Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minneplate over falne i Fylkesbaatane 1940-1945



Fem tilsette i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane miste livet i krigshandlingar i åra 1940-1945. I 1961 vart dei heidra med ei minneplate i Fylkesbaatane sitt administrasjonsbygg i Bergen. No er minneplata plassert i Florø.

Patenebryggja og Nykirkekaiane etter eksplosjonsulukka på hamna i Bergen 20. april 1944. Den nederlandske lastebåten "Voorbode" kom inn på hamna lasta med "stykkgods" vart det sagt. "Stykkgodset" var i røynda 120 tonn dynamitt på veg til Kirkenes. Kl. 08.40 eksploderte lasta med eit brak som høyrdest over heile byen. Nils Aadland og Albert Hjertholm døydde. Kontorfunskjonær Elisa Moss vart blind då ho vart truffen av glassplintar. I alt miste rundt 150 menneske livet i eksplosjonskatastrofen 20. april 1944. Dei materielle skadene var enorme.

Patenebryggja og Nykirkekaiane etter eksplosjonsulukka på hamna i Bergen 20. april 1944. Den nederlandske lastebåten "Voorbode" kom inn på hamna lasta med "stykkgods" vart det sagt. "Stykkgodset" var i røynda 120 tonn dynamitt på veg til Kirkenes. Kl. 08.40 eksploderte lasta med eit brak som høyrdest over heile byen. Nils Aadland og Albert Hjertholm døydde. Kontorfunskjonær Elisa Moss vart blind då ho vart truffen av glassplintar. I alt miste rundt 150 menneske livet i eksplosjonskatastrofen 20. april 1944. Dei materielle skadene var enorme.

Eigar: I boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år

Datering: 1944.

Fotograf: Ukjend.

Minneplata

I 1986 flytte adminstrasjonen til Fylkesaatane (FSF) frå Bergen til Florø. Minneplata flytte med. Ho er no plassert ute, rett ved sida av inngangspartiet i første etasje i Fjord 1 Fylkesbaatane sin administrasjon i Strandavegen. Minneplata er ca 80 x 100 cm og støypt i bronse. Ho er laga av målaren og bilethoggaren Inggard Rosseland. På heidersminnet står denne innskrifta:

TIL MINNE OM DEI
SOM I F.S.F. si TENESTE
SETTE LIVET TIL UNDER
KRIGEN 1940-1945

KAPTEIN THV. JOHANNESSEN
MATROS KRISTOFFER VANGEN
KAIARB. ALBERT HJERTHOLM
MATROS ALF H. LARSEN
SNEKKER NILS ÅDLAND

Avdukinga

Minneplata vart avduka måndag, 24. juli 1961. Styret (direksjonen) og fylkesmann Nikolai Schei var tilstades saman med tenestemenn i selskapet og nære slektningar til dei omkomne. Administrerande direktør Otto M. Røsberg helsa velkomen og mintest dei fem omkomne. Røsberg stod føre avdukinga.

Minneord i fylkestinget

På møte fylkestinget 5. september 1945 sa adm. direktør i FSF, Anton Steen, mellom anna dette:

"Fylkesbåtane har dessverre hatt store tap under krigen. Særlig hadde vi i 1944-45 stor materiell skade og annen skade. Jeg tenker da særlig på alle dem som i Fylkesbåtanes interesse [i arbeid for Fylkesbaatane] mistet livet under krigen. Ved eksplosjonsulykken den 20. april 1944 ble arbeider Albert Hjertholm og tømmermann Nils Aadland drept. Ved flyangrepet på "Framnæs" ble matros Kristoffer Vangen drept og ved "Kommandøren"s forlis den 29. mars ble Alf Larsen drept. Ekspeditør Olav Rise på Leikanger ble hastig revet bort og kaptein Johannessen på "Kommandøren" ble drept i 1940.

Vi vil ikke unnlate å minnes det arbeide alle disse har gjort i Fylkesbåtanes tjeneste. Det er et følelig tap for oss alle som må savne disse gode arbeidere, men det er selvsagt verst for dem som sitter igjen med tapet over sine kjære. Vi vil minnes dem og lyse fred over deres minne."

Personomtalar i bokverket Våre falne

Merknad: Då Fylkesbaatane ordna med minneplate i 1961, kom dei til at berre dei falne som hadde vore tilsette i full stilling skulle vera med. Det er grunnen til at ekspeditør Olav Rise på Leikanger ikkje kom med på minneplata.

Thorvald Kornelius Johannessen, skipsfører, Åsane. Født 16. september 1889 i Bergen, s. av Hans Johannessen, f. 1842, og Kari f. Flekke, f. 1847 i Fjaler. Gift 1915 i Bergen med Valborg Andersen, f. 1889 s. st. 1 barn. Styrmanns- og skipperskole. Var skipsfører på d/s Kommandøren som etter krigsutbruddet i Norge 1940 gikk i troppetransport i Sognefjorden. Da skipet lå ved Leikanger, ble det angrepet av tyske bombefly, han ble såret av en granatsplint og kjørt til Lærdal sykehus hvor han døde 25. april 1940. Gravlagt (..) [i Leikanger].

Kristoffer Vangen, matros, Bergen. Født 28. januar 1912 i Aurland, s. av Thorstein M. Vangen, f. s. st., og Anna f. Vingjum, f. 1874, d. 1938. Gift 1940 i Bergen med Borghild Hodnekvam, f. 1908 i Lindås. 2 barn. Var på d/s Framnes, og omkom 8. november 1944 da skipet ble angrepet av fly, på reise fra Nordfjord til Bergen. Gravlagt i Lindås.

Albert Johan Hjertholm, havnearbeider, Bergen. Født 5. januar 1887 i Lavik, s. av Birger Hansson, f. 1845, d. 1928 i Lavik, og Marta Rasmusdatter, f. 1849, d. 1935 s. st. Gift i 1912 i Bergen med Marie Anne Johansen, f. 1882 i Helgøy i Troms. 1 adoptivbarn. Ble såret under eksplosjonsulykken i Bergen 20. april 1944, og døde dagen etter på Haukeland sykehus. Gravlagt på Møllendal, Bergen.

Alf H. Larsen, matros, Bergen. Født 10. oktober 1899 i Aurland, s. av Hermund Larsen, f. 1876 i Vik i Sogn, og Marie f. Andersen Prestegård, f. 1876 i Aurland. Gift 1930 i Bergen med Anna Apnenes, f. 1892 i Sunnfjord. Var matros på d/s Kommandøren, og omkom 29. mars 1945 da skipet ble senket på Bergen havn av en tysk torpedo. Gravlagt i Bergen.

Nils Aadland, skipstømmermann, Bergen. Født 5. mars 1874 i Samnanger, s. av Thomas Thomassen Aadland, f. 1831, d. 1924 s. st., og Lisbet Nilsdatter f. Tverli, f. 1833, d. 1920 s. st. Gift 1903 i Bergen med Martha Karoline Olsen, f. 1876 i Åsane. 4 barn. Omkom 20. april 1944 under eksplosjonsulykken i Bergen. Gravlagt i Bergen.

kjelder:

Firda. 28.07.1961.
Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.
Sogn og Fjordane fylkesting. Året 1945. 1945.
Opplysningar frå:
Hallgeir Kleppe, Fjord 1 Fylkesbaatane, Florø.

PERMANENT IDENTIFIKATOR