Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juli 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein om engelske krigsgraver i Eivindvik



På kyrkjegarden i Evindvik står ein liten, låg stein med tekstplate på. Han er sett til minne om 16 engelske marinesoldatar som omkom i desember 1917. Skipet deira vart søkkt av ein tysk ubåt.

Minnesteinen på kyrkjegarden i Eivindvik om dei engelske krigsgravene der som vart flytta til Fredrikstad i 1961.

Minnesteinen på kyrkjegarden i Eivindvik om dei engelske krigsgravene der som vart flytta til Fredrikstad i 1961.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Oppsett 1961

Den om lag halv meter høge steinen står på den søraustre delen av den yngste kyrkjegarden, ikkje langt frå grinda mot kyrkja. Av innskrifta, som er på engelsk, går det fram at han er sett opp i 1961 eller kort tid etter. På tekstplata står at steinen er reist til ære for offiserar og menige, og at dei gravlagde vart flytta til ein militær kyrkjegard i Fredrikstad i 1961.

Desse engelske krigsgravene var frå 1917 då 16 omkomne frå ein britisk jagar vart gravlagde. I 1931 sette den britiske krigsgravkommisjonen opp eit større gravminne på gravene deira. Det vart teke ned ved flyttinga i 1961 og erstatta med steinen som står no.

Gravminne oppsett i 1931

Minnesmerket frå 1931 var samansett av sju steinar, ein sentralstein og seks gravsteinar. På sentralsteinen stod i norsk omsetjing:

"Denne steinen er reist av * offiserar og mannskap * på * britiske og nøytrale skip * til minne om dei * offiserar og menn * på * H.M.S. "Partridge" * søkkt i kamp utanfor denne kysten * 12. desember 1917 * under eskortering av den * austgåande konvoi.

Namn

Namnet på marinefartyet, H.M.S. "Partridge", og datoen 12.12.1917 stod på alle steinane. På fem av dei stod eitt namn på kvar. Den sjette stod på grava til 11 ikkje-identifiserte sjømenn "of the Great War" (fyrste verdskrigen 1914-1918).

Dei fem identifiserte var:

Gunner F.J. Calvert R.N. Age 36
J. Stancliffe. Able seaman R.N. S.S./4845
Midshipman R.N.R. A.B. Wyatt HE FOUGHT AND DIED FOR BRITAIN AND THE HONOUR OF HIS RACE
A.C. Creek Able seaman R.N.V.R. L.Z./2950. Loved and missed by all.
F. Dransfield R.N. Ord. seaman J./61410.

På den sjette steinen stod:

Eleven seamen of the Great War. Known unto God.

Militær kyrkjegard ved Fredrikstad

I 1961 vart alle engelske krigsgraver frå fyrste verdskrigen i Noreg flytta til ein militær kyrkjegard i Fredrikstad. Der er no i alt 82 gravlagde frå Storbritannia og det britiske samveldet, av desse 51 ikkje-identifiserte. I Sogn og Fjordane var det engelske krigsgraver i Gulen, Solund, Askvoll, Kinn, Vågsøy og Selje.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Brev til Karl Gåta frå British Consulate, datert 07.02.1934.
Internett: Commonwealth War Graves Commission.

PERMANENT IDENTIFIKATOR