Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2000

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Rå-data

Minnetavle over eidsvollmannen Niels Nielsen



Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Sokneprest Niels Nielsen i Fjaler var ein av dei. Han vart seinare sokneprest i Eid i Nordfjord og i Borgund på Sunnmøre. 17. mai 1914 vart det avduka ei minnetavle over han i Borgund.

Borgund kyrkje, Ålesund. Niels Nielsen (1777-1854) var sokneprest i Borgund prestegjeld 1835-1854. Han vart gravlagd attmed kyrkja. I 1914 sette Borgund kommune ei minneplate på kyrkjeveggen like ved grava. På biletet viser minnetavla heilt til høgre.

Borgund kyrkje, Ålesund. Niels Nielsen (1777-1854) var sokneprest i Borgund prestegjeld 1835-1854. Han vart gravlagd attmed kyrkja. I 1914 sette Borgund kommune ei minneplate på kyrkjeveggen like ved grava. På biletet viser minnetavla heilt til høgre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2014.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Niels (Nicolai) Nielsen

Portrettbilete av Niels Nielsen.

Niels Nielsen var fødd 1777 i Odense i Danmark. Far hans var smed. I 1808 kom han til Norge som sokneprest i Vardø. Han gifte seg der med Anna Chatarina Margrethe Trost, dotter til kommandant Trost på Vardøhus festning. I 1812 vart han sokneprest i Fjaler, der han budde då han vart vald til utsending frå Sogn og Fjordane til riksforsamlinga på Eidsvoll.

I 1821 vart han sokneprest i Eid, og frå 1830 prost i Nordfjord. I 1835 flytte han til Borgund på Sunnmøre og var prest der til han døydde i 1854. Han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje.

Niels Nielsen var også stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i 1830.

Minnetavle i kyrkjeveggen

Bilete av minnetavla over gravene til Niels og hans kone.

Det var Sunnmør Historiske Lag, skipa 1908, som gjorde opptaket til å få reist eit minnesmerke over eidsvollmannen Niels Nielsen, og dei valde å setja ei minnetavle ved grava og gravminnet hans. Ho mæler 80 cm i kvar kant og i tekstfeltet står denne innskrifta: TIL MINDE OM EIDSVOLDMANDEN PROVST NIELS NIELSEN FØDT 1777, DØD 1854. - BORGUND KOMMUNE SATTE DENNE MINDETAVLE 17 MAI 1914.

Til takk og minne

Ved avdukinga var det fleire talar. Ordføraren i Borgund sa at tavla var sett som takk for hans store innsats for fedrelandet og arbeidet hans i Borgund - Vi som sette dette minnesmerket, ynskjer at namnet og minnet om livsverket hans skal berast vidare til komande slekter, avslutta ordførar L. Nørve.

Overlærar Bugge, leiar i Sunnmør Historiske Lag, helsa og la ned krans frå Fjaler kommune som takk for arbeidet sokneprest Nielsen la ned der. Som avslutning song festlyden verset Lat oss ikkje forfedrene gløyma.

Riksforsamlinga på Eidsvoll

Ved årsskiftet 1813-1814 var arveprins Christian Frederik statthaldar i Norge. Etter Kielfreden 14. januar, der kongen av Danmark avstod Norge til kongen av Sverige, heldt prinsen møte med fleire framståande menn på Eidsvoll 16. februar. Møtet rådde prinsen til å venda seg til folket, la folket vera med å avgjera fedrelandet sin lagnad. Prins Christian Frederik fylgde rådet, og straks etter gjekk det ut bod frå landsende til landsende om at det skulle veljast utsendingar til eit riksmøte på Eidsvoll. Riksforsamlinga sat saman frå 10. april til 20. mai.

Bilete av Prins Christian Fredrik som avlegg truskapseid til konstitusjonen 19. mai 1814.

Utsendingar frå Sogn og Fjordane

Fem utsendingar på Eidsvoll kom frå Sogn og Fjordane; tre representerte amtet, to det Bergenhusiske regiment. I opprekninga nedanfor er teke med stilling og bustad då dei vart valde.1) Lars Johannes Irgens, sorenskrivar i Indre Sogn, Amla, Sogndal, 2) Niels Nielsen, sokneprest i Fjaler, Dale, 3) Peder Pedersen Hjermann, bonde og lensmann, Lærdal, 4) Ole Elias Holck, kompanisjef i Bergenhusiske regiment, Leirvik i Hyllestad, og 5) Nils Johannesson Loftesnes, musketer i Sogndalske kompani, Loftesnes, Sogndal.

Minnesmerke over eidsvollmennene

I 1914 blei det reist minnesmerke over fire av eidsvollmennene: 1) Elias Holck på garden hans Alværa i Lavik, 2) Nils Loftesnes ved Stedje kyrkje, Sogndal, 3) Peder Hjermann på garden hans Stødnum i Lærdal, og 4) Niels Nielsen ved grava hans på Borgund kyrkjegard på Sunnmøre.

Bilete av minnetavla til Niels, her står det "Til Minde om Eidsvoldsmanden Provst Niels Nielsen / Født 1777. Død 1854. / Borgrund Kommune Satte Denne Mindetavle 17. Mai 1914."

Bilete av frimerke med hovedbygningen på Eidsvoll.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 24.02. og 20.05(?) 1914.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. 1973.
Norsk Allkunnebok. 1949. Bakke, D. O.: Fjaler i gamle dager.. 1948.
Byarkivet i Ålesund:
Borgund kommune, formannskapsarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR