Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2001

Sist oppdatert 07. august 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Flaummerke i Jostedal



Like ovanom tunnelen ved Fossøygjelet står retningsskilt til Fossøy og attraksjons-skiltet Flaummerke. Vegen opp dalen gjekk tidlegare tett forbi husa i Fossøy-grenda, men vart omlagd og samstundes bygd som elveførebygging etter storflaumen i 1979.

Retningsskilt til Fossøy og til attraksjonen (kringlesymbol: attraksjon) flaummerke like etter tunnelen ved Fossøygjelet.

Retningsskilt til Fossøy og til attraksjonen (kringlesymbol: attraksjon) flaummerke like etter tunnelen ved Fossøygjelet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Markering i bergveggen

To flaummerke er hogde inn i ein bergvegg kring hundre meter frå avkøyrsla ved riksvegen like framom Fossøygjel-tunnellen. Begge er ein vassrett strek med dato og årstal: 15 - 8 - 98 nedst og 15 - 8 - 79 øvst.
Strekane markerer at så høgt stod vatnet under storflaumane i 1898 og 1979. Heile Fossøy-området må ved begge høve har vore ein einsaste stor innsjø med vatnet ståande høgt oppå husveggene.

Dobla vassføring på 16 timar

Ved sida av flaummerket står ei informasjonsplate festa i bergveggen. Her står:

''Eit uvanleg kraftig regnvær saman med smelting frå breane var årsaken til flaumen 15. august 1979. Sideelvane voks, tok nye vegar og førte store mengder stein og grus ned i dalen. Langs både sideelvane og hovudelva braut vatnet seg ut av elvefaret. Store område vart overfløymde. Bustader, bruer, veger, og dyrka mark vart øydelagde. Vassføringa vart dobla på 16 timar. Den 15. august i 1898 var ein liknande flaum.''

Eit merkeleg samantreff, at begge flaumane var på same dato, 15. august! Begge vert omtala som hundreårsflaumar.

Jordbruksprotokoll berga ved slumpetreff

Under flaumen i 1979 vart ein over hundre år gammal jordbruksprotokoll berga ved at han berre nokre få dagar før flaumen vart flytta frå fyrste til andre høgda i huset. Etter flaumen var alt i fyrste høgda ei einaste gjørme, medan alt i andre høgda var uskadd. Denne vesle hyggjelege arkivhistoria knyter seg til eit bustadhus i grenda Myklemyr.

''Flaummerke'' i møteprotokoll

Ein annan protokoll fortel flaumhistorie på ein annan måte. Den 1. oktober 1898 hadde kommunestyret i Jostedal føre to flaumsaker. Den eine handlar om skader på vegane, den andre om privat hjelp.

Sak 1: Her er vist til ei innstilling frå lensmann Tvedt til amtsingeniøren om skader på den offentlege bygdevegen. Det går særskilt fram at murar i Haukåsgjelet har ramla ned.

Sak 4: Kommunestyret valde ein komite til å forvalta innsamla gåver og dela ut til skadelidne: 1) sokneprest Th. J. Børresen, 2) lensmann Tvedt, 3) Ole J. Skjæret, 4) John O. Fosøen, og 5) Nils H. Bruheim.

Elles er det fleire saker frå 1899 og utover om elveførebygging som no kom i gang fleire stader.

1898-flaumen i lokalavis

Avisa ''Sogningen'', som kom ut i Vik, hadde fylgjande notis 26. august 1898:
''Voldsom stor var Jostedalselven Søndag og Mandag den 13de og 14de ds. Gamle folk mindes ikke at have seet den saa stor. Den foraarsagedes som Følge deraf stor Skade for Folk som boede ved Elven Saaledes ødelagde den paa flere Steder fuldstændig saavel Ager som Eng. Ligeledes rev den med sig i sin voldsomme Fart 4 Broer, deriblant 2 store ganske nye.

Aarsagen til denne store Oversvømmelse var, at der i Fjeldene laa igjen en Mengde Sne, og da det derfor Lørdag blæste en varm Søndenvind og Søndag begyndt at øsregne, voxte Elven ganske voldsomt.
Værst stillet blir de Folk, som har mistet sine Broer, thi disse er nu næsten spærret for al Færdsel.''

kjelder:

Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. 1989.
Kommunearkivet i Luster:
Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1876-1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR