Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juli 2008

Sist oppdatert 20. januar 2020

Kategori

Rå-data

Finnlandsplaketten - eineståande premie i langrenn?



I Haukedalen har dei ein langrenn-premie kan henda ingen andre har maken til: ein Finlands-plakett, - eit vandreskjold Haukedalens Idrottslag vann til odel og eige i 1942. Premien vart truleg sett opp av dokter Trygve Bydal i Førde, og var etter alt å døma eit uttrykk for solidaritet med Finland i krig med Sovjetunionen vinteren 1939-1940.

Innskrifta på Finnlandsplaketten.

Innskrifta på Finnlandsplaketten.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Finnlandsplaketten

Vandrepremien Finnlandsplaketten er ein bronseplakett montert på ei treplate. Motivet er ein skiløpar i diagonalgang. I feltet nede står namnet Finnlandsplaketten og det finske flagget. Under står inngravert vinnarlaget tre år etter kvarandre, HAUKEDALENS IDROTTSLAG, 1940, 1941 og 1942.

Me har noteringar om skirennet i 1942 i ein lagsprotokoll for Haukedalens idrottslag. Skirennet vart halde på Ålhus og "Haukedalen møtte med ein stor og veltrena tropp". Det var stor spaning før rennet. Haukedølene hadde høyrt gjete at andre lag hadde trent mykje, "kanskje med tanke på å slå oss og dermed reisa med plaketten for eit år". Det greidde dei ikkje.

"Arne Gjerland tok straks leidinga i fyrste etappe og leida ved mål med pålag 2 min. Edvard Birkeland dobla forspranget til 4 min. I 3dje runde tapte ein noko mot Naustdal sin veltrena laupar, men i den siste runde gjekk Robert Gjerland eit strålande laup og tok innatt det tapte."

Bydal overrekte premien

Vidare går det fram av lagsprotokollen at med denne sigeren hadde Haukedalen vunne Finnlandsplaketten til odel og eige ved at laget hadde vunne premien tre år på rad. Dokter Bydal overrekte premien. I helsingsorda sine sa han at Haukedalen idrottslag "stod som eit mønster for korleis idretten skal drivast."

Spesialpremie

Kva slags premie var Finnlandsplaketten? Det har me ikkje funne heilt ut av. Jon Tvinnereim nemner ikkje Finnlandsplaketten i boka Ski-idrett i Sogn og Fjordane (1998), derimot står det litt om dokter Trygve Bydal i Førde. Han var skientusiast og sette opp særskilde premiar. Det er elles vist til dokter Bydal i kapitlet om skirenn under krigen. I Sunnfjord vart det arrangert mange skirenn. "Best kjende er Bydal-stafettane som (..) Trygve Bydal i Førde fekk i stand."

Finnlandsplaketten må ha vore eit solidaritetstiltak, eit handtrykk til Finland som 29. november 1939 kom i krig med Sovjet (sjå nedanfor). Me har ikkje funne fullgod dokumentasjon på at det var dokter Bydal som sette opp premien, men det er ei rimeleg sikker slutning. Bydal var sterkt oppteken både av Finlandshjelpa og skiidretten. I ein førehandsomtale av skirennet på Ålhus i 1942, går det fram at "det skal konkurrerast om Bydal plaketten" [utheva her]. Året før hadde Haukedalen vunne "bronseplaketten" for andre gong, og, som me alt har høyrt, var Bydal tilstades og overrekte vandrepremien.

Bakgrunn for Finnlandsplaketten - Vinterkrigen 1939-1940

Då andre verdskrigen braut ut 3. september 1939, er klærte Finland nøytralitet. Landet blei snart utsett for press av naboen Sovjet. I oktober kravde Sovjet tingingar med Finland. Russarane ville ha landområde og leiga Hangø i Finskebukta. Til vederlag skulle Finland få noko av russiske Karelen. Finland kunne ikkje gå med på alle krava, og 29. november gjekk Sovjet til krig. Finnane greidde lenge å stå imot den svære overmakta, og landet fekk sympati og hjelp frå mange land. Finland kapitulerte 13. mars 1940.

"Hjelp Finnland!"

Som nøytral stat kunne ikkje Noreg ta parti i krigen mellom dei to landa. Derimot kunne det norske folket ta parti. Den store Finnlandshjelpa vinteren 1939/1940 fekk snart brei tilslutning. Kjende personar engasjerte seg i hjelpearbeidet. I avisa Tidens Tegn oppmoda sportsredaktør Jørgen Juve sterkt til innsats:

"..kan man et eneste sekund på dagen la være å tenke på vore finske brødre som kjemper ved sin kjære grense mot det mektige Sovjet. (..) Kan du la være å hjelpe dem?"

Distriktslege Trygve Bydal i Førde var mellom dei første i Sogn og Fjordane. "Hjelp Finnland!" var overskrifta på eit opprop i Firda datert 5. desember 1939. Bydal var oppteken av at innsamlingsarbeidet blei organisert slik at hjelpa kunne koma fram så raskt det let seg gjera.

Fleire slag hjelp

Finlandshjelpa omfatta fleire slag hjelp, så som; - frivilleg teneste i Finland, pengar, ymse slag utstyr; - telt, ryggsekker, kvitlar, sokkar og andre klesplagg. Særleg var det stort behov for geværvottar, ein spesialvott med to fingarar på høgrevotten, tommeltotten og peikefingen, avtrekkjarfingeren. I månadsskiftet januar/februar 1940 kom det brev frå Finland om geværvottar: "men noget vi i høi grad trenger straks er våtter, for under den intense virksomhet blir de så sørgelig lett utslitt og med fillete våtter er det ikke lett å klare sig her i kulden.." Og Firda følgde opp: "Kvinnor! Gå laus på geværvottane i dag." (..) gå laus på spøtinga av desse vottane med ein gong."

Avisene hadde dagleg meldingar om Finlandskrigen og om Finlandshjelpa. Nokre få døme frå Firda er i så måte illustrerande:

"Din kamp er vår, du finske bror!",
"Finske barn til Norge."
"Stor siger for finnane."
"Gledeleg! I Tyssedal krins i Fjaler, kom det inn 351 kr. til Finnlandshjelpa (..),
"Geværvottane strøymer inn frå alle bygder herikring (..),
"Til Finnlandshjelpen er videre innkommet: (..) fest og basar i Masdal, ved H.E. 151, 20 (..),
"På Skilbrei har dei ogso havt ein Finnlandskveld."
"I Haukedalen har Finnlandsinnsamlinga av klær og pengar fått stor tilslutning.

kjelder:

Firda: fleire nummer 1939, 1940.


Huseklepp, Otto: Trygve Bydal. I: Jol i Sunnfjord. 1953.


Tvinnerim, Jon: Ski-idrett i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane skikrins 75 år. Volda 1998.


Haukedalens idrettslag: Lagsprotokoll

PERMANENT IDENTIFIKATOR