Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnesmerke om skipsforlis ved Vågsøy 1931



I desember 1931 forliste det panamaregistrerte fartøyet "Venus" utanfor Vågsøy. Berre to av mannskapet på 13 blei berga. Ni menn var frå Shetland. Det står eit minnesmerke over dei i Vågsvåg og ein kross på ei grav i Måløy.

Minnesmerket på kyrkjegarden i Vågsvåg over ni menn frå Shetland som omkom i forlis ved Hindanes fyr 12. desember 1931.

Minnesmerket på kyrkjegarden i Vågsvåg over ni menn frå Shetland som omkom i forlis ved Hindanes fyr 12. desember 1931.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Grav i Måløy

På kyrkjegarden i Måløy står ein enkel kross i grasbakken. Plaketten har namn, heimstad, alder og dødsdato. Det står:

JOHN CORKISH * LERWICK/SHETLAND * AGE 65 * 12.12.31.

Mannen var ein av dei fem som vart attfunne etter forliset ved Hindanes fyr utanfor Torskangerpollen 12. desember 1931. John Corkish blei funnen i Hoddevik på Stadlandet kort etter forliset og han vart gravlagd på kyrkjegarden i Måløy. Dei fire andre vart gravlagde i Vågsvåg.

"Til minne om .."

På gravstaden i Vågsvåg stod i mange år fire krossar. For fleire år sidan vart dei tekne ned og erstatta med eit minnesmerke med plakett der det står:

In memory of the nine men from Lerwick, Shetland, who lost their lives when their ship "Venus" was wrecked on the coast of Vågsøy on December 12th 1931. William Davidson, Magnus Edwardson and Charles O'Neil are buried in Vågsvåg cemetry. John Corkish in Måløy churchyard. For William Forbes, Hugh Hunter, Laurence Hunter, James Irvine and Peter Sim the sea was their grave.

Til minne om de ni menn fra Lerwick, Shetland, som mistet livet da skipet "Venus" forliste på Vågsøy 12. desember 1931. William Davidson, Magnus Edvardson og Charles O'Neil begravet på Vågsøy gravlund og John Corkish på Måløy kirkegård. For William Forbes, Hugh Hunter, Laurence Hunter, James Irvine og Peter Sim ble havet deres grav.

"Ein traalar forlist utanfor Hindanes i natt."

Avisene Fjordenes Tidende og Fjordabladet melde om forliset dagen etter. Fjordabladet hadde fått melding frå Måløy om at "ein tysk traalar som kom fraa Island" hadde gått på grunn ved Hindanes. Av mannskapet hadde 11 drukna og berre to blitt berga.

Seinare kom det melding om at båten visstnok slett ikkje var nokon fiskebåt, men ein smuglarbåt som tollkryssaren "Nordland" kort tid før hadda jaga utanfor Møre-kysten. Båten hadde greidd å koma seg unna.

To dagar seinare kunne Fjordabladet slå fast at båten verkeleg var ein smuglarbåt, - det hadde endå til flote opp "200 spritkannor." Dei to overlevande var arresterte, og den eine hadde tidlegare vore arrestert som smuglarkaptein på ein annan båt.

The Shetland Times om hendinga - 37 år etter

I 1978 segla ein konvoi av fritidsbåtar frå Shetland til Sogn og Fjordane og Måløy. Avisa The Shetland Times kunne etterpå fortelja at somme hadde vore på besøk på gravstaden i Vågsvåg og sett på Shetlands-gravene der.

Avisa hadde også ei utgreiing om den tragiske hendinga i 1931. Ein tyskregistrert trålar hadde kome til Shetland i september. Nokre veker seinare hadde båten endra namn til "Venus" og blitt omregistrert til Panama. Etter ein smuglartur i november hadde mesteparten av mannskapet mønstra av, men det var lett for eigarane å skaffa nytt mannskap. Arbeidsløysa var stor og mange var på desperat leit etter inntektsgjevande arbeid. Sjølv om mange i Lerwick ante uråd, at "Venus" ikkje var ein vanleg fiskebåt, men eit smuglarfarty (rum-runner) engasjert i smugling på norskekysten, tok ni mann sjansen. "Venus" gjekk ut frå Lerwick 1. desember.

Båten var innom fleire stader på norskekysten før ein kystvaktbåt kom i kontakt med båten utanfor Mørekysten. Smuglarbåten greidde å koma seg unna, men vart skadd då kystvakta opna eld (vaktskipet "Nordland", sjå ovanfor). I snøstorm og uver eit par dagar seinare kom båten ut av kurs og byrja å ta inn vatn, grunnstøytte to gonger og rak hjelpelaus mot land. Seks mann i livbåten kom bort då båten vart smadra. Berre styrmannen og maskinisten vart berga. Fire lik vart funne og gravlagde i Vågsvåg. (Så langt The Shetland Times i 1978.).

Om gravferda i Vågsvåg

I 1931 melde to aviser om gravferda i Vågsvåg 16. desember. Kistene var vakkert pynta med blomar og pastor Sverre Nybø jr. frå Selje gjorde teneste. Den britiske og tyske konsulen var tilstades og mange bygdefolk. Kistene vart sette jamsides i ei stor fellesgrav.

Minnesmerke i staden for krossar

På grava i Vågsvåg vart seinare sett opp fire krossar. Krossane på gravene til Magnus Edwardson, William Davidson og Charles O'Neil, alle frå Shetland, hadde namneplate. Den fjerde krossen, var namnlaus.

For fleire år sidan vart krossane i Vågsvåg tekne ned og erstatta med noverande minnesmerke. Lærar og klokkar Anfinn Kragset var føregangsmann i arbeidet. Minnesmerket vart sett saman av ein stor naturleg forma stein og ein plakett. Shetland tok del ved at Lerwick Community Council "presented" plaketten, og med tilreisande frå Shetland tilstades under avdukinga.

Mannskapet

Frå Shetland:
1. William Forbes, 25, ugift.
2. Hugh Hunter, 30, ugift, båtsmann.
3. Laurence Hunter, 32, bror til Hugh, gift.
4. Magnus Edwardson, 27. gift, gravlagd i Vågsvåg.
5. Charles O'Neil, 22, ugift, gravlagd i Vågsvåg.
6. Peter Sim, 28, single.
7. William Davidson, 30, gift, gravlagd i Vågsvåg.
8. John Corkish, 65. enkjemann, fyrbøtar, gravlagd i Måløy.
9. James Irvine.

Frå London:
10. Walter Savage, førstestyrmann, overlevande.

Tyske statsborgarar:
11. Georg Ehalt, maskinist, overlevande.
12. Johan Beyer, kokk.
13. Karl Wisnagrotsky, gift, kaptein.

Vrakgods på Shetland Museum

I 1989 fekk Shetland Museum ein del gjenstandar frå vraket, truleg henta opp av sportsdykkarar. Dei er registrerte med fylgjande nemningar:

"short dish spoon, glass jar and stopper, glass jar with cork, brass knob and mortice lock, reduction joint and bronze bush, bronze assembly, piece of plumbing" og "wash hand basin."

 

kjelder:

Informasjon frå:
Shetland Museum.
Fjordenes Tidende. 12.12., 17.12.1931.
Firda Folkeblad. 15.12.1931.
Fylkestidende.14.12, 17.12.1931.
Fjordabladet. 12,12, 15.12, 17.12.1931
Toft, Malvin m.fl.: Havet tok. side 105-108. Selja Forlag 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR