Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minneplate om misjonær Hans Schreuder på Kjørnes



Misjonær Hans Schreuder - Zulufolkets apostel - vart fødd i Sogndal. I 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein over han. Samstundes sette dei opp ei minneplate på huset han vart fødd.

Minneplata vart sett opp til Schreuder-jubileet i 1992. Plata vart avduka av ordførar Trygve Bjørk under ei enkel høgtid søndag 6. september 1992.  På plata står det same som på minnesteinen ved kyrkja:<br />
"Hans Paludan Smith Schreuder (så ei stjerne = fødd) KJØRNES, SOGNDAL 18.6.1817  (så ein kross = død) 27.1.1882 Sør Afrika.  Den første misjonær i Det Norske Misjonsselskap -  "Guds Vilje - Verdens Frelse" -  J.f. 1.Tim. 2,4.  Reist 1992." 
(I 1. Tim. 2,4 står: "han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna")

Minneplata vart sett opp til Schreuder-jubileet i 1992. Plata vart avduka av ordførar Trygve Bjørk under ei enkel høgtid søndag 6. september 1992. På plata står det same som på minnesteinen ved kyrkja:
"Hans Paludan Smith Schreuder (så ei stjerne = fødd) KJØRNES, SOGNDAL 18.6.1817 (så ein kross = død) 27.1.1882 Sør Afrika. Den første misjonær i Det Norske Misjonsselskap - "Guds Vilje - Verdens Frelse" - J.f. 1.Tim. 2,4. Reist 1992." (I 1. Tim. 2,4 står: "han som vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna")

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1992.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Både minnestein og minneplate

Sommaren 1917 heldt misjonsfolket gudsteneste i Sogndal og minnesamvær på Kjørnes, ca 3 km frå Sogndal sentrum, for å markera at det var 100 år sidan misjonær Schreuder vart fødd. Alt den gongen snakka dei om å reisa minnesmerke, og somme ynskte det kunne koma ein Schreuder-minnestein på fødestaden Kjørnes. Og minnesmerke vart det, om ikkje nett slik dei tenkte seg i 1917. I 1927 reiste misjonsvenene ein minnestein på grava til mor hans, Anna Cathrine Smidt Schreuder på kyrkjegarden i Sogndal, og i 1992 reiste dei minnestein over Schreuder sjølv ved kyrkja på Stedje. Kjørnes låg for avsides til, meinte minnesmerke-nemnda, men dei gjekk med på å setja opp ei minneplate på huset på Kjørnes.

1832 - eit merkeår

Året 1832 er eit merkeår i livet til 15-åringen Hans Schreuder. Den 24. juni døydde mora etter fleire års sjukelegje. Dagen etter vart han konfirmert i av presten Abel, og kort tid etter flytte familien til Mandal. Schreuder vitja barndomsheimen to gonger seinare; sommaren 1842 nett før han reiste til Afrika, og 1866 då han var i Noreg og vart vigsla til misjonsbiskop.

Barndomsminne

Karoline Kjørnes, fødd 1910, budde lenge i gamle-huset på Kjørnes. Ho har høyrt fortalt at då Schreuder var på besøk i 1866, hadde han stogga ved kjøkenglaset og sett ut på ein bergknaus like utanfor og sagt: "Ja, her skreidde jeg på buksebaken mang en gang".

Bygde sagbruk i ein bekk

Det er skrive mykje om misjonær Schreuder og arbeidet hans. I 1970 kom det ut eit lite hefte av Liv Bergsholm til bruk i skulen. I kapitlet om barneåra i Sogndal, fortel ho mellom anna om at Hans ein gong bygde eit sagbruk i ein bekk like ved heimen.

"Hans var godt likt i kameratflokken. Han var full av ideer og fant alltid på noe. Han likte å arbeide med hendene. Flink og nøyaktig var han også. De andre guttene var levende interessert i det han eksperimenterte med.(....) Da han var 13 år, laget han et helt sagbruk i miniatyr. Og virket gjorde det også."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergsholm, Liv: Hans P. S. Schreuder. Mannen som ingen kunne stanse. Stavanger 1970.
Sogn Dagblad. Høyanger 04.07.1992.
Heimbygda vår. II. Sogndal 1923.
Sogn og Fjordane. Leikanger 07.09.1992.
Norsk Biografisk Leksikon. Bd XII. Oslo 1954.
Opplysningar frå:
Karoline Kjørnes, f. 1910, Sogndal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR