Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. november 2007

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Guds Ord meisla i stein



JESUS BA OFTE - Dette er bibelorda som Ole Andreas Olson Holsen hogg inn i steinen på stølen Storehojen i Holsen først på 1900-talet. Langs stølsvegane til Norddalen finst det innskrifter i fire steinar. Reidar Eide har laga denne artikkelen om Ole Andreas Holsen etter samtale med dotterdottera Klara Viskedal. Klara døydde hausten 2007.

Arne O. Holsen (t.v.) og Reidar Holsen er oldebarn til Ole Andreas Olson. Her ved steinen på Storehåjen som er ein markert haug, til venstre for stølsvegen omlag 10 minutters gange frå stølen. JESUS BA OFTE står det på denne steinen.

Arne O. Holsen (t.v.) og Reidar Holsen er oldebarn til Ole Andreas Olson. Her ved steinen på Storehåjen som er ein markert haug, til venstre for stølsvegen omlag 10 minutters gange frå stølen. JESUS BA OFTE står det på denne steinen.

Eigar: Reidar Eide

Datering: 2007.

Fotograf: Reidar Eide.

Ole Andreas Olsen

Det var gardbrukar på Øvstebakken i Holsen, Ole Andreas Holsen (1855-1932) som hogg inn bibelorda. Han er oldefar til noverande brukar Arne O. Holsen. Ole var smed ved sida av å driva garden og arbeidde som smed mellom anna då telefonlina over Rørvikfjellet vart bygd. Han var gift med Synneve Anna Larsdotter (1858-1947) frå Holsen og dei hadde borna Andreas, Nikoline, Lovisa Gjertrud, Olai Tomas og Johannes.

Minne om ein god bestefar

Ole Andreas Holsen var bestefar til Klara Viskedal som dei siste åra budde på pensjonistheimen i Førde til ho døydde hausten 2007. Ho vart omlag 86 år gammal, men hadde eit svært godt minne og fortalde med vørnad og kjærleik om ein god bestefar som ho hugsa godt.

Snill og arbeidssam

- Ja, eg hugsar han so vel. Han var så god ein bestefar som eg har berre gode minne om. Rett nok kunne han vere litt skarp i tonen av og til, men han var rettferdig og snill! Dersom han hadde vore skarp mot nokon, gjekk han gjerne for seg sjølv. Då snakka han med Gud og angra seg.

Bestefar var ein heimekjær mann som stelte vel med både hus og dyr. Han var ein "pånøyteleg" arbeidsmann og ville at arbeidet skulle gå fort unna. Søndagane var sjølvsagt kviledag. Då gjekk han til kyrkje.

Tre fingrar i veret

- Når det ikkje var preike, kunne vi sjå han med Boka [ein bibel] under armen på veg opp til ei høyløe. Der sat han aleine nesten heile dagen og hadde si eiga gudsteneste. Bestemor var aldri med, sjølv om dei hadde eit godt forhold seg imellom.

Eg trur bestefar hadde berre Bibelen som han las i. Han levde nær, både til Gud, til sine næraste og til naturen. Når han kvilte, ville han ikkje bli uroa. Då heldt han opp tre fingrar. "Eg pratar med dei tre store", sa han. "Gud Fader er longestongja, sleikjepotten er Jesus og tommelen er den Heilage Ande."

Nær naturen

Bestefar levde nært til naturen. Ein gong hugsar eg at han drog ei "slobuske", - ei buske som dei drog høyet unnabakke med. Han kom bort i ei maurtue, slik at denne vart skada. Då tok han maurane i nevane og la dei oppatt i tua. Restar av tua la han i vadmelsskjorta og la alt varsamt på plass att. "So stygge so eg skulle vere med dokke so e so gjerige" (arbeidssame), sa han. Når han gjekk i naturen, sa dei at han alltid passa på å ikkje trakke på maurane.

Englestien

Ein annan gong skulle eg vere med han opp til ei kvie som vi hadde oppe i støylslia. Klokka halv fem vekte han meg. Eg bykste opp or senga og for saman med han. Eg hugsar mor mi sprang etter meg med mat. Vel oppkomne, ville han ut på ein holme i elva for å slå. Eg var lita jente og hadde fått beskjed om å legge meg til å sove i høyløa. Det gjorde eg.

Då såg eg noko som var så veldig fint. Ein solstråle skein gjennom navarshola, - glisa i veggen. Då bestefar kom innatt, spurde eg kva "detta" var for noko. "Det er ein englesti," sa han. "Engelen ville inn for å sjå at du låg i ro slik som du lovde." Det er eit godt minne for meg.

Graset på holmen kunne han ikkje legge i lag med det andre høyet. "På holmen har det ikkje gått dyr. Høyet er reint og fint. Vi skal ha det å gje viss vi får sjuke dyr." Så la han høyet i ein sekk for seg sjølv innmed bordtaket.

Ville oss vel

Ein gong heldt han på å byggje ein gardflor. Eg var den som gjekk med mat til han. Av ein eller annan grunn trudde eg han hadde hogge seg i foten, så eg sette meg til å grine. Då kom han og trøysta meg. "No skal vi setje oss og ete", sa han. "Ja, men mamma sa at eg ikkje måtte ete opp føre deg." "Nei, du ete ikkje opp," sa han, og så åt vi i lag. Eit vakkert minne for meg, det også. Det fortel om ein bestefar som ville oss vel. Han hadde arbeidshender, men når han strauk meg på kinnet, kjendest dei så mjuke.

Han likte at eg song for han

Ein gong hadde eg lært Kråkevisa, men denne ville han ikkje høyre. Helst var det Himmelske Fader, men aldri meir enn to vers. "Verset med Ramnungar ropar, høyrer ikkje med," sa han.

Sans for å glede andre

Bestefar likte seg godt på Nordalstølen. Ein gong fekk han rømmeask av ho Thea, syster mi. Han åt berre ein "bette liten tromme" av asken, - ville ikkje ete så mykje. Han var ein nøysam og forsiktig mann, men også ein som hadde sans for å glede andre.

Kvar vinter køyrde han sleden, fullasta med tønneband som han hadde laga, ned til ein som heitte Anton på Steinen, dampskipsstoppestaden i Førde. Her fekk han vel nokre kroner til betaling. Då kjøpte han alltid noko godt med tilbake, gjerne kandissukker. Ho mor fekk alltid nye tresko når han hadde vore til Førde med tønneband.

Vi hadde elles ikkje noko naud, ikkje svalt vi og ikkje fraus vi, sjølv om eg hugsar at ho mor gøymde treskoa våre for oss kvar sommar slik at vi ikkje skulle slite dei ut.

Inskripsjonane langs råkja (vegen) til Nordalen

Ole Andreas Holsen var ingen talar, men han fann sin eigen måte å formidle gudsordet på. Fire stader langs stølsråkjene til Nordalstølen har han hogge skriftstader inn i høvelege steinar. Desse ligg i Annestølsbakkane, på Klypa, Storehåjen og på Stølskvia.

BED OG ARBEID står det med tydelege bokstavar på den store steinen ved stølshusa i Nordalen.
JESUS BA OFTE er inskripsjonen på Storehåjen.
BEDER UDEN AFLADELSE står det på Klypa, og
VÆRER GLADE I HERREN på den nederste steinen i Annestølsbakkane

Til påminning

-Eg trur ikkje han fortalde til nokon kvifor han meisla desse skriftorda inn i steinane, fortalde Klara. - Han ville ikkje ha noko snakk om det, slett ikkje at hans namn vart nemnt i samband med at dei omtalte steinane. Skriftorda skulle nok stå der til påminning for dei som gjekk til støls.

Innpakka i indremisjonsblad

Thea, mi eldre syster, fortalde til meg at ho og bror Nikolai var med på Storehåjen ein gong han arbeidde med dette. Nikolai kunne vel ikkje vere meir enn 5-6 år, for han ville ikkje vere der så lenge. Han ville heim att. Dette var såleis før mi tid. Mor mi fortalde at det var helst laurdagane han drog i veg med jarna som han hadde smidd sjølv. - Og det tok tid, sa ho. Eg hugsar at han hadde jarna liggande i ei kvit kiste. Når han skulle ut å bruke dei, bar han dei, innpakka i indremisjonsbladet For fattig og rik.

Eit kjært minne

Klara Viskedal fortalde med innleving om ein bestefar som utførte sitt daglege arbeid med flid og omtanke, men som også hadde omsut for alt levande. Ho tok mellom anna vare på eit silkeforkle som besta hennar fekk av han då dei forlova seg. Forkleet var for henne eit eksempel på omtanke og eit kjært minne om ein mann som på ein spesiell måte vil bli hugsa i Holsenbygda.

kjelder:

Klara Viskeland (-2007), Førde.
Reidar Holsen, Førde.
Arne O. Holsen, Førde