnok motbør den første tida då skogsaka var lite kjend på våre kantar, sa Degnepoll i talen sin.

Gåver utanfrå

Formannen i Sør-Vågsøy skoglag, Kristen Sunde, sa i sin tale at det var for å få opp interessa for skogsaka ein var samla i dag, og særleg for å takka dei som hadde gjeve store gåver for å fremja skogsaka i Sør-Vågsøy. Utan hjelpa frå nordfjord-amerikanarane og Bergens Skogselskap, hadde ein ikkje vore komne så langt med skogsaka i Sør-Vågsøy.
- Vi vil gjerne gje dei eit minnesmerke som kan stå til alle tider. Når nordfjord-amerikanarane kjem heim til gamlelandet ein tur, kan dei finna dette minnesmerket, sa Sunde.

Avdukinga

Godseigar Mohr frå Bergen hadde det ærefulle oppdraget å avduka innskrifta.
- Bergens Skogselskap spenner vide om, sa Mohr i talen sin. Vi kan ikkje nå alle som gjerne vil ha hjelp og stønad, men det er ikkje vilje det står på. Skogsaka er eit arbeid som må sjåast på lang sikt, og me vil nok ein gong ha glede av dette arbeidet. Han takka nordfjord-amerikanarane som hadde vist så stor kjærleik til sitt fedreland. I dette fjellet er innhogge dette:

I fjellet er innhogge dette: N.A.D. 13/7 1930 og B.S. 22/11 1902 – 16/4 1935 Som tyder: Nordfjord-amerikanarane sin delegasjon 13/7 1930, då dei gav den første pengegåva til kommunane i Nordfjord. Bergens Skogselskap 22/11 1902, då det første plantefeltet vart oppretta ved hjelp av Bergens Skogselskap. Og 16/4 1935, då plantefeltet ved Trollebø-Deknepoll vart ein realitet.

Størst i fylket

Fylkesskogmeister Nybø nemnde i sin tale at dette plantefeltet - på 500 mål - var det største plantefeltet i Sogn og Fjordane.

Tonane lydde langt

Raudeberg Hornmusikk var med og underheldt på skogfesten. Det må seiast at det var spreke musikantar som tok vegen oppetter Hankammen til Høgenosa. Dei skapte fest over stemna, og tonane frå musikklaget lydde nok langt utover Ulvesundet. Frå stemneplassen har ein vidt utsyn over mange av bygdene i Vågsøy.

Fabrikkeigar Gotteberg takka dei som var møtte fram til høgtida. Etter stemna eller skogfesten var ein del innbedne gjester hos Gotteberg.

Eigen song

Til skogfesten på Hanekammen var det óg dikta ein song til tone "For Norges kjempers fødeland." Fire linjer i songen går slik:
"Nu ser vi kun det nakne bryst
så går vi på med liv og lyst
og planter til vor vakre kyst
står klædt som grønne lier.

Iversen om resultatet 50 år etter

Thorleif Iversen sluttar artikkelen sin med eit avsnitt om korleis det står til med skogen i 1984, 50 år etter den store plantinga. Han er ikkje berre begistra.

- Vi kan glede oss over skogen som veks oppetter Hanekammen på Trollebø og innover mot Deknepoll, og takkar alle som har vore med og planta skog i dette området og andre stader. Dessverre er skogen i det store plantefeltet ikkje like fin, sjølv om toppen ser fin ut. Særleg er dette oppetter Hanekammen der vind og ver står hardt på. Kanskje kan den røyken som tidlegare kom frå sildoljefabrikkane [1940-1970] ha gjort skade? På den andre sida kan ein gjerne tenke seg at røyken er "gjødsel" for skogen, undrar Thorleif Iversen til slutt i artikkelen sin.

Store gåver frå Amerika

Minneskrifta på Hanekammen vart mellom anna laga som takk til nordfjord-amerikanarane som i 1930 sende pengar til skogplanting. Boka Nordfjordingernes Historie i Amerika frå 1940, innheld liste over gjevarane ordna etter norske prestegjeld. Under "ydere" fra Selje prestegjeld finn me mellom namna Holvik, Sunde, Kvalheim, Vedvik og Rodberg [Raudeberg]. (Sjå elles fullstendig liste som illustrasjon)

kjelder:

Nordfjordingerns historie i Amerika. 1940.
Fjordenes Tidende. 11.07.1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR