Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minneplakett om redningsdåd - lettmatros Bjarne Ylvisaker



Under svært dramatiske tilhøve greidde m/s "Venus" av Bergen i januar 1937 å berga mannskapet på d/s "Trym". Begge skipa var på veg over Nordsjøen til England. Registerselskapet Lloyds tildelte etterpå "Venus" ein minneplakett for innsatsen. Dessutan heidra selskapet kapteinen og åtte av mannskapet særskilt med personlege medaljar. Den 23 år gamle lettmatrosen Bjarne Ylvisaker frå Fardal i Sogndal var ein av dei.

"Venus" og "Trym" i Nordsjøen 19.[sic.] januar 1937. Oljemaleri av Frank H. Mason. Gåve til Bergens Sjøfartsmuseum frå Det Bergenske Dampskibsselskab. Originalen til dette biletet er eit julekort frå Bergens Sjøfratsmuseum.

"Venus" og "Trym" i Nordsjøen 19.[sic.] januar 1937. Oljemaleri av Frank H. Mason. Gåve til Bergens Sjøfartsmuseum frå Det Bergenske Dampskibsselskab. Originalen til dette biletet er eit julekort frå Bergens Sjøfratsmuseum.

Eigar: Bergens Sjøfartsmuseum

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Hendinga

Seint om kvelden måndag 18. januar 1937 sende d/s "Trym" av Trondheim ut naudsignal frå ein posisjon 50-60 sjømil vest av Utsira. Skipet var på veg frå Kirkenes til Middlesbourgh lasta med kis. Englandsbåten m/s "Venus" gjekk om kvelden same dagen ut frå Bergen i rute til Newcastle. Då "Venus" vart kjent med situasjonen, la skipet om kursen og nådde fram til havaristen i to-tida natt til tysdag. Skipet la seg stand by ved "Trym" og venta på dagslys og betre ver. Det var storm med orkan i kasta og tjukke snøkavar.

Utover dagen, tysdag 19. januar vart veret berre verre og om kvelden kom skipa frå kvarandre: Det tok fleire timar før "Venus" var attende ved havaristen. Dei prøvde no å setja ein livbåt på havet, men båten vart smadra mot skipssida.

I firetida om morgonen onsdag 20. januar vart det gjort eit nytt bergingsforsøk med livbåt. Åtte mann melde seg til frivilleg til nannskap. Desse skulle prøva å manøvrera seg fram til "Trym". Ein mann frå "Trym" hoppa i havet og greidde å nå livbåten med ei line. På denne måten greidde mennene å berga fem av mannskapet.

No stod det om livet. "Trym" heldt på å gå under. Det var i denne situasjonen kaptein Vilhelm Dreyer på "Venus" valde å gå rett mot havaristen, få skyta ei redningsline over for å få ei trosse mellom skipa og halda så kort avstand mellom skipa at det kunne la seg gjera å dra ein etter ein over i redningsstol. Den minste feilmanøvrering kunne få katastrofale følgjer. Kaptein Dreyer og mannskapet hans lukkast. I løpet av to timar vart dei resterande 14 berga.

Stor mottaking i Newcastle Etter bergingsaksjonen heldt "Venus" fram i ruta til Newcastle og kom fram ved middagstider dagen etter, torsdag 21. januar. Skipet fekk stor mottaking. Hendinga i Nordsjøen hadde vore førstesidestoff i verdspressa. Båtar på hamna og fabrikkane helsa med sirener og tusenvis av menneske var møtt fram. Norsk og engelsk radio intervjua både bergingsmennene og dei som var berga. Kaptein Dreyer uttalte at det var det verste veret han hadde opplevd i Nordsjøen.

Over 20 000 frammøtte i Bergen

Det var ikkje mindre mottaking då "Venus" kom attende til Bergen, måndag 25. januar om ettermiddagen. Firda Folkeblad, Florø, melde om 25 000 menneske tilstades. Ordførar, rektor Stensaker heldt velkomsttale og takketale. Kapteinane på "Venus" og "Trym" heldt også tale, og det var stor jubel då det vart meldt at kaptein Dreyer var utnemnd til kommandør av St. Olav Orden.

Om kvelden var det takkegudsteneste i Domkyrkja. Kyrkja var fullsett og mannskapet på "Venus" og "Trym" sat på på dei fremste benkeradene.

Minneplaketten

Kaptein Dreyer og mannskapet hans fekk rosande omtale og mottok fleire heidersteikn for bergingsdåden. Registerselskapet Lloyds av London tildelte skipet ein plakett i støypt bronse. Plaketten vart etter alt å døma teken på land og oppbevart hjå reiarlaget då tyskarane beslagla "Venus" i 1940. I 1944 vart heidersteiknet skadd under den store ekplosjonsulukka på hamna i Bergen 22. april. Eit stykke på høgre sida kom bort og overflata fekk skade nokre stader. Av eit bilete i Bergenske Dampskibsselskab (BDS) si firmasoge som kom ut i 1951, kan me lesa fylgjande av innskrifta:

The committe of Lloyds
record on this tablet
the services rendered
by the captain officers and crew
of the motor vessel
"Venus"
(Captain Vilhelm Dreyer)
on the occasion of the rescue
in heavy weather ..
of the crew of the Norwegian steamer ..
which was abandoned in ..
lat. 55.51 N Long. 1 50 E
on the 20. January 1937
Lloyds medals for saving lives at ..
were awarded by the comitte ..
to captain Dreyer and to those w..
manned the boat from the "Venus"

Omsett til norsk
Komiteen i Lloyds
nedteiknar på denne plaketten
dei utførte tenestene
av kaptein, offiserar og mannskap
på motorskipet
"Venus"
(kaptein Vilhelm Dreyer)
i høve redningsaksjonen
i stormfullt vêr ..
av mannskapet på det norske dampskipet ..["Trym"]
som vart forlatt i ..
nordleg breiddegrad 55°51'. - austleg lengdegrad 1°50'
den 20. januar 1937
Lloydsmedaljer for å ha berga liv ved ..
vart tildelt av komitéen ..
kaptein Dreyer og til dei .. [som]
bemanna båten frå "Venus"

Lettmatros Ylvisaker ein av mannskapet i livbåten

Lloyds tildelte livredningsmedalje til dei som "manned the boat" frå "Venus". Lettmatros Bjarne Ylvisaker var ein av mannskapet i livbåten. Han var fødd i Norum sokn, Sogndal, 3. april 1912, og var son til til gardbrukar Lars Ylvisaker og Kari Ylvisaker. Bjarne vart gift med Ingrid Berge, fødd 3. juli 1916. Dei busette seg i Bergen og fekk to born, Evy fødd 9. juni 1935 og Øistein fødd 2. juni 1938. Bjarne Ylvisaker reiste til sjøs i ung alder og segla som lettmatros på "Venus".

I 1941 gjekk Bjarne i land og flytta med familien til Sogndal. Han fekk seg arbeid i Årdal og som vekependlar heldt han fram ved smelteverket i Årdal til 1964 då han måtte slutta av helseomsyn. Han døydde 23. juli 1965.

Dottera Evy Mikkelsen fortel i 2006 at faren helst ikkje ville snakka om forliset og bergingsaksjonen. Ho trur at den dramatiske hendinga sat sterkt i han heile livet.

To redningsmedaljer

Bjarne Ylvisaker var ein av mannskapet som fekk tildelt to redningsmedaljer, den eine i bronse frå Lloyds, den andre i gull frå Kongen.

Det fylgde diplom med redningsmedaljen frå Kongen. På diplomen står:

"Overensstemmende med den Norske Regjerings innstilling, har det under den 5. februar 1937 behaget Hans Majestet Kongen å tildele lettmatros Bjarne Larsen Ylvisaker Medaljen for Edel Dåd i Gull for utvist hederlig forhold ved fra motorskib "Venus" av Bergen å ha delatt i redning i Nordsjøen den 20. januar 1937 av besetning på havarert dampskib "Trym" av Trondheim. (..)"

".. i Gull."

Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Heidersteiknet skulle vera "til Belønning af udvist hæderligt Forhold ved Redning af Menneskeliv eller anden dermed ligeartet Daad." Medaljen er delt i to grader; gull og sølv. Medaljen i gull - som Bjarne Ylvisaker vart tildelt - er heidersteikn for særs framståande redningsdåd der redninga har medført fare for livet til den som utførte redninga.

kjelder:

Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi. Jubileumsskrift til Det Bergenske Dampskibsselskabs 100-års dag. 1951.
Nordanger, Trygve: Full storm!. En saga om menn og skip. 1973.
Firda Folkeblad. 19.01, 22.01, 26.01, 29.01.1937. Sogns Tidend. 22.01, 26.01.12.02.1937. Fjordenes Tidende. 20.01, 22.01. 08.02.1937 Sogns Avis. 19.01, 22.01, 26.01.1937
Informasjon frå:
Bergens Sjøfartsmuseum.
Evy Mikkelsen, Sogndal.