Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2003

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnetavle over falne på Firda vidaregåande skule



Firda Gymnas (frå 1985 Firda vidaregåande skule) opna hausten 1922. Ved 25-årshøgtida i 1947 vart det avduka ei minnetavle over falne som hadde vore elevar ved skulen. Minnetavla er plassert i inngangshallen på den eldste bygningen.

Firda Gymnas på Sandane tok til hausten 1922 etter opptak frå Firda Mållag og Firda Ungdomslag. Skulen vart seinare statleg landsgymnas og supplert med realskule under namnet Firda Gymnas og realskule. Realskulen fall bort då ni-årig grunnskule vart innført i 1960-åra. I 1985 vart namnet endra til Firda vidaregåande skule.

Firda Gymnas på Sandane tok til hausten 1922 etter opptak frå Firda Mållag og Firda Ungdomslag. Skulen vart seinare statleg landsgymnas og supplert med realskule under namnet Firda Gymnas og realskule. Realskulen fall bort då ni-årig grunnskule vart innført i 1960-åra. I 1985 vart namnet endra til Firda vidaregåande skule.

Eigar: Vestland Fylkesarkiv.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend

Ni falne

I alt ni unge menn som hadde vore elevar ved skulen, fall i krigsåra 1940-1945, den fyrste 15. april 1940, den siste etter at krigen var slutt, 2. juli 1945. Fire av dei var fødde i Sogn og Fjordane (Fjaler, Breim, Florø og Førde), og av desse var to busette i fylket då krigen braut ut (Breim og Bremanger). Minst to er gravlagde i Sogn og Fjordane (Breim og Førde).

Avdukingshøgtida

30. august 1947 vart det avduka ei minnetavle på skulen. Avdukinga skjedde i samband med at skulen feira 25-årsjubileum. På plata står øvst: ELEVAR FRÅ FIRDA * GYMNAS OG REALSKULE * FALNE FOR FEDRELANDET * 1940-1945 *, og deretter namna på dei ni, og dødsdato og år.

Lektor Hellesnes heldt tale og nemnde i korte trekk kvar einskild og kva dei hadde gjort for fedrelandet.

Bilete av minnetavla på Firda vidaregåande.

Bilete av programmet for avdukinga av minnetavla.

Biografiar

Nedanfor følgjer biografiane deira i bokverket Våre falne som kom ut i 1948.

GRØNNINGSÆTER, ARNE, tekniker, avdelingsleder, Ringsaker. Født 2. september 1916 i Fjaler, s. av sokneprest Fredrik Grønningsæter, f. 1874 i Norddal, og Katharina f. Ottesen, f. 1881 i Trondenes. Artium og Tekniska Institut. Møtte på Hvalsmoen straks etter tyskernes overfall på Norge. Ble satt på vakt i Haugsbygd. Tatt til fange og skutt 15. april 1940 fordi han manglet uniform. Gravlagt på Ringsaker kirkegård.

KOLSTAD, HANS OLAV, student, Lesja. Født 27. februar 1918 i Lesja, s. av Sigurd P. Kolstad, f. 1870 i Lesja, og Ingeborg f. Avdem, f. 1875 s. st. Den 21. april 1940 skulle han etter ordre reise til Jørstadmoen, men kom ikke lenger enn til Dombås. Like før toget skulle gå, kom tyske fly og bombet stasjonen, og Kolstad ble truffet av en splint og døde. Gravlagt ved Lesja kirke. Omtalt i Årbok for Gudbrandsdalen 1945, side 102.

KALBÆKKEN, PER, landbrukselev, Tynset. Født 15. januar 1912 i Tynset, s. av gårdbruker Simen Olsen Kalbækken, f. 1878 i Tynset, og Mali f. Pedersdatter, f. 1876 s. st. Folkehøgskole, middelskole, forberedelseskurs til Norges Landbruksskole, jordbruksskole, var begynt på Ås Landbrukshøgskole. Var med i krigen 1940. Under bombingen av Dombås 21. april ble han såret av en granat og døde 23. april på Opdal feltlasarett. Gravlagt på Tynset.

OLSEN, ERLING JULIN, flyger, Bremanger. Født 26. desember 1917 i Florø, s. av maskinist Oskar Julin Olsen, f. 1881 i Bergen, og Klara Amanda f. Johansen, f. 1902 i Florø. Artium, flyskole på Kjeller. Flyktet i begynnelsen av 1941 i ein fiskerskøyte til Shetland og gikk inn i flyvåpenet. Ble såret 13. august 1941 under kamp i London, greidde å lande med flyet, men døde noen timer senere på sykehus av sårene.

Portrettbilete av Erling Julin Olsen.

HALDORSEN, WICHMANN MARTINIUS, kontorist, Bremnes. Født 2. desember 1916 i Bremnes, s. av Haldor Haldorsen, f. 1883 i Bremnes, og Anne Serine f. Christiansen, f. 1889 i Torvastad. Artium, handelsskole og handelsgymnas. Læretid ved motorfabrikker. Var med i illegalt arbeid med å hjelpe Englandsfarere. Var en kort tid arrestert av tyskerne. Omkom da m/k Blia forliste på vei til England 13-15. november 1941. Omtalt i "Sunnhordland" 3. juli 1945.

FRØYSTAD, OLAV, kvm. i Flyvåpenet, Breim. Fødd 7. juni 1915 i Breim, s. til Ingebrigt Frøystad, f. 1869, d. 1922, og Kari f. Hetle, f. 1869, d. 1932. Var student og gjekk på Volda lærarskule då han drog til England 1941. Gjekk inn i Flyvåpenet og vart utdana til luftskyttar. Utnemnd til kvartermeister. Miste livet under rekognoseringsflyging ved den skotske kysten våren 1944.

Portrettbilete av Olav Frøystad.

MOI, ERLING AUGUST, kontormann, Kvinesdal. Fødd 30. juni 1918 i Kvinesdal, s. til Emanuel Moi, f. 1884, d. 1935, og Mathilde f. Espeland, f. 1891, båe Kvinesdal. Mellomskule, handelsskule. Var med i krigen frå 9. april 1940 på Voss og i Valdres. Kom med i Mil.org 1941, reiste som kurer mellom Sørlandet og Oslo og hadde sendar frå januar 1942. Vart arrestert 30. mars 1944, send til Kristiansand og Grini. Miste livet 8. september 1944 då han vart transportert med d/s Westphalen til Tyskland, og skipet sokk på vestkysten av Sverike. Gravlagd i Kvinesdal.

ALMTON, ROLF, løytnant. Født 1. oktober 1917 i Bergen, s. av Ole J. Almton, f. på Voss, og Agnes Margrethe f. Jakobsen, f. i Bergen. Artium og utdannelse som flyger ved Marinens flyvåpenavdeling, Horten. Tjenestgjorde før 9. april 1940 som kvartærmester ved flyavdelingen i Kristiansand, og var med i krigen i Kristiansandsavsnittet som flyger, dro senere til Nord-Norge og over til Finland, der han ble internert. Kom senere til Sverige, England og Canada, og var en tid instruktør i flyvåpenet. Kom så til Skottland som kampflyger og falt under et flyangrep 11. mars 1945 utenfor Karmøy.

HAALAND, TORBERG, ingeniør og flyfenrik, Oslo. Født 4. oktober 1915 i Førde, s. av Sivert Haaland, f. 1877 i Kyrkjebø, og Gina f. Relling, f. 1877 i Norddal. Diplomingeniør fra N.T.H. Var ved Norges Statsbaner. Dro til England våren 1941 med en fiskerskøyte og ble utdannet til flyger i Toronto. Var flyinstruktør til 1944, og kom da til England hvor han gjorde aktiv tjeneste i en Mosquitosquadron. Under et flytokt over Sørlandet 2. juli 1945 falt flyet i sjøen og eksploderte. Gravlagt i Førde. Omtalt i Teknisk ukeblad nr. 25, 11. oktober 1945, og i Verdens Gang 9. juli samme år.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Firda Tidend. Fleire nummer juli/august 1947. Sandane.
Opplysningar frå Firda vidaregåande skule, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR