Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 24. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Styrmann frå Florø - på minnetavle i Bergen



I første verdskrigen 1914 - 1918 miste over 2000 norske sjømenn livet i krigsforlis. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) mista 35 sjøfolk på seks skip. 2. styrmann Carl B. Lyngnæs frå Florø var ein av dei. I andre verdskrigen omkom 136 menneske tilsette i BDS som fylgje av krigshandlingar. Nokre år etter krigen sette reiarlaget opp minnetavler.

DS «Pollux», Det Bergenske Dampskibsselskab, bygd ved Fevig Jernskibsbyggeri, levert 1907. Krigsforliste 19. mars 1917 på veg frå Newcastle, England til Bergen. Åtte av mannskapet og sju av passasjerane omkom, mellom dei, 2. styrmann, Lars B. Lyngnæs, busett i Florø.

DS «Pollux», Det Bergenske Dampskibsselskab, bygd ved Fevig Jernskibsbyggeri, levert 1907. Krigsforliste 19. mars 1917 på veg frå Newcastle, England til Bergen. Åtte av mannskapet og sju av passasjerane omkom, mellom dei, 2. styrmann, Lars B. Lyngnæs, busett i Florø.

Eigar: Bergens Sjøfartsmuseum

Datering: 1907-1914

Fotograf: Ukjent

Minnetavler i BDS-bygget på Bradbenken

Det heng fem minnetavler i trappeoppgangen mellom 4. og 5. etasje i BDS sin tidlegare bygning på Bradbenken. Adressa er Bradbenken 1, og J. Ludwig Mowinckels rederi eig huset.

IN MEMORIAM (til minne) står med store bokstavar på veggen over tavlene. Den første tavla omfattar omkomne i første verdskrigen, dei fire andre tavlene dei som omkom i andre verdskrigen.

Namna står oppførde under kvart einskilt skip og under ei krigshending (eksplosjonsulukka på hamn i Bergen 1944). Skipa og eksplosjonsulukka står oppførde i kronologisk rekkefylgje.

Minnetavler i BDS-bygget

Fødd i Gulen

Ein av dei omkomne i første verdskrigen var 2. styrmann Carl B. Lyngnæs frå Florø. Han omkom då D/S "Pollux" vart torpedert av ein tysk ubåt i Nordsjøen, 18. mars 1917.

Carl Lyngnæs er same mannen som i bygdeboka for Gulen står nemnt som Lars Lyngnes, fødd i Gulen, 19.11.1887. Han var son til Berge Larsson Bjordal, fødd 1846, og Marta Eiriksdotter, fødd 1853 i Kyrkjebø. Dei budde på småbruket Lyngnes under garden Rise. I bygdeboka står at Lars Lyngnes "døydde 19.(sic.) mars 1917 som styrmann på "Polluks" (sic.) som vart torpedert av tyskarane."

Fire andre frå Sogn og Fjordane

Gunnar Knudsen i Vestfold har laga ei liste over omkomne på norske skip i krigsforlis under første verdskrigen. På denne lista har me funne fire andre frå Sogn og Fjordane:

E.O. Andreassen, fødd 24.12. 1892, Hyllestad, maskinist, M/S "Goodwin", kom bort 1915.

Alfred Kristoffersen Aartebrøt (sic), fødd 01.05.1891, Kinn, 2. styrmann, D/S "Mauranger", kom bort 1916.

Thrond A. Tellefsen, fødd 18.11.1880, Sogn og Fjordane, skipsførar, D/S "Graziella", kom bort 1916.

Samson Mathias A. Sandvik, fødd 05.02.1883, Kinn, båtsmann, D/S "Suldal", kom bort 1915.

D/S Pollux

D/S "Pollux" - den andre "Pollux" i BDS - var eit lasteskip på 1196 brutto registertonn med plass for passasjerar. Skipet vart levert frå Fevigs Jernskibsbyggeri, Fevik, i 1907 og blei sett inn i Nordsjø-fart. "Pollux" var på veg frå Newcastle til Noreg då båten vart torpedert av ein uidentifisert ubåt om morgonen, den 18. mars 1917. Båten gjekk ned i løpet av 10 minutt.

Forliset

Hundreårs-skriftet til BDS som kom ut i 1951, omtalar torpederinga av D/S "Pollux". Her er heile omtalen attgjeven, omskriven til nynorsk:

Den 17. mars 1917 gjekk D/S "Pollux" frå Newcastle lasta med sulfat og stykkgods for Bergen. Mannskapet utgjorde 20 mann, og kl. 7 om kvelden kom 20 passasjerar om bord. E.A. Sivertsen var kaptein og Jakob Vallestad førstestyrmann. Neste morgon blei kursen sett mot øya Farne. Seinare endra kapteinen kursen noko. Der var frisk kuling av vest med svær sjø og haglbyer. Kl. 6.30 om morgonen kom det brått ein voldsam eksplosjon i akterrommet. Akterluka sprang i lufta og to båtar blei smadra.

Kapteinen let straks maskina stoppa og gav ordre om å ta på livbelte, til å ta seg fram til dei tre gjenverande livbåtane og til å få desse sett ut. Men sjøen gjekk høg, og det var yttarst vanskeleg å få båtane på havet. Kapteinen og styrmannen blei tilbake på skipet for å hjelpa til med låringa frå dekket. Då dei såg at ikkje alle som var ombord var komne i båtane, prøvde dei å finne dei, men utan hell. Dei hoppa til sist overbord i siste augeblink. Til alt hell lukkast det å få dei berga opp i kvar sin båt, styrmannen etter 20 minutt, kapteinen etter tre kvarter. No dukka med eitt ein ubåt fram or mørkret og kom sakte bortover mot båtane.

Ein offiser ropte til styrmannen på gebrokkent engelsk. Styrmannen bad om at båtane måtte bli slept mot land. Offiseren avslo dette. Nordmennene heldt då opp ein liten gut på tre år framfor offiseren og gjentok bøna om å bli slept mot land. På ny blei dette avslege. Båtane måtte så freista å nå kysten ved roing.

Kapteinen sin båt, som hadde den vesle guten om bord, trefte til all lukke ein damptrålar som tok folka inn til Aberdeen. Førstestyrmannen sin båt kom inn til Peterhead om føremiddagen den 20. mars. Her var alle ennå i live, men det stod ille til med fleire. Verre gjekk det med den tredje båten. Fem passasjerar og fem av mannskapet var om bord i den. Under roturen inn mot land døydde tre av passasjerane og tre av mannskapet av frost og utmatting. Då båten 22. mars - etter fire døgn på sjøen - søkte land ved Dustandborough Castle sør for Berwick, kantra den og slo ein av mannskapet i hel. To messejenter, fem passasjerar og to av mannskapet var gått ned med skipet. Alt i alt omkom såleis åtte passasjerar og åtte av mannskapet.

kjelder:

Sjøforklaringer over norske skibs krigsforlis. Bind V. 1918.
Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi.(..) 1951.
Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Gards og Ættesoga. Bind 1, side 152. 1996.
Opplysningar frå:
Henry Neverdal, Leikanger.
Magnor Midtun, Gulen.
Bergens Sjøfartsmuseum.
Gunnar Knudsen: Liste over Omkomne ved norske skibs krigsforlis ved første verdenskrig. 06.10.2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR