Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnebilete på Ålhus - Johannes D. Sandal



Eit stort bilete av Johannes D. Sandal (1878-1907) har fått heidersplass i ungdomshuset Borgja på Ålhus. Sandal var levande interessert i lokalhistorie og ynskte å formidla til andre. I 1901 gav han ut boka Glimt fra Jølsters fortid. Boka er eit pionerarbeid. Ho er kanskje den aller fyrste i sitt slag i heile fylket.

Ålhus Ungdomslag har hengt opp eit bilete av Johannes D. Sandal i ungdomshuset Borgja. Biletet av Sandal heng til venstre,  jamaldringen Johannes Ålhus til høgre.

Ålhus Ungdomslag har hengt opp eit bilete av Johannes D. Sandal i ungdomshuset Borgja. Biletet av Sandal heng til venstre, jamaldringen Johannes Ålhus til høgre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Døydde i ung alder

Biletet av Johannes D. Sandal er eit stort portrettfotografi 47 x 57 cm, innramma i heimegjort rame måla i messingfarge. Det heng på veggen på venstre sida av podiet. Biletet viser ein ungdom. Sandal døydde i 1907, berre 29 år gamal. I den korte tida han fekk leva og arbeida, skreiv han to små bøker - ei lokalhistorisk bok (1901) og ei diktsamling (1902). Dessutan dreiv han litt med kunstmåling og fotografering, og var elles målmann og fråhaldsmann.

Føreord til ny utgåve

Bøkene blei ingen suksess. Salet gjekk dårleg og han måtte gje opp bokarbeidet. I 1977 gav Jølster kommune, ved Jølster sogenemnd, ut begge bøkene i ei nyutgåve. I føreordet fortel Lidvald Klakegg om forfattaren, om arbeidet hans og bøkene hans. Nedanfor er føreordet attgjeve slik det står i boka, berre med tillegg av mellomtitlar.

Frå plassen Jøle

"Johannes D. Sandal var fødd 1878 på plassen Jøle i Sandal, Jølster. Foreldra hans var Daniel og Karolina Sandal. Seks born vaks opp på den vesle plassen. Borna måtte tidleg ut frå heimen der kåra var trange. Johannes reiste til Bergen - til underoffiserskulen.

Bokarbeid i Bergen

I Bergen kom han saman med Mens Klyve som dreiv prenteverk og gav ut bladet Skuld. Kjennskapet til denne mannen hadde truleg ein god del å seia for Johannes og bokarbeidet hans. Han skreiv ein del dikt som kom med i bladet til Mens Klyve. Truleg er det i dette bladet at mange av dikta som er med i denne boka [nyutgåva], vart prenta første gong.

Tankar om bygdebok

Nett på denne tida kom det fart i arbeidet med å granska bygdesoga til dei einskilde bygdene på Vestlandet. Ein kan nemna Jakob Aaland og hans arbeid med bygdesogene i Nordfjord. Johannes D. Sandal vart og gripen av tanken om å granska bygdesoga. Han hadde i tankane å skriva ei større bygdebok om heimbygda si, men det vart nok vanskeleg å skaffa tilfang til eit så stort verk. I staden kom så Glimt fra Jølsters fortid i 1901.

Dikt på nynorsk

Boka fekk heller dårleg kritikk, og det gjekk tregt med salet. Likevel byrja Johannes med ei ny bok. Denne boka, ei diktsamling med tittelen Fra folkelivet, kom ut i 1902. Diverre vart boka for det meste liggjande useld, sjølv om prisen berre var 25 øre.

Johannes var målmann, og skreiv bra norsk (nynorsk). Dette ser vi døme på i ein del av dikta i Fra folkelivet. Likevel er mesteparten i begge bøkene skrive på dansk (bokmål). Etter det ein ven av Johannes har skrive, var grunnen at han trudde bøkene selde betre i denne språkforma.

Målar og fotograf

Etter dei to bøkene han gav ut, stort sett på eige ansvar, på eige forlag, gav han opp bokmannsyrket. Freistnaden har truleg kosta han heller store kontante utlegg i tillegg til arbeidet med stoffet. Han vart verande i Bergen. Ei stund arbeidde han innan militærvesenet, seinare som typograf hos venen Mens Klyve.

I denne tid dyrka han andre kunstnarinteresser. Han var ein dyktig målar, særleg protrettmåleria hans vart omtykte. Han var og fotograf. Kameraet var sjølvgjort. Kunstnarinteressene gav heller lite til levemåten, og Johannes streva hardt for å livberge seg i ei vanskeleg tid. Han døydde i 1907 - berre 29 år gamal. Dødsårsaka var tæring (tuberkulose), men venen hans, J.M. Steffensen, seier det slik: "Han svalt og arbeidde seg i hel."

Glad i heimbygda

Johannes D. Sandal vann seg ikkje noko stort kunstnarnamn den tid han levde. Etter dei oppteikningar ein har om mannen, var det vel ikkje meininga heller. Den smålåtne diktaren og kunstnaren hadde nok andre drivkrefter: Han var glad i heimbygda og heimbygdingane sine, var historisk interessert, og ville at andre jølstringar skulle sjå heimbygda i ein større samanheng - ein historisk samanheng. Glimt .. er eit prov for dette. Diktsamlinga har noko vidare horisont, men også her er mykje frå Jølster, eller inspirert av natur og folkeliv i Jølster.

Ynskte å formidla historie

Johannes D. Sandal sin ide om å formidle historisk stoff til sambygdningane sine, lukkast berre delvis. Salet av bøkene syner det. Likevel var tanken god, og vi er Johannes stor takk skuldig for arbeidet hans.

Begge bøkene i eitt bind

Dei to bøkene hans vert no gjevne ut på ny, i eitt bind. Året 1978 er 100-årsminnet for Johannes D. Sandal. Nyutgjevinga av bøkene hans vonar ein kan vera ein måte å heidra minnet hans på.

Bøkene er utgjevne i same språkform som den originale. Einaste endring er at i Glimt.. er -aa no skrive -å. I diktsamlinga er det ikkje endirngar i skrivemåten. Format og sidetal er noko endra. Biletmaterialet er kopiert etter bileta i originalutgåva. Det er årsaka til at kvaliteteten ikkje er den beste." (Så langt føreordet.)

Meir om innhaldet i boka Glimt fra Jølsters fortid

Johannes D. Sandal byrjar boka med ei historisk orientering om Nordre Bergenhus Amt som administrativt område. Deretter skildrar han naturlandskapet i Jølster, mellom anna ved hjelp av fleire fotografi og diktet sitt Mi fødebygd.

Frå "Jølsters fortid" fortel han om arkeologiske funn og presenterer ei rekkje Jølster-brev i samlinga Diplomatarium Norwegicum (nasjonal samling av brev og dokument frå mellomalderen (1030-1536)). Audun Hugleikson - "jarl og kongsfrende" - har stor plass i boka. Elles får me høyra om prestar og kapellanar, om kyrkja på Ålhus og kyrkjegarden. Til slutt reknar Sandal opp interessante smakebitar han har funne i kallsboka for prestegjeldet.

Meir om innhaldet i diktsamlinga Fra folkelivet

Boka har undertittelen "Digte", og forfattaren deler dei 34 dikta sine inn i fem hovudbolkar: Folket og landet, Ungdommen, Anlednings-digte, Diverse digte og Nøgne Sandheder. Fleire av dikta er skrivne på landsmål (nynorsk).

kjelder:

Sandal, Johannes D.:Glimt fra Jølsters fortid og Fra folkelivet. Digte. Nyutgåve 1978. Med føreord av Lidvald Klakegg.
Husetuft, Nils: Johannes D. Sandal. I Jul i Sunnfjord. År: 1960.

PERMANENT IDENTIFIKATOR