Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bilete til minne om professor L.M. Gimmestad



Sommaren 1947 var eit stort reisefølgje av amerikanarar på vitjing i Nordfjord. Firda Ungdomslag skipa til ei "norsk-amerikansk" stemne i Gloppen søndag 13. juli. Amerikanarane hadde med seg eit bilete av ein utvandrar frå Gloppen, husmannssonen Lars Monsson Gimmestad (1868-1941) som vart professor i Amerika.

Pastor og professor Lars Monsson Gimmestad (1868-1941).

Pastor og professor Lars Monsson Gimmestad (1868-1941).

Eigar: I "Nordfjordingernes historie i Amerika"

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Minnebiletet

Biletet er pr. 2007 oppbevart på Nordfjord Folkemuseum. Det er ei "strekteikning", 60 x 75 cm, med signatur "Arne Berger, artist 1946".

Lars M. Gimmestad

Lokalhistoriebladet Ljøren hadde i 2001 eit stykke om den store Amerika-stemna i Gloppen sommaren 1947. I stykket står dette avsnittet om L.M. Gimmestad:

"Lars M. Gimmestad var fødd den 20. januar 1868. Foreldra var Anne K. Gimmestad (fødd Vassenden) og [husmann] Mons M. Gimmestad. Faren døydde tidleg, og mora, som sat att med 5 barn, såg ikkje annan utveg enn å utvandre. 11 år gamal, i 1879, kom Lars til Amerika, og familien slo seg ned i Minnesota, som så mange nordfjordingar. Her gjette han sauer om sommaren, og studerte om vinteren."

"I følgje boka Nordfjordingernes Historie i Amerika, som kom ut i 1940, tok Gimmestad tidleg i studiane desse "vidtrækkende beslutninger for sin fremtid":

"For det første skulle han lære seg norsk og engelsk så grundig at han med "ferdighet" kunne bruke desse språka både skriftleg og muntleg. For det andre skulle han - utan å søkje embete eller forfremming - bruke si arbeidskraft til å fremje folk sine levekår. Og for det tredje skulle han bruke alle høve til å utdjupe og utvide kunnskapane sine, inntil han hadde skaffa seg klar oversikt over det beste som fanst i filosofien og verdslitteraturen".

"Lars M. Gimmestad var både prest og professor, og arbeidde m.a. i 18 år ved Galesville College i Wisconsin, der han også var styrar, og underviste i 23 ulike fag."

"Etter å ha avslutta lærargjerninga, gjekk Gimmestad tilbake til prestekallet og var frå 1918 til han gjekk av i 1941 formann for den norsk-amerikanske kyrkjelyden i Orfordville og samstundes formann for Søre Wisconsin presteskipnad. Lars M. Gimmestad døydde den 13. september 1941. Han og kona Amalie B. Anderson etterlet seg seks barn: Marie, Agnes, Laura, Herman, Bernard og Victor." (Så langt sitat frå Ljøren)

Formann i Nordfjordlaget

I 1910 var Lars Gimmestad med og skipa Nordfjordlaget i Amerika. Han var leiar i åra 1920-1941, og var med på laget sine vitjingar i Noreg i 1920 og 1930. I 1930 gav nordfjord-amerikanarane ei stor pengegåve til skogplanting, og det vart halde ei stor stemna i Vågsøy på same datoen som stemna i 1947, den 13. juli.

Stemna i Gloppen 1947 - byrja med gudsteneste

Amerika-stemna i Gloppen byrja i den gamle Gimmestad-kyrkja der professor Gimmestad var døypt. Pastor Elias Haavig, amerikanar med etternamn frå Selje, heldt preike frå preikestolen, og sekretæren i Nordfjordlaget, pastor R.J. Meland, fødd i Amerika 1876, tala frå koren. Kyrkja var fullsett og fleire hundre fylgde med ute gjennom høgtalarar.

Heldt fram attmed museet

Om ettermiddagen samla folket seg på området til Nordfjord Folkemuseum. Kring 100 amerikanarar var tilstades og om lag 1500 frå Gloppen og andre stader i Nordfjord. Formannen i Firda Ungdomslag, Einar Skarstein, ynskte velkommen. Han vende seg særleg til gjestene frå Amerika, og sa mellom anna:

"Det er noko her heime som dreg, foreldre sysken, ættargarden. Vi ynskjer at de må kjenne dykk heime, og at denne stemna vil auke samkjensla millom utflytte og oss heime. Samarbeidet mellom Firda Ungdomslag og Nordfjordlaget i Amerika har alltid vore det beste. Vi minnest den 13. juli [1930] på stemna i Måløy då laget overrekte den store pengegåva til Skogfondet til Firda u.l. og vi minnest tre som då var med, men som no er vekke: Professor Gimmestad, dr. Kolseth og farmaren Ole I. Steen."

Så song alle Ja, vi elsker .. og Austrheim og Rygg mannskor fleire songar før formannen i Nordfjordlaget, advokat Elias Rachie heldt tale. Han var fødd i Amerika og var nå for første gong i Noreg. Fleire talarar fylgde etter. Lektor Torbjørn Skeie heldt foredrag og kom mellom inn inn på ymse grunnar til utvandringa. Meland teikna i sin tale eit portrett av mannen som skulle heidrast, L.M. Gimmestad.

Overrekking av minnebiletet

Minnebiletet vart så bore fram, avduka og gjeve til Gloppen kommune. Ordførar Alf Gloppestad tok med takk imot gåva og lova at dei ville verne om minnet til den store sambygdingen. I takketalen sa Gloppestad óg noko mannen dei var samla om å heidra:

"Gimmestad var eit typisk døme på ein god nordmann og god amerikanar. Han kom frå ein fattig heim, men vann seg fram ved seigt slit. Det var vanskeleg å nå fram her heime, ute greidde han det. Han nytta evnene sine til ære for landsmenn og sambygdingar. Vi her heime har mykje å takke han for."

Det vart opplyst at biletet skulle få plass i "rådssalen" i det nye kommunehuset dei heldt på å byggja. I mellomtida skulle det hengja i Rygg skule, i krinsen der Gimmestad kom frå.

Festmiddag

Om kvelden gav Gloppen kommune festmiddag på Firda Gymnas for 80 innbedne gjester. Eirik Rygg var kjømeister. Det var mange talar, såleis hadde både ordførar Gloppestad og advokat Rachie ordet. Einar Skarstein tala for Amerika, Edvard Solheim for Kongen og Eirik Rygg for styresmaktene.

Kom aldri i "rådssalen"

Det ser ikkje ut til at Gloppen kommune heldt lovnaden om at biletet av professor L.M. Gimmestad skulle få sin plass i "rådssalen" når det nye kommunehuset stod ferdig. Biletet kom ikkje til rådhuset før i 2001, og då utan å verta opphengt. Det vart nokså snart sendt vidare til Nordfjord Folkemuseum.

kjelder:

Fjordabladet. 20.07, 08.08.1947.
Nordfjordingernes Historie i Amerika. 1941.
Fure, Jan Kåre og Nyhagen, Ola: - Ei gild norsk-amerikansk stemna. I Ljøren, 2001
Informasjon frå:
Nordfjord Folkemuseum.
Arne Eikenes, Gloppen

PERMANENT IDENTIFIKATOR